20/08/2026
OTTAR OG JOHANNES I BAKGÅRDEN!
Telemarkfestivalen 2026 er over, men me har mykje spennande å by utover hausten. Først ut er konserten "Grovt og grant" med Ottar Kåsa og Johannes Martens i Bakgården laurdag 12. september kl. 13:00 (Ja, du rekker både konsert og Dyrsku'n)!
Tittelen for konserten er inspirert av eit samarbeid mellom Myllarguten og Håvard Gibøen som kalla det for «grovt og grant» når dei spela i oktav til kvarandre – noko Kåsa og Martens vil gjere mykje av i denne i konserten med hardingfele og hardingcello. Kåsa og Martens var medlemmar av ein strykekvintett som framførte tingingsverket «Istem» under Telemarkfestivalen i 2025. I strykekvintetten hadde alle instrumenta understrengar i form av hardingfeler, hardanger d’amore, hardingbratsj og hardingcello. Det som òg var spesielt med denne konserten var at alle instrumenta vart laga av hardingfelespelar og felemakar, Ottar Kåsa. I «Grovt og grant» vil Ottar Kåsa og Johannes Martens utforske samspelet mellom hardingfele og hardingcello yttarlegare.
Spesielt for hardingcelloen er at ho har ei femte, ekstra streng øvst, tilsvarande toppstrengen på hardingfela. Dette gjer det mogleg å spele tradisjonelle slåttar éin oktav lågare, noko som gjev musikken ein suggererande klang som ingen har høyrt før.
Event: Ottar Kåsa & Johannes Martens: "Grovt og grant"
Billettar: https://www.gullbring.no/ottar-kasa-johannes-martens-gs71pwr/
Velkomen! 💚