Sommarfesten i Fosnavåg

Sommarfesten i Fosnavåg Sommarfesten i Fosnavåg er arrangert i juni. Her blir det aktivitetar for ALLE og topp stemning☀️🌸

No har vi endeleg landa... ❤️Etter nokre dagar med opprydding, evaluering og ein god porsjon søvn, har vi endeleg fått p...
16/06/2026

No har vi endeleg landa... ❤️

Etter nokre dagar med opprydding, evaluering og ein god porsjon søvn, har vi endeleg fått puste ut etter årets Sommarfest i Fosnavåg.
Og for ei helg det vart! ☀️

Havna var full av flotte båtar, bubilane stod på rekke og rad, sentrum var fylt med folk, latter og liv, og butikkane fekk besøk av både fastbuande og tilreisande. Akkurat slik vi drøymer om at Sommarfesten skal vere!

På scena var det aktivitet frå morgon til kveld, med underhaldning for både små og store. Barneshow, aktivitetar, konsertar, bingo og god stemning – Fosnavåg viste seg frå si aller beste side.

Ei stor og hjarteleg takk går til generalsponsoren vår, Sparebanken Møre. Det er rett og slett mykje enklare å skape festival når ein har så gode støttespelarar på laget!

Tusen takk også til Frøystad AS, Fine Fish, Olympic, BergHansen, Rem Offshore, Metizoft.
Mowi som sponsa barnekinoen, og til Havila, som sponsa barneshowet. Støtta dykkar betyr utruleg mykje og gjer det mogleg for oss å tilby gratis aktivitetar og opplevingar for barn og familiar.

Og så må vi rette ein ekstra stor takk til kjøpmannen vår, Jon Robert Moen på MENY Fosnavåg. Når vi plutseleg manglar noko, treng litt ekstra hjelp eller berre lurer på om det finst ei løysing, så står Jon Robert der, kvar gong, for ein lagspelar💛

Men aller viktigast av alt: Dei frivillige 💛

Dei som bere, riggar, ryddar, skrur, køyrer, handlar, flyttar gjerde, kokar kaffi, heng opp banner, svarar på spørsmål, løyser problem før andre veit at dei finst – og som på mystisk vis alltid dukkar opp når det trengst eit ekstra par hender.

De er Sommarfesten💛

Utan dykk hadde det ikkje vore scene, aktivitetar, konsertar, bubilparkering, pynt, lyd, lys eller folkefest. Sommarfesten er tufta på frivillig arbeid, og det er ganske fantastisk å sjå kva vi får til når så mange bidreg.

Så tusen, tusen takk til alle som har vore med og gjort årets Sommarfest til ein suksess.💪🏻

Vel blåst, alle saman! 🎉

No skal vi nyte litt velfortent kvile før vi så smått byrjar å drøyme om Sommarfesten 2027. 😉☀️

Foto: Agate Kvalsund

Stor takk til Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre og ikkje minst vår egen Kristian som er rågod på å skrive søknada, det er...
15/06/2026

Stor takk til Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre og ikkje minst vår egen Kristian som er rågod på å skrive søknada, det er også ein jobb som må gjerast 💛

Sommarfesten i Fosnavåg, Bygnist i Herøy kommune og Saman for Fosnavåg har fått 110.000 kroner gåvemidlar frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre til etterlengta oppgraderingar i sentrum. No er det etablert faste straumuttak for utandørsarrangement, noko som skal gjere det enklare og billegare...

13/06/2026

Då er Adrian Sellevoll på 🤩🤩🤩

13/06/2026

PANDAPANDA PÅ NO!!!!!

13/06/2026

Carisma jentene, vår egen festivalfrisør er på plass og vi kan melde om topp stemning!!

13/06/2026
Vil du hente ut billetten før konsertstart?? Det fikser vi! Vi blir stående i festivalteltet på: Laurdag kl 15.00- 17.00...
13/06/2026

Vil du hente ut billetten før konsertstart??

Det fikser vi!
Vi blir stående i festivalteltet på:
Laurdag kl 15.00- 17.00.

Husk å sikre deg billett på tikkio, så slepp du å stå i kø 😉

Adresse

Fosnavåg

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sommarfesten i Fosnavåg legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del

Type