01/03/2026
Nokre avgjersler er ikkje brå, men veks fram over tid.
Og det er ei tid for alt.
16 år med Fantefølge, det er noko å vera stolte av!
Då me starta i 2010, så var planen å sette opp Reisen til Julestjernen og skapa eit teatermiljø for oss sjølv og ungane våre her på Bryne. Me kontakta Jærbladet fordi me trengte ungar til nisseflokken, og over 100 meldte seg. Derfor starta me same haust grupper i både dans og teater, og sidan har det berre auka på i fantegjengen vår.
Det har vore fantastiske år, travelt, sosialt og givande på alle vis. Over 1000 barn og vaksne frå heile Jæren har vore ein del av Fantefølge, og me håpar gleda, meistringa og minnene vil leva vidare lenge.
Barnegruppene våre rundar av med ei flott danseforestilling og ein felles teaterfestival i Storstova før sommaren.
Og vårt siste sprell blir i desember. Me avsluttar slik me starta - med Reisen til Julestjernen 💫
Tusen takk for tilliten gjennom alle desse åra ❤
"Frå oppsetninga av Reisen til Julestjernen 2023"