27/07/2025
Arne Lygre er aktuell med Ikkje ein lyd.
Stykket er sett i scene av Johannes Holmen Dahl, som òg hadde regi på kjempesuksessen Tid for glede i 2022. Arne Lygre vart nyleg nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for stykket I vårt sted, som hadde urpremiere i fjor. Som ein kuriositet kan ein nemne at i løpet av prisens 63-årige historie har berre seks skodespel vore nominerte – og ingen av dei har vore norske. Ingen av desse seks vann.
Og Arne, korleis er det å vere nominert til denne prestisjefulle prisen?
– For meg er det stort. Eg er fyrst og fremst forfattar, så det å bli anerkjent i slike reint litterære høve betyr mykje. Eg har alltid vore oppteken av dramatikk i bokform. Heilt frå byrjinga, då eg sende tekstane mine rundt for å få dei lesne av folk i bransjen, var eg oppteken av å sende manusa både til teatera og til forlaga. Og då eg debuterte med Mamma og meg og menn i 1998, kom bokutgjevinga på Aschehoug forlag like i hælane på urpremieren på Rogaland Teater. Og det same skjer no i april, veka etter premieren vår kjem bokutgjevinga av Ikkje ein lyd.
Det nye stykket ditt, Ikkje ein lyd, handlar om mykje, men kanskje djupast sett om det å høyre til ein stad, eller høyre til saman med nokon. Kjenslene knytt til denne staden, eller desse menneska, er gjerne sterke. Og ambivalente. Kven har vel ikkje lengta vekk frå heimplassen sin? Kven har ikkje gleda seg til ein gong å spreie ut vengene og fly av stad, til nye stadar, nye menneske? Og seinare i livet, anten draumane vart knuste eller oppnådde - kven har aldri lengta tilbake?
– Eg veit ikkje om stykket er skrive ut i frå ein lengt. Men kanskje ubevisst? Sjølv etter tretti år i Oslo, har eg jo heile tida ei dragning mot Vestlandet. Eg er der også svært ofte. Når det er sagt, er ikkje eg frå ein slik plass som stykket mitt utspelar seg i. Eg er frå Bergen by. Men eg er sterkt knytt til ein plass som liknar gjennom familieband. Øya er fiksjonell, større og med fleire innbyggarar enn den eg har anar til. Uansett: Dei fyrste spora inn i denne teksten handla om det å vende attende. Eg hadde skrive så mykje om det at nokon drar vekk, forsvinn, blant anna i «Tid for glede», så eg fekk eit ynske om å lage ei ramme der alle karakterane hadde kome til ein stad den siste tida, anten for fyrste gong eller at dei kom attende etter lang tid.
Vi møter sju menneske som av ulike årsaker finn seg sjølv og kvarandre på ei øy i havgapet. Fire har vendt heim, to er nye, og ein har aldri dratt derifrå. Saman utforskar dei seg sjølv og kvarandre i eit mjukt og varmt samvær der både minne og traume frå fortid, notid og framtid blir fletta saman. Rollene blir spela av nokre av teaterets aller sterkaste skodespelarar – nokre av dei var òg med i publikumsfavoritten Tid for glede. I tillegg til den gjennomgåande rolla, spelar kvar skodespelar også ei anna rolle, rolla som «framand». Dei «framande» sklir nesten umerkeleg inn og ut av teksten og er med på å flytte handlinga i tid og rom. Kven er desse «framande»?
Vi møter Framand i båt, Framand på stranda, Framand i badekaret, Framand i baren, Framand familieven, Framand elskar og Framand mor. Nokre gonger er dette møte som ligg langt attende i tid, andre gonger er det ting som skjer litt fram i tid, slik at ein får eit lite tidshopp og ei endring i rom: staden stykket utspelar seg på i dei kommande scenene. Eg har vore oppteken av desse ulike nivåa av nærleik i lang tid. I stykket mitt La deg være (2016) har alle karakterane slike beskrivande namn: Venn, Bekjent, Fremmed og Fiende. Det er noko med at den slags rammer gir eit stor rom for å grave i ulike tilfelle av menneskeleg relasjonar.
Eg har også jobba med sjølve denne forma før, at skodespelarane spelar ein annan karakter enn si eigentlege rolle. I vårt sted krinsar rundt eit triangel av tre veninner, der dei alle spelar ein mann i familien til ei av dei andre i kvar sin korte scene. Eg er dessutan så vidt i gang med eit tredje stykke som skal produserast i 2026, der eg skal bruke dette grepet på ein tredje måte. Eg jobbar ofte slik, tek noko av forma og strukturen min med meg inn i nye prosjekt, men ikkje slik at det blir heilt det same.
«Som en lang, varm klem», skreiv Aftenpostens meldar om I vårt sted etter urpremieren på Nationaltheatret i fjor. Same avis kalla Tid for glede «et sprudlende mesterverk.» Det nye stykket, Ikkje ein lyd, er på eit vis luftigare, og har meir natur i seg. Ein kjenner verkeleg lukta av saltvatn mellom linjene, sanda mellom tærne og vinden i håret. Som dramaturg er det ein fascinerande tekst å jobbe med. Det finst ingen bikarakterar i dette stykket. Alle dei sju rollene er om lag like omfangsrike og viktige. Under prøvene har eg fleire gonger fått assosiasjonar til fest. Ikkje som ein hæla i taket-fest med glitter og ballongar, men meir som ein spontan og lett sommarfest, ein slik ein som oppstår umerkeleg, og som ein ikkje oppdagar før ein plutseleg finn seg sjølv varm og lykkeleg og ørlite grann tipsy, midt på lyse dagen. Til tider minner det om stemninga i nokre av stykka til Tsjekhov eller Horváth.
Til hausten får vi vite om Arne Lygre blir den første som vinn Nordisk Råds Litteraturpris for eit skodespel. I mellomtida kan du sjå Ikkje ein lyd på Hovudscenen.
Av: Ingrid Weme Nilsen - dramaturg
Billettar finn du her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/ikkje-ein-lyd