Julehuset. Monicha Landøy

Julehuset. Monicha Landøy julehuset held stengt. velkommen tilbake neste år 😊 Julehuset held stengt i år også. Alle familieaktivitetar har vert stengt sidan korona. Strandgata 35.

Håper å vere tilbake neste år. Kom til Julehuset i Florø og delta på ein juleverkstad som det truleg ikkje fins maken til i landet. I heile adventstida er Byakvariet i Strandgata gjort om til Julehus med ein omfattande materialbuffé som barn og vaksne kan plukke frå. Alle kan delta så lenge ein vil i opningstida og lage så mykje julepynt ein har lyst til. Store barn kan delta utan å ha med vaksne.

Det blir servering av risgraut, julebrus, gløgg og peparkaker. Alle barna får pynte peparkaker og få ansiktsmåling. Foreldre og besteforeldre, ta med dykk barna og besøk Julehuset. Så kan ein av dykk vaksne få gjort unna julehandelen i fred og ro mens resten av familien koser seg med juleverkstad. Her skal vi ta godt vare på dei og sjå til at julestemninga får godgjere seg i ei koseleg, samlande og kreativ stund. Vi er her for å hjelpe til med råd og hjelp. Uansett alder og kreative evner så vil ein finne noko som passar. Godlukta av peparkaker, og roleg julemusikk vil lokke fram den gode adventsfølelsen og i akvariet kan barna få helse på laks, sei og mange andre. Julehuset finn du på Byakvariet i FloraFauna sine lokale midt i Strandgata i Florø sentrum. Vi ynskje velkommen til ei triveleg adventstid på Julehuset.

Adresse

Strandgata 35, Florafauna/Byakvariet
Florø
6900

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Julehuset. Monicha Landøy legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Julehuset. Monicha Landøy:

Snarveier

Del