Volda og Ørsta Kunstlag

Volda og Ørsta Kunstlag Volda og Ørsta Kunstlag har eige galleri i Kunsthuset i Ørsta sentrum. Kunstlaget er ein frivillig organisasjon utan faste tilsette.

Festspelutstillinga 2026 opnar torsdag 11. juni kl. 16.30. Temaet for Festspela og festspelutstillinga er ‘Lys og mørke’...
07/06/2026

Festspelutstillinga 2026 opnar torsdag 11. juni kl. 16.30. Temaet for Festspela og festspelutstillinga er ‘Lys og mørke’. Festspelutstillinga er eit samarbeid mellom Aasentunet og Volda og Ørsta Kunstlag.

Leif Nyland er årets festspelkunstnar! Med ein rik fargepalett og sterke kontrastar skaper han maleri med ei nærast filmatisk stemning. Han arbeider figurativt, der enkle motiv som hus, kystlandskap og arkitektur blir reduserte til klare former og flater.

Lyset er sentralt i kunsten hans. Gjennom lys og skugge skaper han komposisjonar som er både stramme og stemningsfulle. Motiva tek ofte utgangspunkt i stader frå oppveksten – gjenkjennelege, men forenkla og stiliserte.

Nyland er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo, og bur i Fredrikstad. Han ser det som ei stor ære å vere festspelkunstnar, og temaet for 'Lys og mørke' passar godt til maleria hans.

Leif Nyland er til stades under opninga. Det vert helsingar, song ved Hildegunn Hovde og fin stemning!

Ope:
Torsdag 11. juni kl. 16.30-18.30
Fredag 12. juni kl. 12-16
Laurdag 13. juni kl. 12-16
Søndag 14. juni kl. 12-14
Frå og med torsdag 18, juni til og med laurdag 4. juli er det ope torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12-16

Velkomne til Kunsthuset i Ørsta!

Du har framleis sjansen til å få med deg utstillinga 'Tilflukt i Grepa - kunst, industri og framtid i Ørsta på 1930-tale...
04/06/2026

Du har framleis sjansen til å få med deg utstillinga 'Tilflukt i Grepa - kunst, industri og framtid i Ørsta på 1930-talet'. Utstillinga viser maleri og skulptur signert Ragnhild Aamås, Stian Ådlandsvik og Olav Strømme.

Siste utstillingsdagane er torsdag 4. juni, fredag 5. juni og laurdag 6. juni. Ope kl. 12-16.

Velkomne til ei spennande utstilling i Kunsthuset i Ørsta!

Ta gjerne turen til Kunsthuset i Ørsta! Utstillinga 'Tilflukt i Grepa', med verk av Ragnhild Aamås, Stian Ådlandsvik og ...
29/05/2026

Ta gjerne turen til Kunsthuset i Ørsta! Utstillinga 'Tilflukt i Grepa', med verk av Ragnhild Aamås, Stian Ådlandsvik og Olav Strømme, er opa torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12-16. Siste utstillingsdag er laurdag 6. juni.

Velkomne til ei fin og fascinerande utstilling!

Hugs at du må få med deg utstillinga 'Tilflukt i Grepa'! Du får sjå maleri og skulptur signert Ragnhild Aamås  Stian Ådl...
21/05/2026

Hugs at du må få med deg utstillinga 'Tilflukt i Grepa'!

Du får sjå maleri og skulptur signert Ragnhild Aamås Stian Ådlandsvik .adlandsvik og Olav Strømme.

Utstillinga er opa torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12-16, til og med laurdag 6. juni.

Velkomne til Kunsthuset i Ørsta!

I går, fredag 15. mai, var det utstillingsopning med godt frammøte og fint program! Utstillinga 'Tilflukt i Grepa' viser...
16/05/2026

I går, fredag 15. mai, var det utstillingsopning med godt frammøte og fint program! Utstillinga 'Tilflukt i Grepa' viser verk av Ragnhild Aamås, Stian Ådlandsvik og Olav Strømme. Maleri og skulptur.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn stod for opninga, og Solveig Styve Holte framførte fridans, inspirert av kompaniet Høvik Ballett.

Utstillinga er opa torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12-16, og står til 6. juni 2026.

Velkomne til ei fin, fascinerande og tankevekkande utstilling i Kunsthuset i Ørsta!

Utstillinga 'Tilflukt i Grepa - kunst, industri og framtid i Ørsta på 1930-talet' opnar fredag 15. mai kl. 18.00 (ope ti...
14/05/2026

Utstillinga 'Tilflukt i Grepa - kunst, industri og framtid i Ørsta på 1930-talet' opnar fredag 15. mai kl. 18.00 (ope til 20.00).

Utstillinga viser maleri og skulptur, og kunstnarane er Ragnhild Aamås, Stian Ådlandsvik og Olav Strømme.

Under opninga blir det ein kort performance av dansar og koreograf Solveig Styve Holte. Ho tek utgangspunkt i fridansen som vaks fram på 1930-talet, og som var grunnlaget for opprettinga av kompaniet Høvik Ballett i 1969. Kompaniet er mellom anna dokumentert med koreografi i samband med utstillinga til Olav Strømme på Henie Onstad Kunstsenter i 1975.

Velkomne til utstillingsopning i Kunsthuset i Ørsta!

Fredag 15. mai kl. 18.00 opnar ei ny utstilling i Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga ‘Tilflukt i Grepa - kunst, industri og...
10/05/2026

Fredag 15. mai kl. 18.00 opnar ei ny utstilling i Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga ‘Tilflukt i Grepa - kunst, industri og framtid i Ørsta på 1930-talet’, tek utgangspunkt i ei tid då kunstnaren Olav Strømme hadde atelier i Grepa og Melva-fabrikkane. Som motyting for husrom måla Strømme ein serie stadspesifikke veggmåleri i vognfabrikken til Grepa.

Måleria vart redda ut då fabrikken blei riven tidleg på 2000-talet, og dei står i dag att som fragment frå ei tid der kunst og industri eksisterte tett i hop. Kunstnarane Ragnhild Aamås og Stian Ådlandsvik utforskar kva desse nesten hundre år gamle verka fortel om vilkåra for kunst då og no. Aamås og Ådlandsvik set arbeida til Strømme inn i ein samtidskontekst.

Vi får sjå måleri og skulptur signerte Aamås, Ådlandsvik og Strømme. Utstillinga er under montering, og bilda her viser veggmåleria til Strømme og aluminiumstilfang til Ådlandsvik sine skulpturar.

Utstillinga opnar fredag 15. mai kl. 18.00. Kunstnarane er til stades under opninga, som Audhild Gregoriusdotter Rotevatn står for.

Ope torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12-16. Siste utstillingsdag er laurdag 6. juni 2026.

Velkomne til ei spennande utstilling i Kunsthuset i Ørsta!

Det nærmar seg siste sjansen til å sjå utstillinga 'Refleksjoner', med maleri og tekstil, signert Jon A. Håtun og Ingunn...
30/04/2026

Det nærmar seg siste sjansen til å sjå utstillinga 'Refleksjoner', med maleri og tekstil, signert Jon A. Håtun og Ingunn Birkeland.

Ta deg tid til ei kunstoppleving før utstillinga er over!

Velkomne til Kunsthuset i Ørsta fredag 1. mai og laurdag 2. mai kl. 12 - 16.

Adresse

Webjørn Svendsensgt . 7
Ørsta
6150

Åpningstider

Torsdag 12:00 - 16:00
Fredag 12:00 - 16:00
Lørdag 12:00 - 16:00

Telefon

+4797954391

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Volda og Ørsta Kunstlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Volda og Ørsta Kunstlag:

Del