Dans Uten Grenser Førde

Dans Uten Grenser Førde "EIN PLASS FOR ALLE"

Dans uten grenser i Førde er eit tilbod for barn og unge i alderen 6 -19 år. Vi forventar at du viser respekt for andre.

Den frivillige instruktørgruppa Adrenalin har ansvaret for all undervisning og seier sjølve at Dans uten grenser skal vere: "Ein plass for alle". Personvernerklæring for Facebook
Denne personvernerklæringa fortel korleis Sunnfjord kommune samlar inn og brukar personopplysningar frå Facebook. Målet er og gje deg overordna informasjon om behandlinga vår av personopplysningar. Her finn du informasjo

n om kva personopplysningar vi samlar inn på våre Facebook-sider og oversikt over bruksvilkår som er gjeldande. Vår behandling er i samsvar med Personvernforordningen (GDPR), norsk lov av 15.juni 2018 nr.38 om behandling av personopplysninger (Personopplysningsloven). Ansvarlig part
Sunnfjord kommune er ansvarlig part for den databehandlinga som er kravd for å kunne levere tenesta som er skildra i denne personvernerklæringa. Dette omfattar ikkje databehandling som gjeld såkalte "Site Insights", der vi delar ansvaret med Facebook Ireland Limited ("Facebook"). Husk at bruk av vår side inneberer ytterlegare behandling av personopplysningane dine frå Facebook si side, som ikkje er avgrensa av det som skjer innanfor "Site-Insights". For dette viser vi til personvernerklæringa frå Facebook: https://www.facebook.com/privacy/explanation. Om vår side blir lenka til andre Facebook-sider eller online-innhald gjeld personvernerklæringa til desse tenestene. Du kan kontakte oss på e-post; [email protected] eller Personvernombod i SySIKT: [email protected]
Generell databehandling
Slik kan du samhandle med andre på Facebook-side:
• poste ein kommentar på veggen
• legge inn ein kommentar på ein post
• like ein post
• dele ein post
Ver merksam på at Facebook-sida er offentleg og andre kan sjå all informasjon. Vi kan ikkje kontrollere korleis andre side-brukarar behandlar denne informasjonen. Dei opplysningane som blir lagra om deg er dei opplysningane som du legg att når du opprettar Facebook-konto saman med dei opplysningane du legg att når du besøker Facebook-sida vår. Dette gjeld både samhandlinga di på Facebook-sida vår og statistikk som blir generert av denne aktiviteten. Det er Facebook som handtera sletting av personopplysningar, sjå; https://www.facebook.com/privacy/explanation
Analyse av bruk / Site-Insights
Saman med Facebook kan vi analysere korleis du brukar vår Facebook-side (Site-Insights). Informasjonen som blir kravd av GDPR om behandling av data for Site-Insight finn du i Facebook si personvernerklæring; https://www.facebook.com/privacy/explanation. Innanfor konteksten av Site-Insight vil vi berre motta anonymisert statistikk. Vi har ingen tilgang til personlege opplysningar som blir behandla av Facebook. Endring av denne personvernerklæringa
Denne personvernerklæringa er oppretta dato 01.11.23
Utvikling av Facebook-sidene våre kan få verknad for måten vi handterar personopplysningar, og dette kan føre til endringar i personvernerklæringa. Bruksvilkår for Facebook-sida vår
Facebook gir deg høve til å samhandle med andre. Du er inneforstått med at innhald posta av brukarar på Facebook-sidene våre ikkje nødvendigvis speglar våre haldningar. Vi kan etter eige skjønn slette innhald som er støytande eller som ikkje stettar norsk lovgjevnad. Sjå kommunen si generelle personvernerklæring for kva rettar du har etter GDPR; https://sunnfjord.kommune.no/om-oss/postliste-og-innsyn/personvern-og-innsyn-2/

Kjøp bilettar her: https://fordehuset.no/dans-uten-grenser-fy25gft/        "Ei tidsreise"Dans Uten Grenser Førde inviter...
17/04/2026

Kjøp bilettar her: https://fordehuset.no/dans-uten-grenser-fy25gft/

"Ei tidsreise"
Dans Uten Grenser Førde inviterer til vårframsyninga "Ei tidsreise".
Bli med Adrenalin og elevar på ei spennande reise gjennom tid og dans- frå fortid til notid, og kanskje eit glimt av framtida. Gjennom rytme, rørsle og uttrykk tek dansarane deg med på ei oppleving fylt av energi, kreativitet og danseglede. Framsyninga passar for alle aldersgrupper- ta med familie og vener.

Velkommen til ei framsyning du ikkje vil gå glipp av.☺️

Vil du eller kjenner du nokon som kunne tenkje seg å bli instruktør i Dans Uten Grenser Førde? I vår skal vi arrangere P...
22/03/2026

Vil du eller kjenner du nokon som kunne tenkje seg å bli instruktør i Dans Uten Grenser Førde?

I vår skal vi arrangere Prøvedans igjen. Informasjon til elevar og føresette er sendt ut til elevar som er i målgruppa (fødd mellom 2010 og 2014), på e-post.

Vi har også laga denne digitale versjonen, slik at gutar og jenter, som ikkje er elevar hjå oss kan få melde seg på, dersom dei ynskjer det.
Skann qr kodane eller bruk linkane under.
INFORMASJON: https://docs.google.com/document/d/1SRQwtviaNnMLkXdDoDPH02JtVhwo7_Dl/edit?usp=sharing&ouid=104607733632734985475&rtpof=true&sd=true
PÅMELDING:
https://forms.gle/9cJ2m3VBVYxMVLD36
(bildet er ai-generert)

12/01/2026

Semesterstart er neste veke, i veke 4. Informasjonsmail er sendt ut til føresette. Om du ikkje har motteke den, gje oss beskjed 📧

Adresse

Førde
6800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Dans Uten Grenser Førde legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Dans Uten Grenser Førde:

Del