Vanylvsråkk

Vanylvsråkk Musikkfestival Det nye konseptet er i større grad tilpassa regionen.

Frå Vanylvsfestivalen til Vanylvsråkk

Når vi no har etablert ein organisasjon som skal vidareføre festivalkonseptet vi kjenner til frå 2008-2010, så er det med eit ynskje om at dette skal utgjere ein forskjell for heile kommunen. På to dagar i juli vil vi presentere ei stor spennvidde av musikalske opplevingar frå scena, det meste er norsk men også noko frå utlandet. Festivalen er forma av ungdom

, bygdelag og organisasjonane som ein ikkje kunne vore utan når vi no skal gjere dette lokale løftet for Vanylven og for regionen.

- med hjartet i Vanylven og musikken i hjartet -

24/04/2016

Vi minner om at det desverre ikkje vert arrangert Vanylvsråkk i år.
-Styret

08/04/2016

SJÅ HER!
Vil minne om dette, og håpar kanskje de vil hjelpe oss å dele dette slik at det kan nå ut til so monge som mulig 😊
For at vi på beste og sterkast mulig vis skal kome attende neste år, set vi stor pris på tilbakemeldingar 😊

02/04/2016

Kjære alle følgera og Vanylvsråkkera!
Vi har no i lang tid jobba mykje og hardt med å få til nok ein Vanylvsråkk, og det er med tungt sinn vi må meddele at det desverre ikkje vert arrangert i år. Dette er det fleire årsaker til. I fjor nådde vi ikkje heilt det besøkstalet vi hadde håpa på, og vi registrerte då at særleg fredagen øydela festivalresultatet våra.
Dette har vore ein trend siste par åra.
Vi er også monge om beinet innan festivalbransjen, og det er hard kamp om sponsormidlar, annonsekjøp og dei rette artistane! I år har vi sett især at artistane har vore tidleg booka, og at det ikkje er monge att å ta av. Den tidlege bookinga har og pressa prisane, som igjen fører til at ein liten festival som oss ikkje når opp som "the highest bidder". Vidare veit vi at det har vore eit tøft år økononisk for næringslivet, som vi er så avhengig av når vi er ein så liten aktør på marknaden.
Å arrangere ein festival krev mykje av mange, ikkje berre oss i styret, men også lokalsamfunnet. Kvart eit einaste år, har lokalbanken vår, Sparebanken Møre, støtta oss og våre med som vår desidert største og viktigaste sponsor. Også i år var dei klare til å være med og viser med det at dei har trua på oss og det vi prøvar å gjer for alle i og rundt kommuna vår. Vi har ôg alle åra våre heldige med so mange frivillige, og utan dykk ville det aldri gått. Målet no må være at vi skal klare å legge oss opp nok kapital til neste år, slik at vi føler det er trygt å sparke i gong ein festival, og håpar at de då igjen står klare til å drage lasset ilag med oss💪. Vi tek gjerne imot synspunkt og meiningar, ønsker og råd so vi kan ta med oss på vegen det komande året.
Håpar at vi alle skal synge og danse oss ilag gjennom Vanylvsråkk neste år 😊
- Styret

Her er det berre å starte mimringa frå Vanylvsråkk 2015😄😁
21/07/2015

Her er det berre å starte mimringa frå Vanylvsråkk 2015😄😁

Bilder frå årets Vanylvsråkk! Håpar dykk ser nokre kjende fjes og ser tilbake på gode minner :) Tagg gjerne deg sjølv og dei du kjenner :)

Rettigheitene til bileta tilhøyrer Laura Blikeng.

08/07/2015

Stemning: Jaa9 & OnklP var hovudtrekkplasteret på Vanylvsråkk fredag. Dei sørgde for god stemning for dei frammøtte på festivalen på Saga på Eidså. Foto: Janne Weltzien Listhaug

07/07/2015

Vi har funne ei svart skinnjakke til dame på festivalområdet søndag under oppryddinga. Nokon som saknar denne?☺👌

EI VIKTIG LESNING TIL ALLE SOM BESØKTE OSS PÅ LAURDAG:Endå ein Vanylvsråkkfestival over. Dette har etter vår meining vår...
06/07/2015

EI VIKTIG LESNING TIL ALLE SOM BESØKTE OSS PÅ LAURDAG:

Endå ein Vanylvsråkkfestival over. Dette har etter vår meining vår ein av dei beste vi har arrangert, og då særleg med tanke på laurdagen. Vi har hatt veldig mange flotte og ekstremt dyktige artistar på scena, der særleg CC Cowboys leverte blytungt!!
Men i år er det likevel nokon vi vil trekke ekstra fram, BlodsBrødre

Som tradisjon tru, avslutta dei i år som tidlegare, men under litt andre omstendigheiter. Berre etter nokre få RÅ norske rockehits, fekk hovudvokalist Magne, store smerter i brystet og måtte forlate scena. Profesjonelle og dyktige ansatte i ambulansa, samt snarrådige frivillege i frå Røde Kors, sørga for at han vart godt i vareteken og umiddelbart frakta til legevakta for kontroll. Heldigvis gjekk alt bra, og heldigvis var både ambulansa og Røde Kors rett ved scena, noko som både vokalisten sjølv og resten av dei i Blodsbrødre ikkje kan få takka nok for!
På tross av hendelsen, valgte Blodsbrødre etter klar oppfordring frå Magne sjølv, om å fortsette showet for 1000 feststemte sjeler. Og aldri kan vi huske å ha sett og opplevd eit liknande show!! Folk song, rocka, hoppa og dansa ilag med dei fantastisk flotte og dyktige musikarane i Blodsbrødre. Makan til musikk - og speleglede har vi ikkje opplevd på Saga før!
So tusen takk Blodsbrødre, for ei rå avslutning på ei rå festivalhelg :D :)

Alt er publisert med tillatelse frå besetninga i Blodsbrødre, med eit sterkt ynskje om å få takka nok ein gong arrangørar, Vanylven Ambulansetjeneste og Vanylven Røde Kors for rask bistand og tryggheit. Utan denne tryggheita, hadde det våre umogleg for oss andre å fortsette showet, seier Blodsbrødre til oss. Alt går bra med Magne, og dei håpar å få kome attende til Vanylvsråkk igjen :) Med dette ynskjer vi god betring til Magne og håpar vi ser han att på scena vår, like gira og entusiastisk som han vår då han etra den på laurdag :)

Foto: Blodsbrødre

05/07/2015

Nok ein gong, har 150 frivillege drege i land den flotte festivalen vår som vi er så stolte over!
TUSEN TAKK til alle dei som har rydda området, sett opp telt, kobla straum og lagt opp vatn, rigga scene, lyd og lys, hengt opp plakatar, vore våre små ambassadørar, henta og bringa, snekra og bært, innreda og ommøblert, vaska og rydda, kokkelert og servert, sjenka og smilt, haldt ro og orden, passa på, varta opp artistar, kjørt land og strand, telt pengar og handtert det økonomiske, selt billettar og festa band, stua bila og campingvogner, vaska toalett og kosta golv..for å nemne litt.. TUSEN TAKK for at akuratt DU stiller opp med eit stort smil, eit slikt pågongsmot og entusiasme. Utan DEG hadde ikkje Vanylven Kommune hatt Vanylvsråkk 😄👏

Etter kvart kjem også bileta i frå årets råkk, så fylg med 😁
Håpar vi sjåast til neste år 👊👏

05/07/2015

Vi er i full gong med å rydde opp etter årets Vanylvsråkk inne på Saga, og her er mykje å ta tak i! Om nokon kunne tenke seg hjelpe til å rydde litt, hadde vi sett stor pris på det 😄☺👏

For ei fantastisk helg det har våre!!! Vi håpar at ALLE har kosa seg like mykje som oss 😁👏
05/07/2015

For ei fantastisk helg det har våre!!! Vi håpar at ALLE har kosa seg like mykje som oss 😁👏

Det såg ikkje ut til å vere nokon misnøgde partar på Vanylvsråkk laurdag kveld.Artistar og arrangørar skryt.

CC COWBOYS levera på Vanylvsråkk, og med stinn brakke er det ekstra kjekt👏
04/07/2015

CC COWBOYS levera på Vanylvsråkk, og med stinn brakke er det ekstra kjekt👏

Fantastisk start på laurdagen med strålande sol og Dalsfjorden Bluegrassband😄
04/07/2015

Fantastisk start på laurdagen med strålande sol og Dalsfjorden Bluegrassband😄

Adresse

Saga
Eidså
6142

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vanylvsråkk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del