30/06/2026
No kjem både den høgaste stolpejaktturen nokosinne i Stolpejakten Alver - lansering onsdag 1. juli kl. 06.00!
Frå første meter går det rett opp – bratt, brattare og brattast opp fjellsida. Over 650 høgdemeter, solide steintrapper og ei utsikt på toppen som er verdt kvar einaste sveittedrope. I tillegg blir du belønna med 4 svarte stolpar på vegen opp!
Dette er ein tur for deg som vil kjenne at du lever! Hvis du vil finne makspulsen din er det berre å gi på litt oppover fjellsia, men vi anbefaler deg å finne eit jevnt tempo som tek deg heilt til toppen!
Ta med vindjakke – det kan blåse godt når du kjem opp og skal nyte utsikta og kjensla av meistring og få deg litt drikke og næring før returen.
Stolpejakten er for alle, men det betyr ikkje at alle stolpene er for alle. Dette er ein tøff og utfordrende tur som krev litt ekstra, men samstundes legg vi ut ein familievennlig/rullestolvennlig tur i same området som går på ein flott grusveg fra start til slutt.
4 av 5 stolpar er lett tilgjengelege, den siste ligg etter ei stigning som kan vere litt meir krevjande.
To turar, same område, to heilt ulike opplevingar! Perfekt for både eventyrlystne fjellgeiter og små føter i trillevogn.
Kor går turane? Det finn du ut i Stolpejakten-appen onsdag 1. juli frå kl. 0600.
God stolpejakt!