Fres Festival

Fres Festival Fresvik, Vestland - 25.-27.juli Kortfatta historikk for den uinnvigde

Det var i dei dagar det skulle feirast nyår. Skjønt totalt avskore var ikkje Fresvik.

Dette skulle fancy nok gå føre seg på ein avskjerma plass, der ein uhemma kunne skyte opp rockets, lovprisa Bacchus samt produsera støy utover det hensiktsmessige. Valet fall på Fresvik, ei bygd lokalisert på feil side av Sognefjorden, the majestic. Vitterleg var det vegforbinding og Syrstrondsbygdi funkla i det fjerne. For skams skuld kan det leggast til at ein viktig grunn til at valet fell på F

resvik var at ein Lt. Skau gjennom blodsband var i indirekte eigarskap av hus og gard midt på bygdas svar på Kalfaret. Skausgarden er i ferd med å misse si uskuld. I kjølvatnet av ei særs vellukka nyårsfeiring då det rann av dag og av røv, slo overnemnde Lt. Skau og ein Per Chris Groovah, kunsthistorikar og semikosmopolitt frå Borgund, sine hovud, som framleis er i prosessen med og kvitta seg med toksin innteke kvelden og natta før, saman og tok ein stroll rundt på garden. Gjennom den postalkoholiserte disen som sat som eit lag Vaseline over auga deira kunne dei skimta at
omgjevnadane kunne by på ei unik naturoppleving. Dei greidde og å registrera at sjølve garden disponerte ein bygningsmasse som formleg skreik etter å verte nytta til noko utover å væra støtter for si eiga vekt. Til trass for at bøane framleis var dekte i eit kvitt stoff frå himmelen og at lufta kunne by på temperaturar ein frysar frå Fresvik ProduktTM verdig fekk dei båe ein kollektiv visjon. Ein visjon innehaldande telt, solkrem, trønderlapssodd, kassevis med temperert pilsnerøl, medioker kroppshygiene og ikkje minst musikkmusikkmusikk. Det var visjonen om ein festival! Tatt taratt taaaaa!!! Visjonen vart av mange avfeia som reint rør og fantasifoster, komen til denne verd utav to mindre enn fruktbare sinn med brennevin som fødselshjelp. Den vart av andre stempla som kreativ fanatisme og eit ønskje om å manifestere tesen om at kvart jævla nes i landet skal ha sin eigen festival. Men dei to visjonære hadde slett ingen plan om lata Fresvik
verta åstaden for endå eit føretak til glede for Big Bang sitt management eller
ei mjølkeku for lokale og regionale storkapitalen (med unntak av produsentar av kjøleromsløysingar). Lenge gjekk Lt. Skau og kunsthistorikaren frå Borgund svangre med sin visjon om ein festival for folket, lokalisert i Fresvik. Månadane gjekk og dei hadde for so vidt ikkje sett visjonen ut i livet
i større grad enn at dei hadde døypt den til Fres Festival, sendt ut ei massemelding på SMS til band med førespurnad om dei på universets dårlegaste vilkår kunne tenkje seg å spela. Dei hadde og byrja å laga merch. Tida tok til å verta knapp. Våre to idealistar tok til å skjøne at dei trenge fleire folk på teamet. Kvar elles enn Systrondsbydgi, bygdi som med sitt høge utdanningsnivå funklar i det fjerne, fann dei mannen dei trengde for å få kabalen til å gå opp. Tusenkunstnaren og administrasjonstalentet Håvard frå Syrstrond vart henta inn på laget. Håvard fekk med seg Jocko, edderkoppen i det imperiale medienettverket som er Sogn Avis. Saman tok dei, via undergrunnskanalen P-Vest, til å pushe Fres Festival til det piratkulturhungrige folket i Sogn Indre. Det tok til å summa rundt
fenomenet Fres Festival. Då det stod att to dagar til festivalstart reiste Festivalleiinga, som no var klart definert som eit trespann beståande av Lt. Skau, ein kunsthistorikar frå Borgund og tusenkunstnaren Håvard frå den fjerntfunklande Syrstondsbygdi, til visjonen Fres Festival sin fødestad; mellom dei fallerte driftsbygningane på Skausgarden i Fresvik. Saman skulle dei på mirakuløst vis klargjere festivalområdet med både skilting og sceneanlegg innan hordane av festivalpublikum tok til å strøyma til frå alle kantar. Til trass for sine opplagde manglar kva praktiske emne vedrører greidde dei å få både festivalområde og festivalcamp klar i grevens tid. Festivalen kunne ta til, visjon fekk sin fødestad...

Av Håvard Ese Eliassen
e-post: [email protected]
Publisert 20.02.2006

Fres, du var fin i år ♥️Stor takk til 📸 🪄🧙‍♂️ Simen "sTred" Omland for fantastiske minner frå Fres26❤️‍🔥
17/08/2026

Fres, du var fin i år ♥️

Stor takk til 📸 🪄🧙‍♂️ Simen "sTred" Omland for fantastiske minner frå Fres26❤️‍🔥

♥️Bli med på livets helg 2027!♥️Ja, det blir Fres og ja, du får sjansen til å kjøpe billett til ein overlegen pris! Er d...
12/08/2026

♥️Bli med på livets helg 2027!♥️Ja, det blir Fres og ja, du får sjansen til å kjøpe billett til ein overlegen pris! Er du kjapp kan du no sikre deg festivalpass til heile Fres27 for kun kr 1799,-🔥

Her finn du dei! https://fresfestival.ticketco.events/no/nb/e/fres27

God Fres, trygg Fres!

Fres Festival 2026 takkar!Nok ein Fres er i hamn, og nok ein gang er alle vi som jobbar med Fres Festival mildt overveld...
05/08/2026

Fres Festival 2026 takkar!

Nok ein Fres er i hamn, og nok ein gang er alle vi som jobbar med Fres Festival mildt overvelda over magien som finn stad på bøen på Skau!

Men slike magiske hendingar skjer ikkje av seg sjølv. Difor er vi i Fres Festival takksame for at følgande fine folk, lag og bedrifter har hjelpt oss:
Accountor Sogn, Linn Bad AS, Sognekraft, Blix Hotell, Fresvik Produkt as, Kulturdirektoratet, Sparebankstiftinga og Sogn Sparebank for uvurderleg økonomisk støtte.

Alle frivillige som trødde til før, under og etter festivalen med å få opplegget i hamn med rydding, billettering, opp- og nedrigg og generelle trivselstiltak.

Vårt høgprofesjonelle sights & sound-lag med Håkon frå Bergen Ento, Eivind frå CT Creative Technology Norway, Lektor Hillestad, Åsmund og sTred.

Stig og Rikke som på kvar sin måte sytte for framifrå artistvelferd

Skjold Vekterservice og Raudekrossen for å passe godt på publikumet vårt.

Bargjengen (Geir, Petter, Roger, Tequila-Geir, Tina og Ragnhild), Ølmheim siderhage, Haug Gard - Odelsgut, Kroken Fjordgard og Balholm - produkt for leiken, men trygg skjenking.

Helselaget for iherdig hekling av bøttehattar.

Bjørg og hennar frivillige for baguettsmøring.

IL Modig for lån av grillar og stolar.

Fresvik Enspire skule for overnattingsplass.

Hans Ivar for lån av bringebærtunnelar, praktisk hjelp og ei generelt positiv innstilling.

Ola Hopperstad for lån av hydraulisk stolpedrivar.

Leidulf for opprydding og madrasstransport.

Avery Dennison NTP AS for verdas beste tekstiltrykk og Digital Etikett for verdas beste sideretikettar.

Syver for å trø til i oppryddinga, til trass for at han ikkje fekk vere med på festen.

Ungane for minimerch, toastsal, god stemning og delvis å lyde foreldra sine.

Einar og Jorunn for å hente mat, rydde festivalområdet gang på gang og stille opp som illustrasjonsfoto i lokalmedia.

Mariann og Ole Kristian for grillkompetanse, svele- og kakelaging.

Sunni, Kelly og Elisabeth for barnepass, sying, blomsterplanting og hjelp der det måtte trengst.

Elisabeth igjen for mat, transport og alt mogleg anna før, under og etter festivalen.
.og til sist: Tusen takk til Jon for alt han gjorde for festivalen. Vi håpar han hadde vore nøgd med Fres 2026.

❤️❤️❤️
LT, PC, Håvard, Gunnar, Pål, Bjørn, Kaia, Maren, Mari og Trude

📸: Pål Wagtskjold-Myran

Topp stemning på lokal pubquiz med PC og Tequilageir! 28 lag og 2 vinnarlag🎉 Duoen fulgte opp med mikroquiz i publikumst...
29/07/2026

Topp stemning på lokal pubquiz med PC og Tequilageir! 28 lag og 2 vinnarlag🎉 Duoen fulgte opp med mikroquiz i publikumsteltet laurdag. Godt quizza, folkens! 👏

📸:Simen "sTred" Omland

Radio Fres med Niklas & Mari & Ken var ein ny vri, men fy så gøy!🎉 Takk til alle som drog med seg hagastolen til timesvi...
28/07/2026

Radio Fres med Niklas & Mari & Ken var ein ny vri, men fy så gøy!🎉 Takk til alle som drog med seg hagastolen til timesvis med lettbeint liksom-radio🙌 Og ekstra masse takk til Mari som spontanradiofreste som ein helt på fredag, og stilte som frøken Fres på laurdag!🥇

📸:Simen "sTred" Omland

27/07/2026

Takk for tidenes Fres! Verdas beste gjeng ♥️ Bli med på Fres27!🎉

🎥: Simen Felix Omland (sTred) ♥️
🎵: Iris Caltwait ♥️

❤️‍🔥MVP Fres26: GIRSON❤️‍🔥 Denne mannen er sjelden vare! Herjar scena med Lars Vaular, køyrer Klubb Fres til halv tre på...
26/07/2026

❤️‍🔥MVP Fres26: GIRSON❤️‍🔥 Denne mannen er sjelden vare! Herjar scena med Lars Vaular, køyrer Klubb Fres til halv tre på natta, drar til Bergen og organiserar ungdomsarrangement, kjem tilbake på kvelden og eig bøen med Store P💥

Hadde me hatt ein pris å dele ut, så hadde du fått den, Girson! 🙌 Du er alltid velkommen til Fres♥️

📸:Simen "sTred" Omland

💥DJ Boge rista bøen i natt!💥 Legevakten er fullbooka med hoftevridningar!📸:Simen "sTred" Omland
26/07/2026

💥DJ Boge rista bøen i natt!💥 Legevakten er fullbooka med hoftevridningar!

📸:Simen "sTred" Omland

🔥 Oslo Ess  leverte ypperste klasse punkrock som siste band ut på Fres26🔥 Såpass klasse at festivalsjefar må crowdsurfe!...
26/07/2026

🔥 Oslo Ess leverte ypperste klasse punkrock som siste band ut på Fres26🔥 Såpass klasse at festivalsjefar må crowdsurfe!

📸:Simen "sTred" Omland

💥💥💥 Store P 💥💥💥 Stor leveranse av kremen av hiphop!📸:Simen "sTred" Omland
26/07/2026

💥💥💥 Store P 💥💥💥 Stor leveranse av kremen av hiphop!

📸:Simen "sTred" Omland

Adresse

Skausgarden
Fresvik
6896

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fres Festival legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fres Festival:

Snarveier

Del

Type