Austevollspelet

Austevollspelet “Austevollspelet” er ein fiskerimusikal / spel i Austevoll

19/01/2026

Austevollspelet er veldig glad for å ha fått ei historisk god tildeling frå Kulturrådet (Historiske spel) til årets spel. Sidan vi i fjor måtte avlyse av økonomiske årsaker, er det gledelig å informere om at spelet er tilbake med forestillingar 8-9. August 2026 🙂🎉

"Skjebnar ved kysten" har til hensikt å vere tilbake med nye forestillingar 9-10/8. Vi lovar flott scenografi, flinke so...
04/02/2025

"Skjebnar ved kysten" har til hensikt å vere tilbake med nye forestillingar 9-10/8. Vi lovar flott scenografi, flinke songarar, vakre båtar, musikk med både nautiske og klassiske klangfarger og ikkje minst god stemning. Nytt av året vil vere at spelet får navnet "Austevollspelet", og håpar mange vil komme og oppleve det 9-10/8. =)

14/12/2023

Etter to år med utvikling av fiskerimusikalen "Skjebnar ved kysten" har vi no fått på beina ein forestilling vi kan jobbe vidare med. Mange historiske spel og liknande spelast kvart einaste år. Etter vurderingar rundt dette har styret i Hamp og havstril bestemt å avholde "Skjebnar ved kysten" i oddetalsår. Det betyr at neste framføringsår etter planen blir i 2025. =)

13/08/2023

Me har fått vårt eige spel her i Austevoll. «Skjebnar ved Kysten» syner korleis livet kunne vera på byrjinga av 1900-talet. I motsetnad til mange historier, filmar, teaterframsyningar og anna, så fortel dei her historia til dei som vart att, dei so ikkje reiste til Amerika, dei som satsa og by...

Vi vil gjerne presentere den mannlige hovudrolla i "Skjebnar ved kysten", Erlend Tvinnereim, i rolla som Hans Karin. Tvi...
07/08/2023

Vi vil gjerne presentere den mannlige hovudrolla i "Skjebnar ved kysten", Erlend Tvinnereim, i rolla som Hans Karin.

Tvinnereim er ein erfaren tenor frå Bergen. Etter fleire år
i utlandet vendte han tilbake til heimbyen sin for nokre år tilbake.
Gjennom ei aktiv frilans-karriere har han etablert seg
som ein internasjonal og ettertrakta opera- og
konsertsongar.
Tvinnereim debuterte med solist-diplom konsert i Zürich
i 2011. Der studerte han med den anerkjente
songprofessoren Scot Weir på Hochschule für Musik.
Han har hatt fast engasjement på Grand Théâtre de
Genève, samt gjesta fleire internasjonale og nasjonale
operahus. Seinast i fjor spelte han rolla som Alfredo i La Traviata hjå Opera Nordfjord, forutanom å delta i "Skjebnar ved
kysten" i juni 2022.

Vi er glade for at han er med oss i årets utgåve også =)

Vi vil gjerne presentere vår regissør til årets prosjekt: Kurt Mega Herdlevær er ein norsk skodespelar og regissør, med ...
04/08/2023

Vi vil gjerne presentere vår regissør til årets prosjekt:
Kurt Mega Herdlevær er ein norsk skodespelar og regissør, med utdanning fra musikkteaterlinjen på Bårdar akademiet.
Herdlevær har vore ansatt ved både Det Norske Teater og Oslo Nye Teater. Han har også eit stort hjarte for Fyllingsdalen Teater, der han blant anna spelt Barbermester Sørensen i forestillingen "Folk og Røvere i Kardemommeby" eller som Bakemester harepus i "Dyrene i Hakkebakkeskogen" på Fløien, for å nevne noko. Som regissør er han også tilknytta "Røldalsspelet", forutanom å ha ansvaret for å få skuta på rett kjøl i samband med årets utgåve av "Skjebnar ved kysten".

Vi er sikre på at Kurt Mega Herdlevær fører prosjektet trygt i havn 😊

06/07/2023

Adresse

Kalvaneset 47
Bekkjarvik
5397

Telefon

+4790999835

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Austevollspelet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Austevollspelet:

Del