14/03/2026
Velkomen til La traviata - helsing operasjefen
LA TRAVIATA premieren i kveld er UTSOLGT, men framleis kan du få billettar til dei andre forestillingane)
Om det blir bra?
Eg har vel aldri vore meir trygg på at me presenterer ei operaframsyning som ALLE vil lika - både kjennarar og nybyrjarar - ei gåve til Vestlandspublikummet, for å sitera regissøren.
Kjennarar, fordi musikken vert framført så rørande…som du normalt må reisa langt for å oppleva - Kristina Mkhitaryan, Liparit Avetisyan og Kostas Smoriginas, saman med ei rekkje solistar frå Opera ved Fjorden m.m., ord vert fattige…
Nybyrjarar, fordi du har høyrd nesten all musikken før, bl.a i filmen Pretty Woman (Julia Roberts og Richard Gere) - og fordi Ole Anders Tandberg med sitt team har skapa eit univers, så vakkert, og med ei så tydeleg historieforteljing, at det er umogleg å ikkje verta dradd inn i soga.
Dei siste par åra har me i Bergen Nasjonale Opera presentert ei rekkje Noregspremierer, urframføringar, og fantastiske operaer som ein ikkje høyrer så ofte - det vil me halda fram med!
Men det gjev også meining å i blant spela noko som har lukkast verta ein av dei mest kjende operaene gjennom alle tider - i store operabyar som Wien, Berlin, München, for ikkje å snakka om i Italia, kan du oppleva Traviata kvar sesong. I vårt publikum vil mange oppleva dette meistarverket for fyrste gong - det gjer det ekstra motiverande for vår del.
Å få stappfulle hus, slik som no, er alltid stas for oss som har ansvar for å programmera, men det er verken noko me skal navigera blindt etter, eller strengt tatt bør vurderast ut frå.
Personleg er det liten tvil om at det å i fjor få nesten 5000 menneske på vitjing i Grieghallen, for å oppleva verdspremiera på «Asle og Alida», den meistarlege operaen til Bent Sørensen, tufta på Trilogien til Jon Fosse - det overgår det meste.
Seinare same år presenterte me Pelleas og Melisande - også denne produksjonen med fleire solistar frå vårt operaakademi «Opera ved Fjorden» i dei største rollene - ingenting gler oss meir enn å kunna vera med å gje store sjanser til «morgondagens stjerner» - eit viktig pedagogisk prosjekt, men også ein del av det å gje denne fantastiske (men også kostbare) kunstforma vår meir legitimitet, og sterkare tilknyting til alle som bur her på berget.
No vart denne statusen ganske long, og handla om mykje meir enn La Traviata som snart har premiere. Det skriv seg litt frå min «fatigue» ift sosiale medier, at eg skriv sjeldnare, og nyttar ein del energi på å få både meg sjølv og borna til å nytta mindre tid framom ein skjerm.
Om det gjer at eg likar færre ting online, handlar det altså ikkje om synkande deltaking og interesse frå mi sida, berre om eit ynskje om å vera meir til stades i mitt eige offline-liv.
Og no skal me snart alle skru av mobilane og la dei sarte tonene frå Verdi, som skildrar Violetta’s helse og lagnad, smyga seg opp av grava og omfamna og gripa alle i Griegsalen.
Velkomen🎶❤️
Helsing Eivind Gullberg Jensen, operasjef i Bergen Nasjonale Opera