10/12/2022
Kjære nisse, om ka skal eg be?
Eg har alt eg trenger og enda litt tè
Når julafta kjem vi sit der og kave,
i ein haug med papir, eske og gave.
Det går heilt i surr om ken som fekk ka,
ka skal no byttes og ka skal vi ha?
Så…
kjære nisse, om ka skal eg be?
Foreldre for evig, kan du gje meg det?
Ei mamma og en pappa som aldri forsvinn,
som alltid vil vær der å stryke mitt kinn.
Ei helse som held og eit hjerte som slår,
Et hode som tenker klart og føtter som
går.
Kjære nisse, om ka skal eg be?
Kan du love at eg får oppleve at ungane mine veks te?
At eg alltid vil være der når dei treng ei hand,
og at dei forstår vi har et uslitelig band.
Tohjulsykkel, symjetak og fyrste skuledag,
lova du at vi får oppleve alt det der i lag?
Kjære nisse, om ka skal eg be?
At det med dei eg e glad i ingenting må skje.
At familie og venna, store som små,
et friskt og langt liv måtte få.
Så, kjære nisse, no skal du høyre,
det ekje det vi seie, men det vi gjere.
Ver god mot kvarandre, ver tilstade og ver med.
Nyt nuet og lykka, og finn gleda der den e.
~Ane Daae Stormoe~