04/07/2025
No er det berre ein dag til verdas finaste festival! Me gler oss noko heilt sjukt! Dette blir så bra Hugs både solkrem og godt humør!
Det er særs få billettar att, så syt for at du kjøper før du kjem til døra! Plutseleg er det tomt.
NB: det er meldt litt vind første timane. Ta med vindjakke og solkrem!
DET MESTE AV INFO OM HAVGAPROCK FINN DU HER:
Sjå gjerne www.havgaprock.no/info for meir utfyllande informasjon.
BILLETTAR:
Alle billettar kjøpast på https://tikkio.com/events/52733
Her finn du billettar for festivalpass og buss. Billettar selgast kun på tikkio.
ALDERSGRENSE:
Aldersgrensa er sett til 15 år. Eller det vil seie, alle som fyller 15 år i år kjem seg inn på festivalen. Det er viktig at alle tek med seg gyldig legitimasjon for framsyning til vaktene.
BETALING:
Du kan betale kort eller Vipps på festivalen. Me anbefalar å ta med kort, då bankterminalane er kobla til internett. Telefondekninga på Ulla er dårleg, så vipps kan gå seint. Så kort is king! Me har eit b**gsystem, slik at det meste går raskt og knirkefritt.
PARKERING:
Me har ikkje så mykje tilgjengeleg parkering, så me oppmodar alle til å ta buss, eller anna skyss til festivalen. Sjå det vedlagte kartet for dei få parkeringsplassane som er tilgjengeleg.
YMSE:
Det er ikkje tillete å ta med seg drikke inn på festivalen, då me i år har servering av dette.
Synleg berusa personar vil ikkje sleppe inn på festivalen.
Det er ikkje lov å ta med speilreflekskamera. Å ta bilete og filme med mobil er greit.
Igjen: ta med vindjakke!
TIDSPLAN:
Speletider har blitt etterlyst. Me tykkjer alle artistar er verd å få med seg, så me tilrår alle å kome i god tid før første artist skal på. Slik er tidsplanen:
12.00 - 15.00 Fridykking på Ulla havsportsenter
17.00 Festivalen opnar
18.50 Adam Douglas
20.10 Horizons Project
21.10 Tidstyv
22.30 Ylvis
00.15 JORN
01.45 Slutt
Første buss går 01.40
sjå www.havgaprock.no/info for fullstendige ruter
FESTIVALOMRÅDE:
På festivalområdet er det sjølvsagt ei scene der dei flotte artistane skal opptre. Det er plass både til å stå og sitje framføre scena. Der er benkar, men ikkje nok til alle, så sitjeunderlag kan vere lurt å ha med. Der vil vere ulike kioskar og standar. Der er toalett på festivalområdet, og sanitetstelt der Røde kors vil stå dersom nokon skulle ha eit uhell. Me vil også ha ein stand der ein kan kjøpe t-skjorter, plakatar, pledd og (gud forby) regnponchoar. Det er lov å ta med festival/campingstolar, men ikkje speilreflekskamera.
MAT:
Det vert sal av Gapburger (både med og utan gluten), bakt potet, popkorn og anna ymse snacks, og alt dette betalar ein med b**g som ein får kjøpt på festivalområdet. Me har vegansk burger for dei som vil ha det.
DRIKKE:
Det vil i år som alle år vere alkoholservering på festivalområdet. Det vil vere sal av øl, cider, vin og andre drikkevarer eit eige serveringstelt. For dei som vil ha alkoholfri drikke, vil me selje alkoholfri øl, brus, kaffi og vatn. Alt dette vil ein kunne betale med b**g som ein kan kjøpe på festivalområdet.
All servering av alkoholhaldig drikke er regulert av alkohollova. Eigne vakter vil passe på at dette vert overhaldt og ved eventuelle brot vil vedkommande få klipt inngangsbandet og vist vekk i frå festivalområdet.
Det er IKKJE lov å ta med medbrakt drikke til festivalen.
LOGISTIKK OG TRANSPORT
Sjå bileta med bussruter! Det skal også vere råd å bruke Haram lokaltaxi på tlf 70 21 39 00 som vil stille med minst to bilar, forhåpentlegvis fire.
FESTIVALCAMP
Festivalcampen ligg 100 meter frå festivalområdet, rett ovanfor sandstranda i Råvika. Her vil det vere kjempestas å slå opp telt og høve for å parkere campingvogn. Glasflasker er ikkje tillete og me ber om at alt av boksar og eventuelt anna rusk vert plukka opp og kasta. Det vil vere festivaltoalett på campen. Under festivalen vil det vere vakter utplassert på campen til ei kvar tid. Me ber om at folk ikkje nyttar beitemarka nedanfor vegen til camping.
Campen er gratis.
I TILFELLE DÅRLEG VÊR:
Dersom vêret skulle bli dårlegare enn meldingane skulle tilseie (dei seier at vêret blir bra) så har me kjøpt inn regnponchoar og pledd som kan kjøpast på festivalområdet. Hugs solkrem!