Hjelmeland Teater

Hjelmeland Teater Hjelmeland Teater har som føremål å underhalda og driva teater i Hjelmeland.

Hjelmeland Teater vidarefører teaterarva etter Hjelmeland Teaterlag (1983–1998), Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag (1999–2017) og Hjelmeland Ungdomsteater (2013–2017). Barneteateret og Ungdomsteateret samlast til faste øvingar kvar veke, og viser to–tre framsyningar i løpet av året. Elles set Hjelmeland Teater opp revyar, komediar, musikalar eller andre mindre framsyningar, der dei vaksne skodespelarane våre får visa seg fram.

Me slår opp med Meta!Vil du halda kontakten med oss, bør du bli teatervenn! Då får du òg tilgang til billettar før alle ...
07/03/2026

Me slår opp med Meta!

Vil du halda kontakten med oss, bør du bli teatervenn! Då får du òg tilgang til billettar før alle andre, til ein litt rimelegare pris. Meld deg inn på hjelmeland-teater.no/teatervenn

Kvifor gjer me dette?

Etter mange år i eit forhold som byrja med entusiastiske postar, bilete frå premierefestar og invitasjonar til framsyningar, tar Hjelmeland Teater nå eit val: Me slettar kontoane våre på Facebook og Instagram.

Det er ikkje publikum si skuld. Det er ikkje dei som likar, kommenterer og deler si skuld. Det er Meta, som har ein forretningsmodell som i stadig større grad handlar om å samla data, styra merksemda vår og gjera brukarane til eit produkt.

Facebook og Instagram har hjelpt oss å nå ut med framsyningar, dugnader og små glimt frå livet i teaterlaget, men etter kvart har algoritmane tatt meir plass enn menneska, og informasjonen som me legg ut druknar i søppel. Det som me vil dela, når ikkje lenger fram til dei som vil sjå det.

Når eit forhold blir styrt av algoritmar, reklame og datainnsamling, er det på høg tid å gå kvar til sitt.

Difor vel Hjelmeland Teater å flytta kontakten direkte til publikum.

Vil du halda kontakten med oss, finn du oss på hjelmeland-teater.no. Der legg me ut informasjon om framsyningar og anna som skjer i laget.

Me håpar at du blir med oss vidare, òg utan Meta i kulissane. 🎭

Berre éin månad igjen til «Årdalsrevyen 2026: Gull og grøne skogar». Sikra deg billettar nå, før det er for seint:https:...
08/02/2026

Berre éin månad igjen til «Årdalsrevyen 2026: Gull og grøne skogar». Sikra deg billettar nå, før det er for seint:
https://billet.to/1685963-facebook

Vil DU begynna i Barne- og Ungdomsteateret? Er du i aldersgruppa 2.–10. klasse?Hjelmeland Teater har opptakssamlingar på...
12/01/2026

Vil DU begynna i Barne- og Ungdomsteateret? Er du i aldersgruppa 2.–10. klasse?
Hjelmeland Teater har opptakssamlingar på Samfunnshuset onsdagane 14., 21. og 28. januar kl. 18:00–19:00.
Det betyr at du kan vera med på desse tre samlingane, før du bestemmer deg for om du vil vera med vidare.
Foreldremøte: 14. januar kl. 18:00-19:00.

6. og 7. desember viser Barneteateret «Dei tre små julegrisane», ei musikalsk og humoristisk framsyning for heile famili...
29/11/2025

6. og 7. desember viser Barneteateret «Dei tre små julegrisane», ei musikalsk og humoristisk framsyning for heile familien.

Det nærmar seg jul på garden, og Slaktegrisen, Heldiggrisen og Sparegrisen blir kasta ut heimefrå, for å reisa ut og oppleva verda. Men det er fare på ferde, når Reven og Jerven slår seg saman med den store, stygge Ulven.

Billettar og meir informasjon: hjelmeland-teater.no

02/09/2025
27/04/2025

På laurdag hadde me premiere på dokumentaren om Hjelmeland Teater sine første 40 år på scenen – ei reise gjennom fire tiår med latter, tårer og kreative prosjekt.

Her kan du leiga eller kjøpa alle dei fire episodane i dokumentar-serien: https://hjelmelandteater.vhx.tv

Filmskaparane Laila Øvrehus og Morten Hetland har samla unike klipp frå tidlegare framsyningar, og kombinert dei med intervju med skodespelarar, instruktørar og andre eldsjeler som har vore med på å forma teaterlaget opp gjennom åra.

Dokumentaren gjev eit unikt innblikk i den stadige fornyinga som har utvikla Hjelmeland Teater fram til i dag, og viser korleis det lokale amatørteaterlaget har vore og framleis er ein viktig kulturberar i kommunen.

Adresse

Askvikbakken 1
Hjelmeland
4130

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hjelmeland Teater legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hjelmeland Teater:

Del