18/09/2026
🌧️ Ruskavêr ute – kinovêr inne!
Når haustvêret viser seg frå den våte sida, er det ekstra godt å finne vegen inn i kinosalen. I dag har vi to filmar på plakaten, så her er det noko både for små og store! 🤩
🐺 Kl. 16.30 – Coyote vs. Acme: Per Ulv på saken
Her blir det full fart, ville påfunn og mykje moro når Per Ulv endeleg får si eiga historie på det store lerretet. Filmen har norsk tale og passar perfekt for ein koseleg kinotur med familien.
❤️ Kl. 19.30 – Kjærast – Norgespremiere!
På kvelden viser vi Kjærast. Ein norsk film om kjærleik, nærleik og dei kompliserte sidene ved livet. ✨
Så slepp paraplyen og ta turen inn i kinomørket. Vi sjåast på kino! 🎥