Jorddøgn litteraturfestival

Jorddøgn litteraturfestival Ein litteratur- og debattfestival på Jæren om jord og jordbruk.
15. - 18. okt 2026! Me ønskjer å tiltrekka oss nasjonal og regional merksemd. og Time historielag.

Festivalen skal nyttast til å ta opp aktuelle problemstillingar knytt til jord, jordbruk og natur, og til å undersøkja språket menneska brukar om desse tema, både det litterære, kvardagslege og fagleg/politiske. Eit overordna mål med festivalen er å skapa rom og gje ei scene til nye måtar å tenka og snakka om dei ulike problemstillingane på, då det å finna ein berekraftig og ny grøn veg, utan at u

tviklinga kollapsar, er ei heilt avgjerande utfordring for vår tid. Jordbrukskonseptet inneber ein hyllest til den jærske bonden og den jærske jorda, då den har gitt opphav til mykje av industrien vår og språk- og kulturuttrykka våre. Ein tanke som ligg til grunn for festivalen er at litteraturen i kombinasjon med jordbruket har eit viktig bidrag å gje til debattane om matproduksjon, jordvern og næringsliv. Me ser på skjønnlitteraturen som eit kulturuttrykk som evner å setta ord på, og romma kompleksiteten i dei spørsmål folk til eikvar tid er opptekne av, både daglegdagse og eksistensielle. Skjønnlitteraturen kan skapa ein større samtale om utvalde jordbruksrelaterte tema, og gje grobotn for både politiske og filosofiske samtalar og debattar. Me ønskjer å nå ut til både byfolk og bønder, både på Jæren og elles i landet. Festivalen blir driven av stiftinga Litteraturhuset på Jæren. Bak konseptet står Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, Bjørn Hagerup Røken, Lillian Utne, Inger Størseth Haarr, Gudmund Edland og Peter Strassegger (festivalleiar). Me har fått støtte frå Kulturrådet, Rogaland Fylkeskommune, Jæren Sparebank, Fritt Ord, Bondekompaniet, Garborgsenteret/Time bibliotek, TKS Agri og Rogaland forfattarlag. Me samarbeider også med Tekstallianse, Bokhuset i Stavanger, Foreningen Snakk!

Siri Helle er aktuell med Grasboka, ei bok der ho fortel historia om desse viktige, grøne vekstane. I haust kjem ho til ...
29/06/2026

Siri Helle er aktuell med Grasboka, ei bok der ho fortel historia om desse viktige, grøne vekstane. I haust kjem ho til Jorddøgn for å halde føredrag om nettopp gras. Hurra!
Følg med på www.jorddogn.no


Dreyers forlag

Foto: Privat/Dreyer forlag

26/06/2026

Konklusjon frå gårsdagens programrådsmøte: Programlansering 1.sept på www.jorddogn.no!


Ole Thorstensen, tømrar og forfattar av bøkene 'En snekkers dagbok" (2015), "Bare en jobb" (2022) og aktuelle "Hendenes ...
18/06/2026

Ole Thorstensen, tømrar og forfattar av bøkene 'En snekkers dagbok" (2015), "Bare en jobb" (2022) og aktuelle "Hendenes metode" (2026) kjem til Jorddøgn i haust!

Foto: Maria Vihovde

Hald av 16.-18.okt! Program kjem snart på www.jorddogn.no

Me i Jorddøgn støttar Åse-Marie Nesse si venegruppe i dette, og er glad for at Klepp kommune no har vedteke å kjøpe dikt...
16/06/2026

Me i Jorddøgn støttar Åse-Marie Nesse si venegruppe i dette, og er glad for at Klepp kommune no har vedteke å kjøpe diktarhytta!
..og me blir gjerne med på å lage arrangement i hytta. 😉

Me løftar ilag, som dei seier litt lengre sør på Jæren, for eit levande og grøderikt kulturliv på markene over heile Jæren!

Å setje opp Mexico-Lexico igjen – denne gongen i vårt eige Plogen kulturhus – er ein god ide vi i Åse-Marie Nesse veneforeining er heilt einige med Høgre i. Og det er ingen motsetnad i å gjera dette og samstundes sikra diktarhytta på Sele – tvert imot vil det eine hjelpa det andre i form...

OPPSPARK MED JOHANNE NYBORG!Hald av 23.september. Då kjem forfattar og fotograf Johanne Nyborg for å snakke om debutboka...
12/06/2026

OPPSPARK MED JOHANNE NYBORG!
Hald av 23.september. Då kjem forfattar og fotograf Johanne Nyborg for å snakke om debutboka, Tolv dagar i april. Kor? På Bjerkreim såklart, i forkant av NM i saueklipping!
Følg med på www.jorddogn.no for meir info snart.OPPSPARK MED JOHANNE NYBORG!
Hald av 23.september. Då kjem forfattar og fotograf Johanne Nyborg for å snakke om debutboka, Tolv dagar i april. Kor? På Bjerkreim såklart, i forkant av NM i saueklipping!
Følg med på www.jorddogn.no for meir info snart.

Foto: Sara Angelica Spilling


Samlaget Johanne Nyborg

Craft Psykologi på Jorddøgn! Danske Anne Kirketerp Lindstad er håndverkslæraren og psykologen som har skapt fagstudiet C...
29/05/2026

Craft Psykologi på Jorddøgn!

Danske Anne Kirketerp Lindstad er håndverkslæraren og psykologen som har skapt fagstudiet Craft Psykologi.

Møt henne på Jorddøgn i haust, der ho kjem for å fortelja om korleis strikking og bilmekking styrkar psyken vår!

Hels på vår nye Bjerkreim-delegasjon. Eirik Magnus Fuglestad og Bjørn Tore Birkeland er to samfunnsengasjerte bønder frå...
28/05/2026

Hels på vår nye Bjerkreim-delegasjon.
Eirik Magnus Fuglestad og Bjørn Tore Birkeland er to samfunnsengasjerte bønder frå Bjerkreim. Eirik er i tillegg forskar ved Ruralis og Bjørn Tore er lærar og lokalpolitikar m.m.
Me er svært glad for å ha dei med på laget vårt!

Fyrste innspel: Kva med å få Jorddøgn til NM i saueklipping i Bjerkreim i slutten av september?

Følg med for program snart!

NAMNESLEPP: Sundag 18.okt kjem Noregs mest originale forfattar Thure Erik Lund til Jorddøgn for å halde årets Jorddøgnfø...
21/05/2026

NAMNESLEPP: Sundag 18.okt kjem Noregs mest originale forfattar Thure Erik Lund til Jorddøgn for å halde årets Jorddøgnføredrag!
Følg med for fleire namneslepp frå årets program snart...
Foto: Aschehoug

Hald av 16. - 18. oktober, då blir det Jorddøgn igjen!
24/04/2026

Hald av 16. - 18. oktober, då blir det Jorddøgn igjen!

Adresse

Bryne
4340

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Jorddøgn litteraturfestival legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Jorddøgn litteraturfestival:

Snarveier

Del

Type