13/04/2025
Ole T. Førde (1862-1926) var ekspeditør på Isane for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe frå 1. april 1900, kontrakt signert 9. desember 1899.
Fram til ca 1895 stoppa ikkje rutebåten/dampen på Isane.
Buda vart bygd ca 1920, då Alfred Førde starta med handel i inste kjellaren i Førshuset før han bygde huse og butikk ned med sjøna i 1928. Kaia vart bygd i 1936 og før den tid måtte ekspeditøren ro ut på fjorden for å møte «dampen» og ta imot og levere gods, post og passasjerar. Mons Isene tok over som ekspeditør i løpet av 1920-åra. Bergensbåten stoppa eit par gongar i veka, fjordabåtane vart og ekspederte.