Meir mål i Rogaland

Meir mål i Rogaland Nynorskprosjektet i Rogaland. Snakk dialekt, skriv nynorsk! Kontakt: [email protected]

Stemningsrapport frå veka som har gått! No har fleire skular i Time, Klepp, Hå, Gjesdal, Sandnes og Strand fått utlevert...
19/06/2026

Stemningsrapport frå veka som har gått! No har fleire skular i Time, Klepp, Hå, Gjesdal, Sandnes og Strand fått utlevert klassesett av Norske sjørøvarar av Anders Totland, og alle er svært fornøgde med gåva. Ei kjapp opptelling viser at eg har delt ut over 900 bøker denne veka, og eg har enno ikkje vore i Dalane og på Haugalandet. God helg!

Fyrste runde med levering av Norske sjørøvarar av Forfattar Anders Totland er unnagjort! Det var barneskulane i Hå kommu...
15/06/2026

Fyrste runde med levering av Norske sjørøvarar av Forfattar Anders Totland er unnagjort! Det var barneskulane i Hå kommune som fekk det fyrste lasset, og så satsar eg på å levera bøker til skular i Time, Klepp, Gjesdal og Strand i løpet av veka.

«– Det kan bli eit fint undervisingsopplegg rundt dette, i tillegg til at elevane får lesa ei velskriven bok med flotte ...
13/06/2026

«– Det kan bli eit fint undervisingsopplegg rundt dette, i tillegg til at elevane får lesa ei velskriven bok med flotte teikningar. Eg håpar særleg at boka kan bidra til leseglede hos unge gutar, seier Trond Salte.»

På 90-talet var eg ein ung gut som elska å lesa sånne bøker som dette. Om så berre éin einaste ung gut finn leseglede med dette prosjektet, vil det vera verd det.

– Det kjennest som ein ekte siger, seier forfattar Anders Totland om at Trond Salte redda restopplaget på over 2000 av sjørøvarboka hans.

Nynorskagenten sit ikkje berre på Garborgsenteret og drikk kaffi for skattepengane dine! I dag måtte eg få skit under ne...
10/06/2026

Nynorskagenten sit ikkje berre på Garborgsenteret og drikk kaffi for skattepengane dine! I dag måtte eg få skit under neglene og driva med fysisk arbeid då nesten 2000 eksemplar av Norske sjørøvarar av kom til Time bibliotek. Heldigvis hadde eg ein fem år gamal nynorskassistent som ikkje kunne gå i barnehagen, til å hjelpa meg. Bøkene blir delt ut som klassesett til barneskular på Jæren og i resten av fylket.

Nynorsken er under enormt press i min eigen heimkommune, Sandnes. I dag har Ingar Arnøy (bak kameraet) frå Noregs Mållag...
09/06/2026

Nynorsken er under enormt press i min eigen heimkommune, Sandnes. I dag har Ingar Arnøy (bak kameraet) frå Noregs Mållag, Inge Kristian Sunde frå Sandnes Mållag, og eg vore i møte med rådgjevar for barnehagar i Sandnes kommune, Charlotte Østby Nærheim, om bruk av nynorske tekstar og song på nynorsk og dialekt i barnehagen. Nynorskelevane har blitt i mindretal på nynorskskulane Sviland og Høle, men om nynorsk blir tematisert allereie i barnehagen, og det blir ein tydelegare samanheng mellom språkopplæringa i barnehagen og det språket dei møter på skulen, vil kanskje færre foreldre velja bokmål for ungane sine. Bokmål lærer dei jo uansett!

I dag har eg vore på Varhaug skule i Hå for å snakka om jærdialekt, identitet og nynorsk for elevar på 6. trinn. I tille...
27/05/2026

I dag har eg vore på Varhaug skule i Hå for å snakka om jærdialekt, identitet og nynorsk for elevar på 6. trinn. I tillegg til godt engasjement og kommunal kaffi fekk eg ei lita omvising på det flotte biblioteket på skulen. Kvar bok er full av ting du ikkje veit; kvar bok er eit lite mysterium!

Har fått inn eit lass med novellesamlinga Vegar ut til alle kantar. 14 noveller av mellom anna Tore Renberg, Oda Malmin ...
21/05/2026

Har fått inn eit lass med novellesamlinga Vegar ut til alle kantar. 14 noveller av mellom anna Tore Renberg, Oda Malmin og Arne Garborg. Er det nokon ungdomsskular eller vgs som ynskjer klassesett?

Adresse

Hetlandsgata 11
Bryne
4344

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Meir mål i Rogaland legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del