24/03/2026
Er du kunstnar med tilknytting til Vestlandsregionen? Då kan du no søkje om plass i VU27!
Vi er glade for å meddele at kunstnarisk leiing for VU27 er mor og dotter-duoen Gerd Endestad og Tora Endestad Bjørkheim!
Dei er begge kunstnarar, med brei og lang erfaring frå kunstfeltet. Følg denne lenkja for å kome til søknadsskjema, og for å lese meir om dei kunstnariske leiarane for VU27:
https://www.vestlandsutstillingen.no/utlysing-2027/
Men sjølv om vi har starta med å førebu oss til VU27, er ikkje VU26 på langt nær over! Du kan vitje årets utstilling på Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, fram til 19. april!