01/06/2026
Takk til alle som var der på lørdagens åpning🌸
For en flott opplevelse dette var!
Glad for å få delta.
Mitt verk i samarbeid med , foto og installasjon «kanskje om jeg ble sett» vil bli hengende ut perioden.
Se for mer info.
Tekst hentet fra :
I går var det full parkeringsplass og stinn brakke – og skikkeleg gama på Landeskogen!
For ei opning me fekk! Folk kom frå nær og fjern, huset vart fullt, praten gjekk, og kunsten fekk verkeleg den merksemda han fortener.
Me er både glade, stolte og takksame for den store oppslutninga. Tusen takk til alle som tok turen, til kunstnarane som stiller ut, til dei frivillige som har hjelpt til, og til alle gode støttespelarar i Grendi, Byglandsfjord og Bygland.
Det va rett og slett stor gama å sjå så mange samla her på Landeskogen, og kjenne på stemninga og interessa for det me prøver å byggje opp.
Utstillingane er no opne, og me gler oss til å ta imot endå fleire gjester gjennom sommaren. Hugs at dette òg er ei salgsutstilling, så her er det mogleg å få med seg eit kunstverk heim.
Takk for ein stor dag på Landeskogen Kunstsanatorium – dette ska me leve lenge på!
—
Yesterday we had a full parking lot, a packed house, and a wonderful atmosphere at Landeskogen!
Thank you to everyone who joined us for the opening. The exhibitions are now open throughout the summer, and many of the artworks are available for purchase.
—
Gestern hatten wir einen vollen Parkplatz, ein volles Haus und eine fantastische Stimmung im Landeskogen!
Vielen Dank an alle Besucherinnen und Besucher. Die Ausstellungen sind nun den ganzen Sommer über geöffnet, und viele der Kunstwerke stehen zum Verkauf.
Takk til for lån av fotoutstyr.