11/12/2024
I dag spilles David og Jonatan på Det Norske Teatret! Kl 18 og kl 20:30, håper vi sees der ❤️
Konsekvensane av å ikkje kunne elske den ein vil, kan vere drepande. Det er temaet i gjestespelet David og Jonatan frå Det Norske Fossekompaniet. No kjem framsyninga til Det Norske Teatret.
Knut Andreas Sørum og Andreas Koschinski Kvisgaard er aleine på scenen i denne framsyninga, som tematiserer skam, tabu og undertrykking av homofile i kristne miljø. David og Jonatan er oppkalt etter det 20. kapittelet i Første Samuelsbok i Det Gamle Testamentet, og er ei sår og sterk forteljing om David, som kvar kveld maner fram minnet av den avdøde kjærasten Jonatan. Gjennom samtalene deira får publikum innblikk i parets utfordrande fortid, prega av traumatiske erfaringar med homoterapi og oppvekst i eit svært konservativt kristent miljø.
Med parallellar til Bibelen blir det fortald ei historie som handlar om kjærleik så sterk at den overlever barrierar i samfunn og tru.
Framsyninga spelar 11. desember og billettar finn du her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/david-og-jonatan