Det Vestnorske Teateret

Det Vestnorske Teateret Det Vestnorske Teateret er eit regionteater som spelar i Bergen og resten av Hordaland. Teateret har fast scene på Logen i Bergen sentrum. Det Vestnorske Teateret er eit regionteater for fylket og regionen med fast scene på Logen i Bergen sentrum.
(37)

Vi vart etablert i 1988 og hadde plassering på Stend i Fana før vi flytta til Bergen sentrum. Vi er eit nynorskteater med forankring i det vestnorske.

Vi vart etablert i 1988 og hadde plassering på Stend i Fana før vi flytta til Bergen sentrum. Vi er eit nynorskteater med forankring i det vestnorske.

Misjon: Teatret spelar på nynorsk og/ eller dialekt. Teatret har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk. Teatret har særskilt kompetanse på figurteater som eit av dei få teatra i landet. Hordaland Teater får tilskot frå Staten og Hordaland fylkeskommune.

Åpent som vanlig

DJEVELEN OG EG med Frode Grytten Beat Band : Vi har hatt god driv i billettsalet siste timane, men det er framleis greit...
22/09/2020

DJEVELEN OG EG med Frode Grytten Beat Band : Vi har hatt god driv i billettsalet siste timane, men det er framleis greit med plassar att enkelte dagar!
F. eks i morgon onsdag 23. september, er det gode seter att. Hugs at dette er ein teaterkonsert, så du kan med fordel ha plass langt bak i sal eller galleri. Siste speledag er 3.10.
Kjøp her: https://www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/djevelen-og-eg/

21/09/2020

Gledeleg melding om at vi frå onsdag igjen kan spele for fleire enn 50! Hurra!!
Vi jobbar intenst på å få lagt ut restbillettar for sal igjen!

Eit friare liv? Meir tid til familien, meir tid til seg sjølv. Meir tid i naturen, meir tid i heimen. Fleire soloppganga...
21/09/2020
Eit friare liv? – Det Vestnorske Teateret

Eit friare liv? Meir tid til familien, meir tid til seg sjølv. Meir tid i naturen, meir tid i heimen. Fleire soloppgangar og solnedgangar på netthinna, færre timar framom skjermen. Moderne menneske drøymer om meir og annleis tid. Koronavåren har opna tida for oss, på uventa måtar. No møter vi hausten nokre erfaringar rikare.
Mot dette bakteppet samtalar og les forfattarane Simen Tveitereid og Kjersti Rorgemoen frå bøkene sine «Et fritt liv» og «Eit praktisk menneske». Arr i samarbeid med Rom for ord
Få billettar i sal: https://www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/eit-friare-liv/

Med Simen Tveitereid og Kjersti Rorgemoen

HURRA! 5 Heddaprisar!!!Teater-Norges gjevaste teaterpris «Heddaprisen 2020» gjekk av stabelen digitalt i kveld og av 8 n...
20/09/2020

HURRA! 5 Heddaprisar!!!
Teater-Norges gjevaste teaterpris «Heddaprisen 2020» gjekk av stabelen digitalt i kveld og av 8 nominasjonar vart det 5 prisar der Det Vestnorske Teateret er involvert.

Prisen for «Årets forestilling» gjekk til «Raskolnikov» som var ein samproduksjon mellom Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret og vart spelt på DVT i Logen hausten 2019.
Prisen for «Årets mannlige hovedrolle» gjekk til Preben Hodneland (frå Alver) i «Raskolnikov»
Prisen for «Beste mannlige birolle» gjekk til Frode Winter i «Raskolnikov»
Prisen for «Beste audiovisuelle design» gjekk til transiteatret for sin «03:08:38: Tilstandar av unntak» som vart spelt hos oss på Det Vestnorske i Logen i januar 2020 og på VEGA SCENE etterpå.

Prisen for «Særleg kunstnerisk innsats» gjekk til kunstnarleg leiar Tore Vagn Lid i Transiteatret Bergen. (Som vi samarbeidde med om «03:08:38: Tilstandar av unntak»)

Teatersjef Solrun Toft Iversen ved DVT seier at: «Eg er overvelda og glad for at eit lite teater som vårt er med og utmerkar seg mellom så mange sterke framsyningar og kunstnarar i TeaterNorge.
Å vinne Heddaprisen er ei stor anerkjenning og at to produksjonar frå vårt repertoar vert heidra så ettertrykkeleg stadfestar at det vi ynskjer å dele med publikum set merke etter seg.
Mi takksemd går til dei kompromisslause kunstnarane som har delt sitt arbeid og sitt engasjement med oss. Den går også til eit hus og ein stab som med svært knappe ressursar er med på å løfte fram prosjekt som er nytenkande både i arbeidsform og uttrykk.
Vårt samarbeid med Transitteateret strekker seg over tid. Deira inderlege og omfangsrike undersøking i «Tilstandar av unntak» fortener all mogeleg heider og vi er glade for at framsyninga også kjem opp att hos oss neste år.

«Raskolnikov» har vore eit hjartebarn for teatersjef Solrun Toft Iversen i mange år.
«Med dette stoffet si kraft, ei hovudrolle av Preben Hodneland sitt kaliber og ein regikapasitet som Kjersti Horn har eg bært dette ønskeprosjektet med meg i mange år. Samarbeidet med Det Norske Teateret tilførte musklar, og eit kunstnarleg nivå av rang. Det kollektive løftet som er gjort av DNT sitt ensemble her står i særstilling og har ikkje berre satt spor hos publikum men inspirert oss som fekk jobbe rundt dei. Det er difor særleg gledeleg at både hovudrolla og Frode Winter som etterforskaren Porfirij er krona med ein Heddapris.

Juryen, som i sesongen 2019/2020 har sett til saman over 120 produksjoner, peikte i si nominasjonsuttaling på at «politikken stadig har en plass i teatrene og at tematikken i mange av forestillingene er av dagsaktuell karakter».

I dag har teatersjef Solrun Toft Iversen hatt fint møte og omvisning på Logen med stortingsrepresentantar Ruth Grung og ...
18/09/2020

I dag har teatersjef Solrun Toft Iversen hatt fint møte og omvisning på Logen med stortingsrepresentantar Ruth Grung og Silje Hjemdahl. Her frå teknisk avdeling.

Teatersjef Solrun Toft Iversen har skrive innlegg som er publisert på Bergens Tidende i kveld. Ho skriv blant anna: "Tea...
17/09/2020
Debatt: – Vi står overfor eit mannefall i kulturbransjen

Teatersjef Solrun Toft Iversen har skrive innlegg som er publisert på Bergens Tidende i kveld. Ho skriv blant anna: "Teateret kan ikkje trø til side. Vi må insistere på at kunsten og møteplassane er essensielle, og etablere dialogar om korleis vi kan halde oppe vår vitale funksjon under pandemien."
https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/weEnGn/ikkje-ta-fraa-oss-sjansen-til-aa-samlast

Teateret kan ikkje trø til side under pandemien, skriv teatersjef Solrun Toft Iversen.

I morgon laurdag kl. 12 er Dominika og Open Window Theatre tilbake og klare for ny framsyning med "365 Pingvinar" Denne ...
11/09/2020

I morgon laurdag kl. 12 er Dominika og Open Window Theatre tilbake og klare for ny framsyning med "365 Pingvinar" Denne familieframsyninga er utseld. Vi ønsker dei som har billettar velkommen til trygt teaterbesøk!
Og til alle andre - God helg! Desse fine bileta er frå premieremarkeringa for nokre helger tilbake 😃

🥳 Good memories!!! Thank You for the beautiful premiere & great time we have had working on this performance! We are grateful for having all of you with us in Bergen 🥰 365 PINGVINAR rulez 😎

Director: Radosław Kasiukiewicz
Scenography, puppets: Klaudia Laszczyk
Music: Mari Kvien Brunvoll
Animation: Anna Maria Šalva
On the stage: Dominika Natalia Minkacz Sira
Technician: Jon Eirik Sira
Graphic design: Klaudia Laszczyk
Producer: Dominika Natalia Minkacz Sira - Sira & Aiste Vejai Galvoj

💗⬇️💗
10/09/2020

💗⬇️💗

Til det finaste publikumet

vi beklagar
at ikkje alle som har lyst til å sjå
djevelen og eg
får sjå det

vi har lyst til å vise det
til absolutt alle

men at vi gir jernet kvar kveld
for dei femti som kjem

at vi er takksame for dei som kjem
og vi skal knalle til kvar kveld

uansett, så lenge vi får lov til
å spele av myndigheitene

09/09/2020

AVGRENSA KAPASITET: Framsyninga vår «Djevelen og eg» kan kun spele for eit publikum på 50 personar, i følge Bergen kommune sine nye restriksjonar for å avgrense smittespredninga. Publikum som vert råka av dette vil bli kontakta per telefon eller e-post. Avgrensinga gjeld førebels til og med 18. september.

08/09/2020
Teater Vestland

"Vestland, Vestland": Kos deg med denne videoen som vart laga på Teater Vestland. Det vert meldt om god respons på turneen og utselde hus! Billettar går også unna i Logen, så sikre deg plass 😊

I dag er det U R P R E M I È R E på "Vestland Vestland" i Førdehuset. Vi gler oss til å opne teaterhausten saman med Det Vestnorske Teateret med denne fine framsyninga. Og som vi gler oss til å endeleg få møte publikum att! Mange av framsyningane er utselde, så det kan vere lurt å vere om seg og sikre seg ein billett eller to :)

Kjekt med god melding i Klassekampen til "Djevelen og eg". Meldar Charlotte Myrbråten skriv mellom anna: "Alle som elske...
07/09/2020
I djevelens Toyota

Kjekt med god melding i Klassekampen til "Djevelen og eg". Meldar Charlotte Myrbråten skriv mellom anna: "Alle som elsker Gryttens melankolske vendinger og lakoniske formididlingsstil, har mye å glede seg til her. " .... "Scenografien er enkel, men virkelig stilig" .. "Bandet er veldig godt, fullstendig samspilt"
https://klassekampen.no/utgave/2020-09-07/i-djevelens-toyota

Det blir tidvis hett og i intenst i Frode Gryttens møte med djevelen.

God stemning på premieremarkeringa i Logen bar i kveld ⭐️🥳
05/09/2020

God stemning på premieremarkeringa i Logen bar i kveld ⭐️🥳

Fy søren så godt det er å vere i gong med LIVE teaterkonsert! Publikum ga ein heilt fantastisk respons i Logen i kveld t...
05/09/2020

Fy søren så godt det er å vere i gong med LIVE teaterkonsert! Publikum ga ein heilt fantastisk respons i Logen i kveld til Frode Grytten Beat Band på urpremieren for "Djevelen og eg" ✨👏❤️

PREMIEREDAG! Frode Grytten (manusforfattar og skodespelar) og Lasse Kolsrud (på regi) står i spissen for «Djevelen og eg...
05/09/2020

PREMIEREDAG! Frode Grytten (manusforfattar og skodespelar) og Lasse Kolsrud (på regi) står i spissen for «Djevelen og eg». Dei har jobba saman før på store teatersuksessar som «Bikubesong» og «Sånne som oss». Vi ønsker dei og heile ensemblet på «Djevelen og eg» masse tvi tvi i kveld på urpremieren kl. 18. Det er utseld i kveld, men vi har ledige andre kveldar. Vi spelar fram til 3. okt. Merk, liten setekapasitet pga. smittevernomsyn, så få bill. for sal!
Sjå meir her og sikre deg billett, https://www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/djevelen-og-eg/

Aktuell i «Djevelen og eg»: Pedro Carmona Alvarez er gitarist og vokalist i Frode Grytten Beat Band.  No er snart ein la...
04/09/2020

Aktuell i «Djevelen og eg»: Pedro Carmona Alvarez er gitarist og vokalist i Frode Grytten Beat Band.

No er snart ein lang øvingsperiode over, korleis har det vore å øve inn ein teaterkonsert?
-Det har vore veldig gøy, intenst og lærerikt. Det er jo litt uvant, men gøy å jobbe med regi! Vi er jo ein udispilinert gjeng, så det var godt å få stramma oss opp litt.

Du er jo forfattar og van med å jobba åleine. Det må jo vere veldig annleis enn å jobbe med bandet?
-Ja, men veldig fint å få pendle mellom "åleine-jobben" og dette som er så sosialt, så det liker eg.

Har du stått på teaterscenen før?
-Ein gong, på starten av 2000-talet. Da spelte eg med «Non Company» på Teatergarasjen i eit stykke som vart kalla "Cunts going no where" av Hjørdis Lehre. Eg hadde nokre replikkar, men var stort sett musikar då og. No var det gøy å komme seg på scena att!

Elles gleder Pedro seg til å få publikum i salen på «Djevelen og eg»
-Dette blir eit dynamisk stykke, som er høgt og lågt, alvorleg, sårt og morosamt på ein gong! God fortelling og god musikk, lovar Pedro.
Resultatet kan du sjå sjølv frå og med laurdag. Speleperioden går fram til 3. oktober

Aktuell i «Djevelen og eg»: Michael Barnes spelar klarinett og saxofon i Frode Grytten Beat Band.Har du høyrt mykje på m...
04/09/2020

Aktuell i «Djevelen og eg»: Michael Barnes spelar klarinett og saxofon i Frode Grytten Beat Band.
Har du høyrt mykje på musikken som er med i teaterkonserten?
-Ja, gjennom heile korona-perioden. Eg heldt på å bygge terrasse da koronaen braut ut og høyrte masse på desse songane undervegs, så dei kunne eg godt før vi starta å øve.

Har du ein favorittsong som er med og gøy å spele?
-"Night by night" er den gøyaste, då kan eg kose meg litt. «Dancing bear» er også kjempeartig - da får eg kjenne på det instrumentet eg byrja med då eg var sju år, altså klarinett. Elles er det stas at vi har ein gul Toyota på scenen, den liknar veldig på min første bil, som eg krasja!
Kjenner du på nervøsitet no når premieren nærmar seg?
-Ja det gjer eg, men kanskje ikkje i den grad som Frode gjer. Men det er mest spenning og glede, smilar han.

Aktuell i «Djevelen og eg»:  Ivar Thormodsæter er trommis  i Frode Grytten Beat Band. Korleis var det å møte publikum på...
03/09/2020

Aktuell i «Djevelen og eg»: Ivar Thormodsæter er trommis i Frode Grytten Beat Band. Korleis var det å møte publikum på første prøveframsyning?
-Det var heilt topp! Kjekt å komme i gong med folk i salen og no gler eg meg til å gjere dette kvar kveld.
Har du jobba med teater før?
Ja det har eg, og eg har alltid likt det veldig godt. Eg jobba seinast på DNS i oppsettinga "Cabaret".
Kva gler du deg mest til med å komme å spele for publikum?
Å få tilbakemelding på om det vi har tenkt også går heim hos publikum, og om dei liker det så godt som vi! Og så er det koseleg å treffe gjengen kvar kveld, det er utruleg god stemning på huset, avsluttar Ivar.

Fest setebeltene! Snart rullar vi i gong teatersesongen med Frode Gryttens "Djevelen og eg" med Frode Grytten Beat Band....
02/09/2020

Fest setebeltene! Snart rullar vi i gong teatersesongen med Frode Gryttens "Djevelen og eg" med Frode Grytten Beat Band. Sjekk ut ferske, kule førestillingsfoto her ⬇️
PS: Premieren laurdag er utseld og det er få billettar i sal!
Pedro Carmona Alvarez Annlaug Børsheim Einar Sogstad Anders Bitustøyl Michael Barnes Lasse Kolsrud Olav Ryland Myrtvedt Silje Grimstad Jørgen Brennhovd Ivar Thormodsæter
Sjekk ut speleplanen her: https://www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/djevelen-og-eg/

Oppstart! I dag byrja vi med leseprøve på "Tordivelen flyg i skumringa. Denne spenningsklassikaren har premiere 24. okto...
31/08/2020

Oppstart! I dag byrja vi med leseprøve på "Tordivelen flyg i skumringa. Denne spenningsklassikaren har premiere 24. oktober. Miriam Prestøy Lie (dramatisering og regi), Tora Troe (scenografi og kostymedesign) Selma Frida Stang (komponist) Skodespelarar: Katrine Lunde, Stig Amdam, Petter Winther, Peiman Azizpour og Anne Wiig. Teatersjef Solrun Toft Iversen (har omsett dramatiseringa til nynorsk).

Aktuell i «Djevelen og eg»: Anders Bitustøyl er bassist i Frode Grytten Beat Band. Korleis er det å jobbe med teater? - ...
31/08/2020

Aktuell i «Djevelen og eg»: Anders Bitustøyl er bassist i Frode Grytten Beat Band. Korleis er det å jobbe med teater? - Det er første gongen eg jobbar med musikkteater på denne måten, så dette er grådig spennande! Tidlegare har eg jobba ein del som teatermusikar på Den Nationale Scene.
No skal du møte publikum live, korleis vert det?
Det skal bli fint,eg har jo hatt nokre jobbar etter at det opna opp at. Elles har det jo vore ein del strømming av konsertar i og med at vårens konsertar vart avlyste, inkludert Nattjazz, seier Anders medan han gjer seg klar til prøvestart.

Firda har sett "Vestland, Vestland" og gir gode skussmål!Meldaren skriv m.anna: "Tokvam sine setningar er så fargerike o...
28/08/2020
(+) Er seksmenning for nært?

Firda har sett "Vestland, Vestland" og gir gode skussmål!
Meldaren skriv m.anna: "Tokvam sine setningar er så fargerike og velslipte at eg jamleg henfalt til dådyrblikk til fordel for dei indre bilda manusforfattaren måla fram".
Til oss i Logen kjem "Vestland, Vestland" frå 26.10. https://www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/vestland-vestland/

Og kva er eigentleg ein vestlending? Teaterstykket gav meg svar på spørsmåla. Og eit smil om munnen.

27/08/2020
Teater Vestland

I kveld er det premiere på "Vestland, Vestland" på Teater Vestland i Førde. Vi ønsker masse tvi tvi til Sigrid og Claus og deler denne snutten frå intervju i NRK Vestland tidlegare denne veka.
Vi gler oss til dei kjem til oss i Bergen i oktober, etter turneen!

2 dagar til urpremière på framsyninga Vestland Vestland! Her er ein liten smakebit frå gårsdagens morgonsending på NrK Sogn og Fjordane med Sigrid Moldestad og Claus Sellevoll - vi gler oss til å sende desse to fine folka på turné rundt om i fylket :)

Aktuell i "Djevelen og eg": Einar Sogstad frå Karmøy trakterar tangentane i Frode Grytten Beat Band. Korleis ligg du an ...
27/08/2020

Aktuell i "Djevelen og eg": Einar Sogstad frå Karmøy trakterar tangentane i Frode Grytten Beat Band.
Korleis ligg du an no? - Jo, ganske bra men det er jo mykje å hugsa. Eg har ingen replikkar altså, men det er mange «cue» å følge med på.
Er det lenge sidan du har opptrådd live? - Nei, har hatt nokre jobbar i sommar.
Korleis blir det å treffe publikum i Logen? - Det skal bli deilig, seier Einar.

I dag startar vi ein liten serie med presentasjon av musikarane som er med i "Djevelen og eg". Annlaug Børsheim spelar b...
26/08/2020

I dag startar vi ein liten serie med presentasjon av musikarane som er med i "Djevelen og eg". Annlaug Børsheim spelar både fele og gitar i Frode Grytten Beat Band. Til lydane av «Temptation» av Tom Waitz møter vi Annlaug som varmar opp før prøvane.
Er det første gongen du jobbar med teater?
- Nei, eg har jobba ved Teater Vestland på «Dar kjem dampen» og «Eg er i går». Dessutan har eg jobba med Sustain og barneframsyninga «Alle har ein dør bak øret». Eg liker den brytninga mellom musikk og teater.
Korleis vert det å spele her i Logen?
- Som småbarnsmor blir det greitt å ikkje reise på turné, slik som situasjonen er no.
Har du møtt publikum att etter gjenopninga?
- Ja, eg har hatt nokre konsertar der det var magisk stemning! Folk var nok sultefora på å møtast og ha fine kulturopplevingar.
Det er ikkje lenge att før premieren, korleis går det?
-Ting byrjar å ta form, men det er jo krevande å pugge tekstar og få til overgongar. Eg spelar både gitar, fiolin og eg har til og med klart å snike inn hardingfele, smilar ho før ho må gå inn til dagens prøve.

Det er kun 2 dagar att til premieren på "Vestland, Vestland" i Førde hos vår samarbeidspartnar Teater Vestland. Sjå inns...
25/08/2020
I går kl. 19:45

Det er kun 2 dagar att til premieren på "Vestland, Vestland" i Førde hos vår samarbeidspartnar Teater Vestland. Sjå innslag frå prøvane med Sigrid Moldestad og Claus Sellevoll her frå Vestlandsrevyen, innslag nr 10. Til oss i Bergen kjem dei først 26. oktober.

https://tv.nrk.no/se?v=DKHO98082420&t=813s

Distriktsnyheter Vestlandsrevyen.

Universet til "365 Pingvinar" har virkeleg tatt form og vi berre elskar desse figurane! Open Window Theatre skal ha prem...
25/08/2020

Universet til "365 Pingvinar" har virkeleg tatt form og vi berre elskar desse figurane! Open Window Theatre skal ha premiere hos oss i Logen Bar laurdag. Både premieren kl.12 og framsyninga kl.14 er no utselde, men det er nokre att til 12.september om du er kjapp.
Foto: Gosia Glogowska-Opyd
https://www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/365-pingvinar/

24/08/2020
Djevelen og eg

Det nærmar seg premieren på "Djevelen og eg" 5.september. Tør du la vere å komme?

Foto: Thor Brødreskift. Lyd: Frode Grytten Beat Band

Om ei veke er det PREMIEREDAG i Logen, ta ein kikk på kva denne kreative gjengen driv med ⬇️
22/08/2020

Om ei veke er det PREMIEREDAG i Logen, ta ein kikk på kva denne kreative gjengen driv med ⬇️

🧐 365 PINGVINAR / 365 FINGERS - Work in progress - 1 week left!!!
Have a look and see how our production proces looks like 😎

HURRA 🌟 Nok ein nominasjon til "Raskolnikov" og denne gong den gjeve kritikarprisen! Gratulerer alle i ensemblet, med Pr...
20/08/2020
Nominasjoner til kritikerprisene for 2019–2020 - Kritikerlaget

HURRA 🌟 Nok ein nominasjon til "Raskolnikov" og denne gong den gjeve kritikarprisen! Gratulerer alle i ensemblet, med Preben Hodneland i spissen 💪❤️ "Raskolnikov" var produsert i samarbeid med Det Norske Teatret og vart spelt både der og her hos oss på Det Vestnorske i Logen, hausten 2019.

https://kritikerlaget.no/saker/nominasjoner-til-kritikerprisene-for-2019-2020

De nominerte til kritikerprisene for teater, musikk og dans 2019–2020 er offentliggjort. Prisene blir delt ut 17. september kl. 11.00 på Litteraturhuset i Oslo.

Adresse

LOGEN: Øvre Ole Bulls Plass 6
Bergen
5012

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Det Vestnorske Teateret legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Det Vestnorske Teateret:

Videoer

Our Story

Det Vestnorske Teateret (tidlegare Hordaland Teater) er eit regionteater og vart etablert i 1988. Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk og spelar på nynorsk og dialekt. Det Vestnorske Teateret har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Drifta vert i all hovudsak finansiert av Staten og den største eigaren Hordaland fylkeskommune.

Det Vestnorske Teateret har fast scene i Bergen sentrum (i ærverdige Logen), Ole Bulls gate 6, som ligg like ved den blå steinen. Her spelar vi våre framsyningar for publikum i Bergen og tilreisande gjester. Du finn oss også ute på turné i Vestlandsregionen.

Vi skal renovere og bygge til teaterhuset vårt i Bergen over dei neste åra og i løpet av få år opne eit fullverdig nynorsk teaterhus i Bergen sentrum. På Stend i Fana har vi framleis prøvescene og verkstad. Administrasjonen har kontorlokale i Teatergaten 35 i Bergen sentrum. Teatersjef er Solrun Toft Iversen.

Kunst & Underholdning i nærheten


Kommentarer

Hopland grendalag takkar for ei flott førestelling i går 7.mars 2020. Heim 3 hadde fanga mange hendingar 85-95. Og ikkje ofte nokon gjer knefall for leiaren i grendalaget😂
Takk for i kveld 😀 Dåke e heilt fantastiske! ❤
Hei alle sammen! Jeg jobber hos STS-Education og prøver å finne vertsfamilier for utvekslingselever som kommer til Norge. For å finne passende vertsfamilier ser vi etter grupper med like interesser som elevene. I år har vi noen elever som er glade i skuespill, og kunne tenke seg å bli skuespillere selv! Det er masse flott å oppleve ved å være vertsfamilie, og vi spør derfor om noen her vil åpne hjemmet sitt for en ung elev med ønsker om å oppleve Norge. Elevene er åpne for vertsfamilier fra alle kanter av Norge! Ønsker du å vite mer om disse flotte elevene? Send oss en pm for studentprofiler 😊 Vil du være vertsfamilie, eller trenger mer informasjon? Ta gjerne kontakt for en uforpliktende samtale med oss på tlf: 23 35 88 50, e-post: [email protected] eller sjekk ut https://www.sts-education.com/no/ for mer info om oss og vertsfamilier. Med vennlig hilsen STS-Education
Har 1 billett,rad 4 til salgs( pga sykdom).Forestilling i kveld onsdag, klokken 19.
Har én billett til 4. April kl 19 (HEIM). Kan dessverre ikke delta selv. Kr 450. Gi en vink 😊!
Hvor lenge varer forestillingen? Lurer på om vi kan ta buss eller om vi må kjøre selv.
Heim 2; Må sees, super kveld 🙌🙌
Inspirerende dager i karen Blixen sin heim , Rungstedlund. Teatersjef Solrun Toft Iversen og skodespelar Ragnhild Gudbrandsen førebur seg til hausten og kyrkje turne for Hordaland teater med Babettes Gjestebod.
Stort tillykke med det nye teaterhus🎉🌹
Heier på dere!