28/05/2026
Vi er stolt over å lansere vår heilt nye framsyning: "DRAUG"!
Bli med inn i eit univers inspirert av nordiske sagn og folketru frå kysten.
Ein co-produksjon med vår gode samarbeidspartner Senja Barnefestival! Framsyninga har premiere på årets festival 27.-28.juni. Noko vi gler oss stort til!
Før dette har vi førpremiere i Bergen: DRAUG, vandreteater på Norges Fiskerimuseum 18. og 19.juni! Dette vert ei ekstra spanande, og mystisk framsyning som passar frå 6 år og oppover. Billettar ligg ute no: https://eventyriparken.ticketco.events/no/nb.
Vi gler oss over eit sterkt KUNSTERISK TEAM:
Skapande skodespelarar: Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt & Ingeborg Meyer Lysne
Manus: Lina Taule Fjørtoft, Adele Lærum Duus
Regi: Adele Lærum Duus
Produsent: Lina Taule Fjørtoft
Produsent assistent og inspisient: Bekka Vik Erlandsen
Kostyme, scenografi og rekvisittdesign: Tora Troe
Kostymesyer, scenografi og rekvisittassistent: Signe Duus
Plakatdesign: Tora Troe
Manusbidrag: Katrine Lovise Øpstad Fredriksen
Framsyninga er støtta av: Senja Barnefestival, Bergen Teater og Dramatiske Selskab A/S, Sparebanken Norge, Vestland Fylke, Kulturdirektoratet, Proscen, NSF- fond for frilansere, Bjørnseth fond og Bergen kommune 💙
Velkomen!