Fosnavåg konserthus

Fosnavåg konserthus Fosnavåg konserthus opna oktober 2014 og arrangerer konsertar, framsyningar, teater, show, dans og andre kulturaktivitetar.

Delaktige også i konferansar via Thon m.m. med plass til 490 i amfi, eller triveleg klubb/småbord. Fosnavåg konserthus ligger i samme bygg som Thon Hotel Fosnavåg. Salen har 470 (+20) seter og er fleksibel med teleskopamfi.

11/10: Delicate sound of Floyd!I 2026 markerer Pulse of Floyd sitt 19. år på turné, og bandet legg samstundes bak seg si...
14/07/2026

11/10: Delicate sound of Floyd!

I 2026 markerer Pulse of Floyd sitt 19. år på turné, og bandet legg samstundes bak seg sitt mest aktive og ambisiøse år til no. Etter nesten to tiår med utselde konsertar og dedikerte fans, held Pulse of Floyd fram med å levere Pink Floyds musikk med stor respekt, presisjon og nerve. På turneen i 2026 presenterer bandet eit breitt og variert utval frå heile Pink Floyd sin katalog, og dekkjer album frå 1967 til 1994. Frå dei tidlege, psykedeliske eksperimenta til dei store, stemningsmetta klassikarane – publikum vert tekne med på ei musikalsk reise gjennom nesten tre tiår med musikkhistorie.
Med sterk musikalitet, gjennomført lydbilde og fokus på atmosfære, er Pulse of Floyd kjende for å gjenskape både følelsen og krafta i originalmaterialet – samtidig som konsertane lever sitt eige liv på scena. Kåra til eit av verdas beste Pink Floyd Tribute band av Svensk Musikkmagasin. Pulse of Floyd 2026 – eit høgdepunkt for alle Pink Floyd-fans!

30/10: Mezzoforte tilbake i Norge!Legendarisk jazzfunk fra Island! Dei bana veg for islandsk musikk internasjonalt, og m...
13/07/2026

30/10: Mezzoforte tilbake i Norge!

Legendarisk jazzfunk fra Island! Dei bana veg for islandsk musikk internasjonalt, og med sitt energiske samspel, funky grooves og teknisk briljans har Mezzoforte trollbunde publikum verda over sidan byrjinga av 80-tallet. No er dei endeleg tilbake i Norge! Bandet slo gjennom med den instrumentale hiten Garden Party i 1983 – ein låt som fortsatt spelast flittig og reknast som ein av jazzfunk-sjangerens mest ikoniske spor. Mezzoforte blei det første islandske bandet med stor internasjonal suksess, og deira unike blanding av jazz, funk og fusion har sett spor i musikkhistoria. Kjend som eit formidabelt liveband leverer Mezzoforte konsertar fylt av presisjon, dynamikk og virtuositet. Publikum kan vente seg ein kveld med drivande rytmer, sterke melodiar og minneverdige soloprestasjonar frå musikarar i toppklasse. Gjer deg klar for ein groovy aften med klassiske hits, tidlaus energi og musikalsk overskot – dette blir ein festaftan for både gamle og nye fans av Mezzoforte!

13/12: Julekonsert med Lewi Bergrud & GarnessBåde Lewi og Garness var i konserthuset i 2025, no kjem dei altså tilbake t...
12/07/2026

13/12: Julekonsert med Lewi Bergrud & Garness

Både Lewi og Garness var i konserthuset i 2025, no kjem dei altså tilbake til jul! Billettsalg til julekonserten er i gang! Søskenduoen Garness skapte begeistring med julealbumet «Barnet i krybben» – ei varm, leiken og personleg samling julesongar som fekk strålande mottaking i rikspressa. Sidan den gong har duoen frå Vestlandet reist landet rundt og skapt stemningsfulle julekonsertar for publikum i alle aldrar.
Lewi Bergrud har gjennom mange år markert seg som ein av landets mest aktive turnerande artistar. Hans sterke tolking av «Fairytale of New York» på totendialekt – «Når kjerkeklokka slår» – har blitt en julefavoritt for mange. Saman inviterer dei til ein musikalsk og nær julekonsert fylt av håp, varme og speleglede, med barnet i krybba i sentrum. Saman med publikum skaper dei ein kveld smekkfull av både vestlandsk og totensk julestemning. Dette blir ein kveld med sterke tekstar, vakre harmoniar og historier du vil hugse. Velkomen på konsert!

26/11: Splitter nytt foredrag!I november kjem oppfølgjaren til foredraget som har gått for fulle kulturhus dei siste åra...
11/07/2026

26/11: Splitter nytt foredrag!

I november kjem oppfølgjaren til foredraget som har gått for fulle kulturhus dei siste åra. Utseld gong på gong – fordi alle har minst éin idiot på jobben. Per Henrik Stenstrøm leverer nok ein gong eit morosamt og tankevekkjande foredrag om arbeidslivet. IDIOTENE 2 er tilbake i heilt ny utgåve, proppfullt av nye historier og skråblikk som hjelper deg å forstå dei kollegane du ikkje forstår deg på.
IDIOTENE PÅ JOBBEN 2 tek opp alt som står i vegen for motivasjon på arbeidsplassen – anten det er irriterande kollegar, håplause sjefar eller vanskelege kundar. Stenstrøm besøkjer med sine foredrag nesten 150 arbeidsplassar kvart år og denne kvelden får du hemmeligheitene som gir betre arbeidsmiljø. Og ikkje minst: Korleis vi kan bli kvitt baksnakking og surmuling på jobben!
Forrige gong Stenstrøm besøkte oss ble kom det nærare 300, såleis er det lurt å sikre seg billetter med god plassering tidleg. Per Henrik Stenstrøm er ein av Norge sine mest populære foredragshaldarar og har skrive bøkene «Irriterende kolleger» og «Når sjefen er en idiot». Bli med på suksessen – her blir det både latter og aha-opplevingar!

4/11: Harm & Hegseth held fram sin bejublede jubileumsturné!I 2026 feirar Harm & Hegseth 10 år som offentlege kjerringar...
10/07/2026

4/11: Harm & Hegseth held fram sin bejublede jubileumsturné!

I 2026 feirar Harm & Hegseth 10 år som offentlege kjerringar i konstant livskrise. I ti år har dei levert landets mest høglytte og lavkulturelle podcast, og jubileet blei feira med ein nasjonal turné av uanstendige proporsjonar. Til hausten legg den ikoniske duoen igjen ut på vegen med sitt bejubla jubileumsshow «Harm & Hegseth 10 år med podd, p(an)ikk og psykiatri». Om du er podfan, passiv- aggressiv tante, latent homofil, eller berre elskar show med for mykje lys, lyd og laber impulskontroll er dette showet for deg!
«Ti år med kjendisbitching, homosladder, horeri, hudpleie, realityhelvete, runkekoppar, Ray-Bans på avvegar og ufrivillig vaksenliv har ført oss hit: eit sceneshow som oppsummerer alt vi elskar og fryktar», uttalar den ikoniske duoen. «Og nei, vi har fortsatt ikkje barn. Men vi har fortsatt kvarandre. Og mikrofonane våre. Og Fanta Exotic», legg dei til. Dette er jubileet du ikkje visste du trengte - men som du kjem til å le deg sveitt av!

23/10: DET BETALESDet Betales feira i fjor sitt 50 årsjubileum, og vil ha konsertar over heile landet. Det beste frå The...
09/07/2026

23/10: DET BETALES

Det Betales feira i fjor sitt 50 årsjubileum, og vil ha konsertar over heile landet. Det beste frå The Beatles med bandet som er utropt til «The best Beatles tribute band in the world»! Det Betales frå Drammen har spelt over 50 konsertar på The Cavern Club i Liverpool, og blei utropt av The Beatles-manager Alan Williams til «The best Beatles tribute band in the world». Ikkje fordi de liknar på originalene utsjåandemessig, men fordi dei har musikalitet, humor, energi og ekte kjærleik til musikken. Her får du servert alle topplåtane frå The Beatles, ein hitparade med topplistelåtar ein etter ein. We hope you will enjoy the show!

24/9: MOLDE GOSPELMolde Gospel feirar heile 10 år med gospelglede i 2026, og inviterer til ein forrykende jubileumskonse...
08/07/2026

24/9: MOLDE GOSPEL

Molde Gospel feirar heile 10 år med gospelglede i 2026, og inviterer til ein forrykende jubileumskonsert i Fosnavåg konserthus denne laurdagen i oktober! Med på repertoaret har vi låtar frå mange ulike prosjekt, mellom anna legenda Andraè Crouch, gospelkongen Kirk Franklin og velklingande Oslo Gospel Choir. Vi krydrar også med nokre nye låtar, og lovar ein variert, stemningsfull og livlig konsert på ei festpynta scene.
Molde Gospel tel 32 songarar, og har med seg eit fantastisk band! Dagfinn Grønvik på tangentar, Andrè Gussiås på orgel, Lidvar Emblem på bass, Arnt Inge Torheim på gitar og Joachim Orvik på slagverk. I tillegg toppar vi laget med Olav Tornes på saksofon og Lars Alver Krum på trompet. Det heile er under leing av vår dirigent og herlege musikalske inspirator Miriam Venås!
Rett og slett ein nydeleg bukett musikarar og songarar som er klare for gospelfest og jubileumskonsert i Fosnavåg Konserthus! Let's celebrate! Hjarteleg velkomen!

24/9 Teatret Vårt:Ein hyllest til fantasien, livet og teatret! Ingmar Bergman si sterke familiehistorie følgjer syskena ...
07/07/2026

24/9 Teatret Vårt:

Ein hyllest til fantasien, livet og teatret! Ingmar Bergman si sterke familiehistorie følgjer syskena F***y og Alexander i den livlege teaterfamilien Ekdahl. Denne hausten får vi oppleve klassikaren i ein ny versjon, dramatisert av Arne Lygre, ein av våre fremste dramatikarar.
Vi møter familien i juletider. Huset er fylt av latter, leik, kjærleik og løyndomar. Fantasi og røynd flyt over i kvarandre, og barna veks opp i ei verd der alt verkar mogleg, men der dei vaksne spelar sitt eige spel. Så brest det. Faren døyr, og livet tek ei brå vending. Mora Emilie giftar seg med den strenge biskop Vergerus, og barna blir førte inn i eit heim der fridom blir erstatta av kontroll, kulde og frykt. Særleg Alexander kjempar mot den nye tilværet, der fantasien står opp mot autoriteten sitt nådelause grep i religionens namn.
Historia rører seg mellom lys og mørker, draum og røynd, og skildrar barnet sitt blikk på ei verd som brått forandrar seg. F***y og Alexander er basert på Bergmans Oscar-vinnande film frå 1982. Eit episk familiedrama lagt til Uppsala tidleg på 1900-talet, rekna som eit av Nordens mest betydningsfulle filmverk.
På scena møter du eit sterkt ensemble med ni skodespelarar, med gjensyn av Per Egil Aske og Marit Østbye. Regien er ved Morten Borgersen, som sist stod bak suksessen Jordmor på jorda. Dette er ei storslått, poetisk og gripande teateroppleving om familie, tru og tvil – og ei hyllest til teatermagien, fantasien si kraft og barnet i oss alle.

👊🏻👊🏻
06/07/2026

👊🏻👊🏻

Fosnavåg konserthus har skiftet ut SGM G-spotene sine fra 2014 med 9 nye ROBE ROBIN PAINTE -lamper. 💡

«Fargeforskjelar som byrja oppstå, gjorde at me vart nøydd å byte ut dei «gamle» lampene for å halde på god stemning blant tilreisande teknikarar, men og for å oppretthalde kvalitet på både farge og mekanikk», sier Torgrim Skjerdal, fagleiar teknisk produksjon.

Etter to måneder med de nye lampene er tilbakemeldingene fra både tilreisende og in-house teknikere gode. Dype farger, smooth mekanikk og framing shutters trekkes frem som høydepunkter.

Oppgraderingen er delvis finansiert av Kulturrom, og vi er glade for at resultatet ble så bra. 😊

Fosnavåg konserthus Kulturrom ROBE lighting

28/9: Unnskyld - Et requiem: Kjetil Bjerkestrand og Svein TindbergKomponist og musikar Kjetil Bjerkestrand (70) fikk ein...
05/07/2026

28/9: Unnskyld - Et requiem: Kjetil Bjerkestrand og Svein Tindberg

Komponist og musikar Kjetil Bjerkestrand (70) fikk ein maidag i 2024 en idé som ikkje sleppte taket: -Resten av menneskeheita fortener ei unnskyldning frå min generasjon - frå menn over sytti. Ei unnskyldning for vår eiga unnfallenheit i møte med klimakrise, urettferd, svolt og fattigdom. For dårlege, beint frem umoralske val. For likegyldigheit. For å tåle urett så inderleg vel, i over sju tiår. Uten å handle. Kva slags håp finst det for menn over 70? Og for alle oss andre?
Framsyninga, med tekst av Svein Tindberg, er eit requiem - og det heiter «Unnskyld».

Tekstlesing: Svein Tindberg
Piano/keys: Kjetil Bjerkestrand
Sang: Beate S. L**h
Geir Sundstøl: Gitarer
Helge Norbakken: Perkusjon
Tekst: Svein Tindberg
Musikk: Kjetil Bjerkestrand

Adresse

Gerhard Voldnes Veg 7
Fosnavåg
6090

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fosnavåg konserthus legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fosnavåg konserthus:

Snarveier

Del