23/02/2026
13. februar kjørte jeg til Gol med utstilling. Gol Kunstforening sto og ventet med topp humør, monteringsevne og ny lasermåler. Dagen etter ble utstillingen åpnet av Heidi Granli, Ordførar i Gol Kommune med en inspirerende tale som jeg legger ut her. Det er i slike øyeblikk det er en glede å være kunstner i et land hvor kunstforeningene og enorm frivillig innsats fra kunstinteresserte folk gir oss mulighet til å vise arbeidene våre på steder som oftest ikke har faste gallerier. Takk for en flott opplevelse!
Informasjon om utstillingen finner du på min nettside:
https://ingriegeberg.no/pages/gol-kunstforening
Kjære alle saman,Det er ei stor glede å ønskje velkomen til opninga av denne kunstutstillinga her i pop-up-galleriet midt i Gol sentrum. Først vil eg rette ei stor takk til Gol Kunstforeining, som år etter år legg ned ein imponerande innsats for å bringe kunsten tett på oss som bur her. De skapar rom for undring, glede, samtale – og ikkje minst fellesskap. Slikt arbeid er ein viktig del av eit levande lokalsamfunn.Utstillinga Her hører jeg hjemme ber i seg ei tematikk som rører ved noko grunnleggjande: kvar høyrer vi til, og kva er det som skapar kjensla av heim? Eg har gleda meg til å sjå nærmare på kunsten din Ingri. Det eg har funne fram til før eg kom hit i dag er at du gjennom ei lang karriere har vist ein unik evne til å arbeide med uttrykk som spenner frå minimalistisk, kraftfull strek til fargesterke, poetiske og antydane figurative billedverdenar. Det blir fint å få oppleve denne utstillinga.I eit lokalsamfunn som vårt treng vi nettopp dette. Kunst som kan provosere oss litt, riste i oss, og løfte blikket vårt. Kunst som inspirerer, som får oss til å tenkje nytt eller sjå det kjente på ein ny måte. For provokasjon i kunst handlar ikkje om bråk – det handlar om å vekkje refleksjon. Og inspirasjon handlar ikkje berre om det vakre – men om impulsen som set i gang noko i oss, stort eller lite.I ei tid prega av uro, krig og konflikt i verda rundt oss, blir kulturens rolle ekstra tydeleg. Kultur og kunst er berebjelkar i eit samfunns motstandskraft. Dei hjelper oss å halde fast ved identiteten vår, ved historia vår, og ved samanhengskrafta mellom oss menneske. Kunst gjer oss i stand til å forstå kvarandre betre – og å forstå oss sjølve. Difor vert slike møteplassar viktige, kanskje viktigare enn nokon gong.Eg vil òg understreke kor verdifullt det er at Gol Kunstforeining og alle som står bak denne utstillinga vel å satse – å opne dørene, skape nye arenaer, og invitere heile lokalsamfunnet inn. Å dele kunst og impulsar med kvarandre er ikkje berre eit kulturtiltak; det er samfunnsbygging. Det er ein del av det store biletet som gjer at vi blir dei vi er: eit fellesskap som set pris på mangfald, uttrykk, og dei store og små samtalane kunsten skapar.Så: Tusen takk til kunstnaren, til arrangørane, og til alle som har bidrege. Og takk til dykk som er her i dag og gjer dette fellesskapet levande.Med det har eg den store gleda av å erklære utstillinga Her hører jeg hjemme for open. Velkomen inn – og lat kunsten finne sin plass hos dykk. Heidi Granli
INGRI EGEBERG HER HØRER JEG HJEMME utstilling i Gol kunstforening malerier, tegninger og grafikk 14. februar - 14. mars 2026 Velkommen til åpning kl. 12.00 14. februar Sentrumsveien 68, Gol tlf 915 94 143 / mail: [email protected] fb: Gol kunstforening Åpningstider: torsdag/fredag: 13.00 - 17...