OperaKysten

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

OperaKysten Opera for og av kystfolket OperaKysten er ein opera basert i Florø, stifta våren 2015. Nora Oleanne Sårheim er kunstnerleg ansvarleg.

OperaKysten ønskjer å vere med på å gje eit breitt og spanande kulturtilbod i kystbyen. Det er vårt føremål å bruke flest mogleg songarar og musikarar med lokal tilknytting, men vi vil også engasjere andre til våre oppsettingar. Nora Oleanne Sårheim, Audun Hareide og Oda Alisøy var alle med i den første fullskala operaen i Florø si historie, då vi synte Der Schauspieldirektor av Mozart. I styret til OperaKysten sit styreleiar Harald Høyvik, Helge Sårheim, Solveig Willis, Elna Berge, Nina Liseth, Cecilia Molander og vara Elisabeth Solheim. OperaKysten søker å samarbeide med andre lag og organisasjonar i kystbyen, for å auke operainteressa i regionen. Ved å melde deg inn i OperaKysten og ved å vere med i OperaKystens vener er du med å støtte arbeidet vårt. Og om du har lyst å trå til for kystkulturen treng vi alltid frivillige og heiagjeng når vi skal sette opp opera. Les meir på heimesiden vår OperaKysten.no

Finfin reportasje om Nora vår ❤️
28/07/2026

Finfin reportasje om Nora vår ❤️

Til hausten skal sopranen Nora Oleanne Sårheim (34) frå Florø jobbe ved Den Norske Opera & Ballett.

Neste veke legg vår kunstnarlege leiar Nora Oleanne Sårheim - Sopran ut på OperaKysten sin årlege sommarturné, og tradis...
17/07/2026

Neste veke legg vår kunstnarlege leiar Nora Oleanne Sårheim - Sopran ut på OperaKysten sin årlege sommarturné, og tradisjonen tru loddar vår gode sponsor SpareBank 1 Sogn og Fjordane 2 billettar til kvar konsert! Kommenter under på denne posten, kven du vil ta med deg og kvar de vil gå på konsert, så er du med i trekninga av 2 gratisbillettar! Vi trekk 1 vinnar på for kvar konsert som altså får ta med seg ein god ven på ein sommarkveld utanom det vanlege!

Sommaropera ved fjorden - Dale - OperaKysten sin sommarturné
Sommaropera ved fjorden - Ålhus - OperaKysten sin sommarturné
Sommaropera ved fjorden - Svanøy - OperaKysten sin sommarturné
Sommaropera ved fjorden - Davik - OperaKysten sin sommarturné

Vinnarane vert trekte måndag 20. juli, og vert kontakta direkte!

13/04/2026

Få plassar att! Dette bør du få med deg!

På vegne av sponsoren vår SpareBank 1 Sogn og Fjordane så vil vi oppmode folk om å få med seg banken sitt årlege gratis ...
12/04/2026

På vegne av sponsoren vår SpareBank 1 Sogn og Fjordane så vil vi oppmode folk om å få med seg banken sitt årlege gratis inspirasjonsforedrag.
Banken sjølv skriv:

«I år vil den prisvinnande skodespelararen Aksel Hennie vere med oss. Saman med forbrukerøkonom Torbjørn Olset set vi fokus på noko som angår oss alle. Korleis små val over tid kan skape retning, tryggleik og nye mogelegheiter – både i livet og i økonomien.

Dette er ein kveld for både unge og vaksne, enten du står framfor viktige val, drøymer om eigen bustad, eller ønsker ny inspirasjon.»

Meld deg på då vel ☺️

I april legg skodespelar og føredragshaldar Aksel Hennie turen til Sogn og Fjordane.

🌟🎶🎶🎶🎶🌟Vi ønsker å takke Kulturrådet for støtta til framsyninga av Der Schauspieldirektor.  Ei slik støtte er eit vere el...
03/04/2026

🌟🎶🎶🎶🎶🌟

Vi ønsker å takke Kulturrådet for støtta til framsyninga av Der Schauspieldirektor. Ei slik støtte er eit vere eller ikkje-vere for små operascener som OperaKysten. Vi er evig takksame ❤️ og kjenner oss særs heldige som får halde fram med å bringe opera ut på holmar og nes, inst i fjordarmar, i løer og kulturhus 🤩

Kulturrådet er et uavhengig organ som gir tilskudd til kunst- og kulturprosjekter over hele landet. Vi forvalter Norsk kulturfond og gir råd til staten i…

Det vert med dette kalla inn til årsmøte.Dato: 16.3.2026Tid: kl. 19Stad: Biblioteket på SMS-senteretVanlege årsmøtesaker...
02/03/2026

Det vert med dette kalla inn til årsmøte.

Dato: 16.3.2026
Tid: kl. 19
Stad: Biblioteket på SMS-senteret

Vanlege årsmøtesaker.

Ved spørsmål:
Ta kontakt med styreleiar Cecilie Udberg-Helle på e-post: [email protected]

Kjære operavener! Takk for i går, det såg ut som artistar og publikum koste seg om kapp på siste forestilling og OperaNa...
18/01/2026

Kjære operavener! Takk for i går, det såg ut som artistar og publikum koste seg om kapp på siste forestilling og OperaNach i Florø i går! Slike kveldar skapar god arbeidslyst og motivasjon for å halde fram i 10 nye år😄

Vi vil også berre nytte høve til roe bekymringane dykkar; det var ikkje våre sopranar som sloss på veg attende til Oslo!

Adresse

Florø
6900

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når OperaKysten legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til OperaKysten:

Snarveier

Del

Kategori