31/05/2017
Då er vårt 5-årige kunstprosjekt avslutta med eit dokumentasjonshefte... Frå 2011 - 2016 har vi gjennomført 15 kortvarige hendingar i Førde og omegn.
Heftet inneheld biletmateriale og skildring frå alle prosjekta og ein fin tekst av Grete Huus.
Brosjyra er forma og produsert av Rein Design, Førde.
Heftet vert delt ut gratis og kan plukkast frå skranken i Sogn og Fjordane Kunstmuseum og biblioteket i Førdehuset
Takk til alle som har følgt oss!
Helsing Astrid Wittersø, Merete Hol Tefre, Inghild Sleire, Karen Helga Maurstig og Audgunn Naustdal Holsen