21/07/2026
Veke 29 var ei innhaldsrik og spennande veke på Litle Færøyna. Tradisjonsbåtar frå nord, sør og aust møttest til samsegling før Forbundet KYSTEN sitt landsstemne i Strusshamn. Frå måndag til fredag var det segling og roing på kryss og tvers rundt Litle Færøyna. Seglføring, ballast og trim vart finjusterte, samstundes som deltakarane delte erfaringar og lærte av kvarandre.
Fredag kom fleire båtar, og innbyggjartalet på øya vart mangedobla. Det vart sjølvsagt mykje båtprat, og utpå kvelden samla alle seg til felles middag i løa. Heimelaga betasuppe med flatbrød sto på menyen. Alle blei gode og mette.
Laurdag vart det halde symposium i naustet, med ein felles paneldebatt som avslutning. Her vart læring drøfta frå fleire perspektiv: praktisk handverk gjennom bygginga av Bataldebåten, kursverksemda på Litle Færøyna og KYSTEN si nye kursrekkje for segling med tradisjonsbåtar. Særleg vart det sett søkjelys på læringsfilosofien som ligg til grunn for praktisk læring og manuelt kulturarbeid. Engasjement, entusiasme og filosofi var òg sentrale tema som vart presenterte og diskuterte gjennom dagen. Vi vil rette ei stor takk til alle som bidrog med inspirerande innlegg, tankevekkjande refleksjonar og verdifull kunnskap: Josef Thingnes, Rolf Batalden, Svein Erik Øya, Kari Brenna Rian, Kjell Magnus Økland, Per Ingvar Haukeland, Terje Planke og Roar Moe.
Etter symposiet var det klart for enda ein felles middag. Det var stinn brakke i løa og god stemning. Heimelaga lasagne, salat, tzatzikidresssing og baguetter sto på menyen denne kvelden. Vi var nok nærare 60 personar til bords. Kokkane Tor Øyvind Tennebø og Roar Henden hadde jobba på i fleire timar på det vesle husmannkjøkkenet på 9 kvadratmeter - og éin komfyr!😊
Desserten var ein feiande flott utekonsert nede på kaia med Fotefar frå Bergensområdet. Inspirerande tekstar frå kystdistriktet, gode historier, harmonika og gitarspel i samklang som enda opp med salige «Heart of gold».
Søndags morgon hadde nordakulingen spakna, sola skein og Bataldebåten «Baloo» vart behørig døypt i konjøl frå Lefdalsbygda i Nordfjord.
Deretter sjøsetting, rigging og full klargjering av alle båtar. Supre vindforhold for første etappe over Sognesjøen,- kanskje med eit rev og eit søft i seglet. Straumane, Byfjorden, Bergen og så målretta mot Strusshamn. Ynskjer om høveleg bør og god manøvrering til landstemnet til helga.