Fister Bygdaråd inviterer til ein familiedag med fokus på bulyst, næringsliv og fellesskap med ei rekke aktiviteter kombinert med lokal mat og musikk
Adresse
Fister
4139
Nettsted
Varslinger
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fisterdagen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Bedriften
Send en melding til Fisterdagen:
Type
Vår historie
På Fister bur det rundt 440 fastbuande og 200 fritidsbuande - og saman bidrar me til det som er ei fargerik, spennande bygd midt i Ryfylke!
Fister har ei lang historie med dugnad og intiativtaking, og dei som bur her, heilt eller delvis, gjer ein stor innsats for å få ting til. Då Fister opplevde at nærbutikken blei nedlagt 24. april 2015, skjedde det noko i bygda. Når lyset i krysset slukkja, blei det veldig stilt. Og slik blei Fisterdagen til ...
Med drahjelp frå kultursjefen i Hjelmeland, Eldfinn Austigard, ein komité med ildsjeler frå bygda, lag og foreningar, bedrifter og sponsorar, samt ein god gjeng frivillige fekk Fister den dagen ein trengte! Med fokus på treffpunkt og bulyst, kva Fister kan by på av næringsliv og frivillighet, fekk me vist fram bygda på ein kjekk måte.
Fister Bygdaråd inviterer derfor igjen til ein sosial familiedag i Fistervågen! Fellesskap med aktiviteter, lokal mat og musikk med konsert og Fisterpub.