Brandal grendehus

Brandal grendehus Utleige av lokaler. Brandal skule:

Planlegginga av bygget tok til i 1917 og skulen vart innvigd 28. Her var skule fram til 1968 då den nye skulen vart opna.

juni 1919 med stor festivitas og laksemiddag for heile krinsen. Skulen vart i heile denne perioden også brukt som samlingshus for krinsen. Alle festar og 17. maifeiringar vart haldne her. Brandal bedehus:

Brandal krins kjøpte bygget for å bruke det til bedehus. Ombyggingsarbeidet starta i 1969, og opningsfesten vart halden i april 1971. Brandal bedehus/grendehus:

I 2011 vart vedtektene for bygge

t endra slik at huset vart kombinert bedehus og grendehus. Namnet vart endra til Brandal bedehus/grendehus. Utleige til Brandal Friskule

Våren/sommaren 2011 vedtok Hareid kommunestyre å ikkje lenger leige ut skulebygget til Brandal Friskule. I tillegg vedtok dei å selje skulen og skuleområdet. Friskulelaget inngjekk ein leigeavtale med bedehuset/grendehuset, og bygdefolket i Brandal sette i gong ein imponerande dugnad sommaren 2011. På rekordtid vart bygget oppgradert slik at det kunne stette krava til skulebruk. Friskulen tok så bygget i bruk hausten 2011. I juni 2016 kjøpte Brandal Friskule skulebygget i Brandal og sa opp leigeavtalen. Friskulen leigde grendehuset ut oktober 2016.

27/02/2026

Det vert årsmøte i Brandal grendehus onsdag 18. mars 2026 kl. 19 på grendehuset.
Vanlege årsmøtesaker.
Framlegg til saker må sendast til leiar seinast 11. mars 2024.

Adresse

Almestadbakken 13
Brandal
6062

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Brandal grendehus legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Brandal grendehus:

Snarveier

Del