Aina Amalie

Aina Amalie Mine maleri og trykk.

«Henta»Samproduksjon med søstera mi Lina Lyngset40 x 30 cmGiclee trykk på akvarellpapir, delvis handkolorertKr 2200,-
08/05/2020

«Henta»
Samproduksjon med søstera mi Lina Lyngset
40 x 30 cm
Giclee trykk på akvarellpapir, delvis handkolorert
Kr 2200,-

"Husa står framleis"                                  Gicleè trykk på akvarellpapirOpplag: 20 stk15x15 cm kr 350,-20x20 ...
06/05/2020

"Husa står framleis"
Gicleè trykk på akvarellpapir
Opplag: 20 stk
15x15 cm kr 350,-
20x20 cm kr 600,-
30x30 cm kr 900,-

Hei alle som les dette! Lenge sidan eg har delt noko her på denne bildesida mi. Men tenkte eg kunne dela dette bildet ig...
06/05/2020

Hei alle som les dette! Lenge sidan eg har delt noko her på denne bildesida mi. Men tenkte eg kunne dela dette bildet igjen som heiter "Husa står framleis". No har eg laga trykk av det også. Motivet er frå der besten og besto mi budde på Valland (og eg sjølv budde frå 2010-2011) Eg hugsar at eg syns det var heilt fantastisk nydeleg der i tunet kvar vår når eit stort prydepletre blømte med rosa blomar som hang over vegen. Det gjer framleis den same kjensla å gå opp dit. Tenk at ein plass kan romma så mange, lyse minner. Det er noko ekstra fint, syns eg, med hus som er slik dei har vore "alltid" og med våren som får alt til å bløma år etter år etter år. Håpar de har ein fin vår. 🧡

Altså eg er SO takksam for at opp til fleire ville ha mine bilder på veggen heime hos seg! Fekk akkurat dette bildet frå...
22/12/2019

Altså eg er SO takksam for at opp til fleire ville ha mine bilder på veggen heime hos seg! Fekk akkurat dette bildet frå mi venninne, Silje, som har fått opp trykket sitt av «To conquer pain with love» på veggen no. Kan nesten garantera at 2020 vil by på fleire bilder frå denne kanten, for det var utruleg kjekt å gje dykk eit innblikk i min bildeproduksjon. 💛💛💛 Takk og god jul til alle de som les dette!

Framleis mogleg å sjå utstillinga mi på Feedback Studios eit par veker til. Gje meg ein lyd om du vil det. Håpar du har ...
01/12/2019

Framleis mogleg å sjå utstillinga mi på Feedback Studios eit par veker til. Gje meg ein lyd om du vil det. Håpar du har ein fin fyrste desember! 💛💛💛

Oppdaga at det var ein uferdig versjon eg hadde lagt ut bilde av her tidlegare. Slik ser dette bildet ut ferdig. (Tok ny...
22/11/2019

Oppdaga at det var ein uferdig versjon eg hadde lagt ut bilde av her tidlegare. Slik ser dette bildet ut ferdig. (Tok nytt bilde i dag) «Husa står framleis» God helg! 😊💛

Hei! I dette albumet vil eg legga ut det eg har av trykk og maleri som er tilgjengeleg for sal.Trykka eg sel er digitali...
16/11/2019

Hei! I dette albumet vil eg legga ut det eg har av trykk og maleri som er tilgjengeleg for sal.
Trykka eg sel er digitaliserte og redigerte versjonar av akrylmaleria mine (og eit par collagar). Nokre av dei blir delvis handcolorerte i etterkant. Giclée trykk vert laga med arkivbestandig blekk i 10-farger på syrefritt 190 g Hahnenmühle Fine Art akvarellpapir. Blekket og mediet har ein garantert arkivbestandighet i 100 år innandørs. Alle trykka er nummererte og signerte for hand. Bestilling via mail, facebook eller telefon. Eg sel trykka utan ramme, men spør meg gjerne om tips til kvar du kan kjøpe rammer som vil passe.

Mine orginalmaleri vert seld som dei er. Dvs med den ramma dei evt har eller ikkje har. Fleire har mange lag med maling, og derfor ujevn struktur. Det er ofte ein del av prosessen før eg klarer å sei meg ferdig med eit bilde.
Tittel, info om storleik, pris og opplag når du klikkar inn på kvart bilde. Ta gjerne kontakt om du lurer på noko!
Venleg helsing Aina Amalie 98238605

Adresse

Bergen

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Aina Amalie legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Type