Nye Sjodar - regional scene for folkemusikk og folkedans

  • Hjem
  • Norge
  • Gvarv
  • Nye Sjodar - regional scene for folkemusikk og folkedans

Nye Sjodar - regional scene for folkemusikk og folkedans Nye Sjodar på Evju bygdetun skal vere ei regional scene for folkemusikk og folkedans med låg terskel og høg takhøgde!

Flotte bilete frå gårsdagens flotte konsert! Alle foto: Gro B. Røiland
20/04/2026

Flotte bilete frå gårsdagens flotte konsert!

Alle foto: Gro B. Røiland

VERDSPREMIERE I KVELD! Ottar Kåsa og Johannes Martens førebur seg til deira første konsert i lag! Det blir eit spennande...
19/04/2026

VERDSPREMIERE I KVELD!

Ottar Kåsa og Johannes Martens førebur seg til deira første konsert i lag! Det blir eit spennande møte mellom to eminente musikarar og instrumenta deira - hardingfele og hardingcello! 😉

Dørene opner kl 18:30 med konsertstart kl 19:00!

Velkomen til Nye Sjodar! 🙂

OTTAR KÅSA & JOHANNES MARTENS: "GROVT OG GRANT"Tittelen for konserten er inspirert av eit samarbeid mellom Myllarguten o...
25/03/2026

OTTAR KÅSA & JOHANNES MARTENS: "GROVT OG GRANT"

Tittelen for konserten er inspirert av eit samarbeid mellom Myllarguten og Håvard Gibøen som kalla det for «grovt og grant» når dei spela i oktav til kvarandre – noko Kåsa og Martens vil gjere mykje av i denne i konserten med hardingfele og hardingcello.

Kåsa og Martens var medlemmar av ein strykekvintett som framførte tingingsverket «Istem» under Telemarkfestivalen i 2025. I strykekvintetten hadde alle instrumenta understrengar i form av hardingfeler, hardanger d’amore, hardingbratsj og hardingcello. Det som òg var spesielt med denne konserten var at alle instrumenta vart laga av hardingfelespelar og felemakar, Ottar Kåsa. I «Grovt og grant» vil Ottar Kåsa og Johannes Martens utforske samspelet mellom hardingfele og hardingcello yttarlegare.

Spesielt for hardingcelloen er at ho har ei femte, ekstra streng øvst, tilsvarande toppstrengen på hardingfela. Dette gjer det mogleg å spele tradisjonelle slåttar éin oktav lågare, noko som gjev musikken ein suggererande klang som ingen har høyrt før.

Ottar Kåsa er ein tradisjonsberar innan hardingfelespel frå Telemark, og er oldebarn av Myllarguten sjølv. Johannes Martens er klassisk utdanna, men har arbeidd mykje med både folkemusikk og barokkmusikk.

Billetter i sal via Gullbring og i dynna (Vipps/kontant).

Velkommen! 😊

Fine bilete frå den flotte konserten med Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Mattis Kleppen på Nye Sjodar sundag 22. mars! 😊F...
25/03/2026

Fine bilete frå den flotte konserten med Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Mattis Kleppen på Nye Sjodar sundag 22. mars! 😊

Foto: Gro B. Røiland

NÆRMAR SEG KONSERT! Det er berre måndag, men me gledar kånn stort til sundag og konserten "Akkurat her, akkurat no" - In...
16/03/2026

NÆRMAR SEG KONSERT!

Det er berre måndag, men me gledar kånn stort til sundag og konserten "Akkurat her, akkurat no" - Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Mattis Kleppen i Nye Sjodar! 😁

«Akkurat her, akkurat no» er ein ny konsertproduksjon og er ein interaktiv folkesongkonsert som tek sikte på å vere ny kvar gong konserten framførast. Kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt vil nytte sitt store repertoar og sin kunnskap om kulturhistoria rundt – og ikkje minst historiene som finst inni songane – som utgangspunkt for ei song- og forteljarstund der publikum vil bestemme retninga for konserten. Målet er å skape ein ny konsert kvar gong – og idéen til konserten er inspirert av slike tradisjonelle songstunder som det diverre vert færre og færre av rundt omkring. I tillegg vil konserten opne opp kjende og meir ukjende folkesongar og deira historier til nye publikummarar.

Som medmusikar har Ingebjørg Lognvik Reinholdt fått med seg Mattis Kleppen. Han er kjend som ein innovativ bassist innanfor folkemusikk, der slåttespel på bass har blitt hans varemerke. Kleppen er òg ein god forteljar og glad i det improvisatoriske og spontane. Samspelet mellom Lognvik Reinholdt og Kleppen – både med tanke på det reint musikalske, men òg det improvisatoriske og spontane – vil utgjere ein spennande utgangspunkt for konsertane.

Billettar i sal via Gullbring kulturhus og i dynna (Vipps/kontant(.

Velkomen! 💚

Ingebjørg Lognvik Reinholdt & Mattis Kleppen: «Akkurat her, akkurat no!»Sundag 22. mars 2026Nye Sjodar, Evju bygdetunKonsertstart kl. 19.00Billettpris 275,-

INGEBJØRG OG MATTIS MED HEILT NY KONSERT! «Akkurat her, akkurat no!» er ein ny konsertproduksjon og er ein interaktiv fo...
02/03/2026

INGEBJØRG OG MATTIS MED HEILT NY KONSERT!

«Akkurat her, akkurat no!» er ein ny konsertproduksjon og er ein interaktiv folkesongkonsert som tek sikte på å vere ny kvar gong konserten framførast. Kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt vil nytte sitt store repertoar og sin kunnskap om kulturhistoria rundt – og ikkje minst historiene som finst inni songane – som utgangspunkt for ei song- og forteljarstund der publikum vil bestemme retninga for konserten. Målet er å skape ein ny konsert kvar gong – og idéen til konserten er inspirert av slike tradisjonelle songstunder som det diverre vert færre og færre av rundt omkring. I tillegg vil konserten opne opp kjende og meir ukjende folkesongar og deira historier til nye publikummarar.

Som medmusikar har Ingebjørg Lognvik Reinholdt fått med seg Mattis Kleppen. Han er kjend som ein innovativ bassist innanfor folkemusikk, der slåttespel på bass har blitt hans varemerke. Kleppen er òg ein god forteljar og glad i det improvisatoriske og spontane. Samspelet mellom Lognvik Reinholdt og Kleppen – både med tanke på det reint musikalske, men òg det improvisatoriske og spontane – vil utgjere ein spennande utgangspunkt for konsertane.

Billettar i sal via Gullbring kulturhus og i dynna (Vipps/kontant).

Velkomen! 😊

Flotte bilete frå gårsdagens flotte konsert på Nye Sjodar med Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg! ☺️Alle foto: Gro B....
02/03/2026

Flotte bilete frå gårsdagens flotte konsert på Nye Sjodar med Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg! ☺️

Alle foto: Gro B. Røiland

ØYONN GROVEN MYHREN & MARIT KARLBERG TIL NYE SJODAR! I konserten "Tostemt" får du finurlege arrangement, rytmisk snert, ...
13/02/2026

ØYONN GROVEN MYHREN & MARIT KARLBERG TIL NYE SJODAR!

I konserten "Tostemt" får du finurlege arrangement, rytmisk snert, humor og varme. Øyonn og Marit er av våre fremste kvedarar med ei lang rekkje soloplater, prosjekt, prisar og kappleikssigrar i bagasjen. Øyonn er nok mest kjend for samarbeidet med Odd Nordstoga om tingingsverket “Nivelkinn”, og Marit kjenner mange som eine halvparten av duoen Sudan Dudan. Dei var også sentrale i vokalkvartetten Dvergmål.. No har dei to tatt opp att tråden, og fordjupa seg i slåttetralling og hardingfeleslåttar frå Telemark og Valdres, som dei har overført til vokalt duoformat. Dei har også funne fram eit knippe danseviser som dei syng med lyre- og langeleikspel til.

Billettar i sal via Gullbring kulturhus og i dynna (Vipps/kontant).

Velkomen! 😊

TAKK FOR I GÅR! Me vil takk for ein fantastisk sundagskveld og ein perle av ein konsert på Nye Sjodar i går! 😁
09/02/2026

TAKK FOR I GÅR!

Me vil takk for ein fantastisk sundagskveld og ein perle av ein konsert på Nye Sjodar i går! 😁

Adresse

Sætrevegen 44
Gvarv
3810

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nye Sjodar - regional scene for folkemusikk og folkedans legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Nye Sjodar - regional scene for folkemusikk og folkedans:

Del