Kvam bowlingklubb

Kvam bowlingklubb Det er ingen faste åpningstider. Me har åpent på bestilling. Ring 91 90 31 21. Kontaktpersoner;
Leiar Terje Høysæther tlf 95215453

Gaute suveren vinnar av KjegletrimmenDet vart ein kjekk finale med stort engasjement og ein del publikum. Me overførte o...
04/01/2026

Gaute suveren vinnar av Kjegletrimmen

Det vart ein kjekk finale med stort engasjement og ein del publikum. Me overførte også finalen på vår youtubekanal med delte kommentarar mellom underteikna og Tore.

Finalen var i formatet RR-finale der alle åtte spelarane møtte kvarandre i ein kamp, totalt sju kampar dere siger i kampen gav 30 bonuspoeng i tillegg til pinnefallet.

Vinnar vart Gaute med 1795 inkl. bonus og 235 i snitt over 7 seriar. Frode Stalheim nr. 2 med 1683 inkl. bonus og 175,7 i snitt. Brage vart nr. 3 med 1593 i score og 148,4 i snitt. Me garatulerer vinnarane og takkar alle hjelparane.

Kjegletrim_RR_finaleoppsett.pngEtter ein utruleg spanande innspurt i kvalifiseringsrunden til kjegletrimmen er det no kl...
04/01/2026

Kjegletrim_RR_finaleoppsett.png
Etter ein utruleg spanande innspurt i kvalifiseringsrunden til kjegletrimmen er det no klart kven som vert dei åtte utvalgte. Desse er Martin, Brage, Lars, Frode, Frank, Trond, Gaute og Olav.

Sjølve finalen vert ein såkalla RR-finale. Det vil seia at alle spelarane skal møta kvarandre i ein kamp - totalt sju kampar. Kampoppsettet med justert hcp i parentes ser du i illustrasjonen over her (OPNE FØRST DENNE ARTIKKELEN VED Å KLIKKE PÅ OVERSKRIFTA, KLIKK SÅ PÅ ILLUSTRASJONEN FOR Å FORSTØRRE DEN). Vinnaren i kampen får 30 bonuspinnar i tillegg til det ordinære pinnefallet. Ved lik score inkl. hcp vil bonuspoenga delast med 15 til kvar. Etter sju rundar vil den som har mest poeng gå av med sigeren.

Det vert premiering til nr. 1, 2 og 3 med fordelingsnøkkelen 60%, 30% og 10%. Med 9500 i premiepotten vil premieringa bli slik:
- Nr. 1 får kr. 5700
- Nr. 2 får kr. 2850
- Nr. 3 får kr. 950

Oljeprofilen i finalespelet vil bli 2022 Starting House Pattern (43 ft):
https://patternlibrary.kegel.net/pattern/545fb956-b07e-ec11-8d21-0022480a1ca2

Finalen vert overført på vår youtubekanal med spelande kommentator :)
https://www.youtube.com/watch?v=RQfP7aHCx3g

Etter ein utruleg spanande innspurt i kvalifiseringsrunden til Kjegletrimmen er det no klart kven som vert dei åtte utvalgte (hcp i parentes). Desse er Marti...

Søndag 27 Juli Kl 18.00 er da klart for ny månadscup.Me ønske alle medlemmer av Kvam Bowlingklubb, velkommen til cup
25/07/2025

Søndag 27 Juli Kl 18.00 er da klart for ny månadscup.Me ønske alle medlemmer av Kvam Bowlingklubb, velkommen til cup

27/04/2025

Da vart 2 gull i singel og mix dobbel til Randi Hansen i Nordisk Mesterskap i Ålborg.Da vart også gull til Frank som spelte mix dobbel med Randi.Me Gratulerer Randi og Frank👏

Adresse

Sjusetevegen 6
Øystese
5610

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvam bowlingklubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kvam bowlingklubb:

Del