Til Telemark

Til Telemark Sogespel - hardingfele, forteljing, kulturformidling, konsertaarrangør. Omvisning og sightseeing

Vel møtt!
09/05/2022

Vel møtt!

«TORKJELL HAUGERUD I ORD OG TONAR»

Spelemannen Torkjell Haugerud frå Bø gifta seg i 1903 med Bergit Sigurdsdotter Nes frå Seljord. Etter nokre år flytta dei til garden Nes langs Garviksstrondi. Med Torkjell Haugerud kom ein av dei fremste spelemennene til Nes som då var eit av dei viktigaste sentera for hardingfela på 1900-talet. Ein heil generasjon felespelarar var innom her for å lære. I dag er det Torkjell og Bergit sine to borneborn, Torkjell og Kristoffer, som bur på den vakre plassen, og dei opnar heimen sin for ein flott dag med fokus på Torkjell Haugerud sitt liv og verknad.

Søndag 5. juni kl 13 skipar Telemarkfestivalen og Sørnorsk folkemusikksenter til konsert ute på tunet på Nes. Her har det opp i gjennom åra vore mange møter i musikk, og denne dagen er det Torgeir Straand, Knut Buen, Ragnhild Rose Knudsen, Torunn Raftevold Rue, Jon Solberg, Anne Gravir Klykken og Bø juniorspelemannslag som spelar opp.

Billettar i sal via Gullbring kulturanlegg:
https://www.gullbring.no/torkjell-haugerud-i-ord-tonar-b2p3wx/

Praktisk info:
- Parkering ved garden.
- Ta med eigen stol om du ønskjer å sitte!
- Sal av kaker og kaffi ved Bø juniorspelemannslag.

Obs! Vérforbehold! Om det vert eit grueleg regnvér denne dagen vert konserten flytta til ein solskinsdag!

Velkomen!

Norsk industriarbeidermuseum - Vemork og Notodden kommune var vertskap for Klima- og energinettverket sin omvisningstur ...
12/11/2021

Norsk industriarbeidermuseum - Vemork og Notodden kommune var vertskap for Klima- og energinettverket sin omvisningstur i verdensarven i dag: Ved å kjenne denne soga har ein god ballast for å sjå framover! Til Telemark ordna med underhaldning til gårsdagens middag på Brattrein.

Torgeir Straand spelar i opptak frå Store studio på marienlyst. Høyr på radioen i kveld kl 18:03 på NRK P2, Folkemusikkt...
21/02/2021

Torgeir Straand spelar i opptak frå Store studio på marienlyst. Høyr på radioen i kveld kl 18:03 på NRK P2, Folkemusikktimen.

Torgeir Straand spiller hardingfele i Store Studio

Takk for godt samarbeid med publikum, Knut og Straand Hotel!
25/10/2020

Takk for godt samarbeid med publikum, Knut og Straand Hotel!

Adresse

Oterholtvegen 106
Bø I
3802

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Til Telemark legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Til Telemark:

Del