25/07/2026
Mi er framleis i sjokk etter ein heidundrande opning av den førtifemte årgangen av Fjellparkfestivalen. Dette var verkeleg ein kveld for historiebøkene.
Då festivalen tok kontakt og ville gje okke æra av å væra dei første på den nye scenen. Mi skjønte fort at mi måtte slå på så mange stortrommer som mogleg og skape ein gedigen folkefest.
I Villblome finner du tidlegare bookingansvarlege, skjenkeansvarlege, økonomiansvarlege og tekniske sheriffar så mi tok den historiske oppgåva med blodig alvor og byrja å ringa rundt, utveksle kalendrar og holda det hysj-hysj for maksimal ryktespredning. Mi ønska å skrapa ihoba det største bandet Fjellparken någen gong har opplevd og å verkeleg å gjere stas og ære te Flekkefjord og Fjellparken sin rike musikalske historie.
Mi tok tidleg kontakt med tidlegare teknisk sjef Arne Reidar Skage Sr og han satt opp eit fantastisk arrangement til blåserekke, godt akkompagnert av gullsmed Erik Peersen. Å få ut heile Flekkefjord kommune sin flannellordførar Torbjørn Klungland te å synga Gamlevegen Heim er någe me sjeldent kjem te å gløyme. Å få med tidlegare Bookingsjef og Bloodlights-trommis Vidar Åsly på dobbeltromming var ein real fryd, med heile Noregs Blueskonge Arne Skage på slide og Gamle Nes Kommune Gospelkor med Juliane Senland, Anne Furubotn og Ane Nordås på njudelig koring så kunne det nesten ikkje bli betre. Det er ikkje kvar torsdag at tri generasjonar av same slekt kan stå på same scene og spele same melodi. Det å kunne dele scenen med musikalske førebileta og samle ein forrektig supergruppe med medlemmer frå blant anna Forbanna, Mockba, Garderobe på eget ansvar, MONDO TRASHO, Radiojørn, Grønnes Bad & Jazz forsyning og dei originale fjellparkarane i Mr Jones var ein draum som blei til røyndom. Å attpåtil klare å få båe Hollenderbyens Dannede Duer og Flekkefjord Sangforening på scenen var sjølve prikken over kransekaka. Mi telte 45 på scenen på det meste og kan nå trygt sei at den nye scenen klarer å bære den historiske tyngda te Norges lengstlevande rockefestival i tida framøve!
Men mi forstod at det var ein mi verkeleg måtte få med på scenen for at det skulle gje meining. Mi måtte få med Stene Osmundsen. Det var det einaste som var riktig, sjølv om lenge virka det umogleg så er jo Fjellparken der draumar blir sanne. Same parken som Stene gjekk familietur i for godt over førtifem år sidan og tenkte «her må mi jo laga festival». Han var med og han ville spele så lenge som mogleg. Mi fekk frysningar nerøve ryggen. Det var ubeskriveleg stort for okke, då mi såg utøve publikum skjønte mi fort at dette var stort for dokke au.
Ein stor takk te adle som var på scenen, og ein enda større takk te adle som tok turen opp for å ta del i historia, te dei i pitten og te dei som satt seg med dei gode benkane! Takk te dei gode teknikarane for at det hørtes ut som ein million dollar! Ikkje minst ein stor takk te Fjellparken for å gje okke tillit til å dra dettan i hamn, og at dokke klare å skape ein fantastisk festival tufta på frivillighet, ståpåvilje og ungdommeleg frimod!
Takk te Stig I Lona for å foreviga augeblikket!
Mi trenge endå granne tid te å komma okke tebage ner te bakken, men når det skjer så sette mi støvlettane mot Storhaug Countryfest 2026. Sjåast der og takk for ein historisk festival!