15/02/2026
Velkommen til årets første Bajazz-konsert med Sigrid Moldestad - Regndråpeborna & Andre Dyr på USF Verftet!
Dører 13:30, konsertstart 14:00. Se fullt program for dagens aktiviteter her: Familiedag på USF - februar
Billetter: www.bergenjazzforum.no/bajazz
Sigrid Moldestad - Regndråpeborna & Andre Dyr spelar på årets første Bajazz på USF Verftet, søndag 15. februar 🌧
I konserforestillinga får små og store bli kjend med både regndråpeborna, grashoppa med grashoppefela, snigelen som sykla og kråka med alle dei skumle kråketankane.
Bak den regnvåte tittelen finn me eit nytt møte mellom Sigrid Moldestad sin musikk og diktaren Jan-Magnus Bruheim (1915-1988) sine tekstar. Sist gong var med den kritikarroste plata “Brevet til kjærleiken” frå 2014. Denne gong er det barnedikta til Bruheim som har fått nytt liv.
«Eg har tenkt på barnedikta sidan den gong. Han hadde ei eiga evne til å sjå verda frå barn sitt nivå. Me blir med ned i graset og opp i skyene. Det er fantasi og detaljar, men også ettertanke i mykje av det han skreiv. Tema som utanforskap og miljøkamp går att i fleire av dikta hans. At dei fortjente eit eige prosjekt er sikkert, og eg er veldig stolt av å presentere både konserten og eit splitter nytt familiealbum», seier Moldestad.
SIGRID MOLDESTAD vokal, feler, ukulele JØRGEN SANDVIK strengeinstrument, vokal SONDRE MEISFJORD bass, vokal KÅRE OPHEIM trommer, vokal
Foto: Frid Tronstad