26/07/2026
TAKK FOR I ÅR: Hilme 2026 er no historie, og det er tid for å takke.
Ein stor takk går til alle artistar, kurshaldarar, deltakarar og publikum. Vi hadde eit stort og variert program med artistar i toppklasse! Publikum strøymde til og fylte opp sal og stover. Moro er det at så mange også vil vere instruktørar på kurs, og interessa for å gå på kurs er stor. Her gjer Hilme ein stor og god jobb i vidareføring av folkemusikken og -dansen. Takk for at de kom, dansa, lytta, spelte, song og deltok – vi møtast att til neste sommar!
Dei frivillige, hilmeheltane, må også få sin takk. De står på seint og tidleg og kvar og ein av dykk er utruleg viktige for at festivalen går så bra! Over 70 arrangement har vi gjennomført – takk for strålande god innsats. Invitasjon til fest kjem 😊
Sist, men ikkje minst, må vi få takke vår lokale hovudsponsor SpareBank 1 Hallingdal Valdres – de gjer denne festivalen mogleg. Takk også til samarbeidspartnar og hovudarena Valdresmusea for unike rammer til festivalen vår. Vidare må vi takke Retura Val-Hall As og Griug for god hjelp til avfallshandtering og tilrettelegging for straum på Jaslangen (sjølv om dette bles bort i år).
Utan økonomisk støtte, ingen festival. Takk også til: Kulturrådet, Sparebankstiftelsen DNB, Sparebankstiftelsen Hallingdal, Bergesenstiftelsen, Valdres Natur- og Kulturpark, Innlandet fylkeskommune, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Vestre Slidre kommune, Nord-Aurdal kommune, Vang kommune.
Med ein liten bildekavalkade takkar vi for i år – velkomne att neste sommar. Veke 28, som alltid, 12.-18. juli 2027.
Foto: Ingrid Elise Bråten