04/03/2026
No er vi inne i eit nytt år som gjev mulegheiter for nye og gode opplevingar på Liastølen. Vi har begynt arbeidet med ein aktivitetskalendar for sumaren 2026. Som før vil det verta fokus på formidling av lokal natur- og kulturhistorie.
Vi er opne for innspel. Ta gjerne kontakt med ein av oss i styret om du vil bidra eller om du har idear og synspunkt. Vi satsar på å halde fram med kulturelle aktivitetar på Liastølen kvar laurdag i juli og august.
Vi vil gjerne ha fleire medlemmar i Liastølen Kulturlag!
Ditt medlemskap betyr mykje!!.
Du blir medlem ved å betale kr 100 pr. år til laget sin konto. Info om betaling finn du på vedlagte link.
Velkomen til fellesskap på Liastølen midt i sentrum av Beitostølen!
Liastølen Kulturlag vart formelt oppretta i 2015 og innmeldt i Frivilligheitsregisteret i Brønnøysund. Laget har eit styre som driftar Liastølen på dugnadsbasis. Hovudmålet for tiltaket er formidling av lokal natur- og kulturhistorie gjennom kulturelle aktivitetar. Vi ønsker så vel turista...