Galleri Vengespenn

Galleri Vengespenn Galleri Vengespenn er ein plass for stillheit og ettertanke. Her kan ein komme for ein god drøs, eller for å sjå på bilete som eg har quilta.

Bildene syr eg på maskin- såkalla Art-Quilt.

Å quilte betyr å sy fleire lag stoff saman; ei framside, eit mellomlag- gjerne av vatt, og så bakstykke. Art-Quilt er ein eigen kunstform der ein nyttar tekstilar til å skape eit uttrykk, konkret eller abstrakt. Ein kan lage flotte uttrykk ved å setje lappar saman på forskjellige måtar til eit kunstnerisk uttrykk, eller ein kan applikere eit motiv. Mul

ighetene er uendelige. Idear til bildene mine får eg gjennom ord, opplevingar, naturen. Eg "ser for meg" eit motiv eg får lyst til å uttrykke eller formidle videre til andre. Dette er og grunnen til at eg har innreda galleri i kjellaren min. Eg opplever at bildene gir meining for fleire enn meg sjøl. Dette rommet mitt ønsker eg derfor skal vere ein stad der folk kan komme- ikkje først og fremst for å kjøpe, men som ein rasteplass for kvile og påfyll.

I går feira me 70-årsdagen til Anne, mi gode og beste venninne gjennom 60 år. Etter nyttår har eg mimra over vår felles ...
31/01/2026

I går feira me 70-årsdagen til Anne, mi gode og beste venninne gjennom 60 år. Etter nyttår har eg mimra over vår felles oppvekst og alt me har delt . Og eg føler slik på takknemlighet. Venner er ei gåve. ♥️ Det var naturlig for meg å uttrykke vennskapet vårt visuelt. Så dette er min blomsterbukett til Anne. Me har ledd i lag, sunge i lag. Delt hemmeligheter, gode og tunge stunder. Mange turar til Kro- Anne si barndomshytte. Utallige turar til fots. Og Anne er veldig glad i å plukke multer, krekling og blåbær. Dette har eg prøvd å sy inn i bilde.
Eg har leika meg med stoff og tråd, maskinsaum og håndsaum, teikning og vannfargar. Veldig kjekt. Så takk til Anne, som aldri er meir enn ein telefonsamtale unna♥️♥️

Nå har eg hatt nokre stille dagar, og endelig kom roen til å jobbe litt med bilder. Først har eg sydd nokre fleire krukk...
08/01/2026

Nå har eg hatt nokre stille dagar, og endelig kom roen til å jobbe litt med bilder. Først har eg sydd nokre fleire krukke-bilder, sidan eg stadig får forespørsel om desse. Her er nokre på blå bakgrunn. Og så har eg starta på fleire med grønn bakgrunn. Når dei er ferdige, er eg klar for noko nytt. 🤗

I overgangen til eit nytt år, er det alltid tid for tilbakeblikk og refleksjon over livet. Her er nokre av mine tankar:L...
01/01/2026

I overgangen til eit nytt år, er det alltid tid for tilbakeblikk og refleksjon over livet. Her er nokre av mine tankar:
Livet er skjørt og dyrebart. Det er viktig å ta vare på kvarandre, skape gode øyeblikk. Eg er så takknemlig for familie og gode venner. Og kvar dag møter eg kjekke og flotte folk som får betydning for meg. -På tur, trening, i butikken… dei finns overalt. Det er relasjonar som gir livet meining. I 2026 vil eg leite etter fleire perler i kvardagen til å glede meg over og vere takknemlig for.
Og så kjem det vel innimellom nokre grå og triste dagar. Då håpar eg at eg kan finne fram desse «perlene», og minne meg sjøl på at det finns skatter som er gøymt i mørkret.

2026 håpar eg òg blir eit år der eg får dyrke kreativiteten. -at eg finn det gode moduset, der eg berre vil skape noko meiningsfullt, leike med fargar og former,- der tid og rom blir uvesentlig, for det er så kjekt å berre halde på.

Det er lov å håpe og drøyme🤩👌🎶

GODT NYTTÅR til alle mine følgerar. 🎉Håpe du går inn i det nye året med håp og framtidstro. Nå kan vi i alle fall gå lys...
01/01/2026

GODT NYTTÅR til alle mine følgerar. 🎉
Håpe du går inn i det nye året med håp og framtidstro. Nå kan vi i alle fall gå lysere dager i møte
Mitt nyttårsønske: at vi tror og erfarer det håp som ligg i verset frå Johannesevangeliet (1,5): Lyset skin i mørket, og mørket har ikkje overvunnet det.

Nå er det verkeleg lenge sidan eg har gitt lyd frå meg. Det har sin forklaring. Det har blitt lite tid til kreativitet, ...
04/12/2025

Nå er det verkeleg lenge sidan eg har gitt lyd frå meg. Det har sin forklaring. Det har blitt lite tid til kreativitet, sidan Erik(sønn) m.fam (kone, ettåring og hund) har budd hos meg i 3,5 mnd mens huset deira har blitt pussa opp. Men fantastisk for farmor å få knytte t***e band til skjønne Vår♥️♥️ For ei gåve🥰
Men ei helg reiste eg på retreat til Utstein Pilgrimsgard. Kunstnaren Karoline Emmerhoff leia oss gjennom temaet: Å saume mi sorg. Karoline driv med keramikk og tekstilkunst, og hennar kunst «smykker»romma på Pilgrimsgarden. Legg ved eit bilde her. Og då forstår de kanskje kvifor eg ville møte henne. 😌 … men å saume mi sorg… Karoline tok utgangspunkt i si sorg over mora. Nå er det ni år sidan mi mor døydde, men likevel blei denne helga for meg ei flott minnestund. Eg hadde med meg stoff og garn frå mor sitt syskrin. Å sitje i stillhet,- med nål og tråd, i lag med andre var ei flott oppleving. Og eg trur mor hadde ledd godt av at eg broderte med fin tråd på ein bit av hennar gamle fløyelsbukse🤩(bilde 3)
Litt kva eg tenkte mens eg sydde: sorg går i spiralar (grøn tråd). Men for meg er det viktig å få fram at Gud er med i alle faser (blå tråd). Det var òg viktig for meg å få med mor si glede over blomar, og hennar lidenskap for å plukke tyttebær ♥️

Tenk- i går feira vi Johan sin 1-årsdag🎉🥰Så fort tida går. Og snart er han barnehagegut. Då er det praktisk med ein «bar...
24/08/2025

Tenk- i går feira vi Johan sin 1-årsdag🎉🥰
Så fort tida går. Og snart er han barnehagegut. Då er det praktisk med ein «barnehagepose» til å ha ekstra klede i f.eks. 👌♥️

Det er lenge sidan eg har delt noko her. Ei lita oppdatering: Denne våren har vore ei ventetid- for operasjon av kne. Ut...
12/07/2025

Det er lenge sidan eg har delt noko her. Ei lita oppdatering: Denne våren har vore ei ventetid- for operasjon av kne. Utsettelse april og mai, men så endeleg,- 17.juni fekk eg nytt kne. Så nå er det opptrening👍🤗 Det går stort sett bra. Men krev STOR tålmodighet.
I «ventetida» blei det litt sying, men helst bestillingar. Eg prioriterte hagen, og prosjekt der- mens eg ennå kunne «fote meg». Bl.a. blei det pergola i forbindelse med hagestova. Såå fornøyd.
Nå er det skikkelig sommar (et par dagar😉) Opptrening og besøk av barn og barnebarn + putle i hagen blir min sommar. Hvis åleinedagar klaffer med regndager blir det sikkert nokre økter i lag med symaskinen.🤗
God sommar👌☀️♥️

Variant 2 😉
05/05/2025

Variant 2 😉

Eg tenke ofte på kor heldig eg er, som har så mange gode venner. Ei god venninne som ringte «i rett tid»- på ein (for me...
05/05/2025

Eg tenke ofte på kor heldig eg er, som har så mange gode venner. Ei god venninne som ringte «i rett tid»- på ein (for meg) tung dag, sa det slik: «Er det ikkje derfor me er her i verda- for å vere der for kvarandre?»
C.S. Lewis har sagt: «Vennskap er like unødvendig som filosofi og kunst… Vennskap er ikke noe vi trenger for å overleve, men er en av de ting som gjør livet verdt å leve»
Eg er såå takknemlig for gode familieforhold og gode venner.
Må eg sjøl vere ein god venn for dei eg omgås♥️
«Vennskap er livets største skatt.»

God påske!🐤Påsken er høgtida som betyr mest for meg!Håpet, lyset, nytt liv- alt som er verd å feire.Som alltid når eg er...
17/04/2025

God påske!🐤
Påsken er høgtida som betyr mest for meg!
Håpet, lyset, nytt liv- alt som er verd å feire.
Som alltid når eg er heime i påsken, så nyttar eg anledningen til å få med meg kveldsgudstenestane skjærtorsdag og langfredag. (Kl.20.00) Og så festgudstjeneste 1.påskedag (kl 11.00)
Anbefales👌😊

Denne teknikken har eg prøvd før, men nå blei eg inspirert av et besøk hos , som er kunstnar, held til på Os, og nyttar ...
17/03/2025

Denne teknikken har eg prøvd før, men nå blei eg inspirert av et besøk hos , som er kunstnar, held til på Os, og nyttar denne teknikken i sine bilde. Eit enkelt stoff m/vliselin på baksida, og så «teiknar» eg ved å nytte svart tråd og stoppefoten på symaskinen. Vidare «kler eg på» bilde med tråd, avklipp av stoff, stoffmaling… Bilde er ikkje ferdig ennå - trur eg! Himlen og trea manglar noko. 🤷‍♀️🤔🙂

07/02/2025

Ein rundtur i galleriet

Adresse

Fjellsveien 29A
Jørpeland
4100

Åpningstider

17:00 - 19:00

Telefon

+4790994693

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Galleri Vengespenn legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Galleri Vengespenn:

Del