Aggregat kunstnerfellesskap

Aggregat kunstnerfellesskap Aggregat Kunstnerfellesskap har som føremål å vere ein arena for profesjonell kunstnarisk verksemd. Aggregat er ein LEVANDE arbeidsplass!

Aggregat atelierfellesskap vart etablert i 2006, og seks kunstnarar har sine atelier her. Vi har fellesverkstad med grafikk og silketrykk verkstad, digital- og farge-lab. Vår intensjon er å skape ein tverrfaglig arena for kunst i Ålesund. Vi driftar og prosjekt og visningsrommet «Mottaket», kor der er mogleg for andre kunstnarar å leige seg inn i residency med sitt prosjekt.

Vi gleder oss til å dele meir om kva publikum får oppleve i årets «Kunstkuber» under Ålesund Gatefestival 🟦⬜️Hilde og Kr...
15/08/2026

Vi gleder oss til å dele meir om kva publikum får oppleve i årets «Kunstkuber» under Ålesund Gatefestival 🟦⬜️
Hilde og Kristian har spennende planer for korleis dei kan få folk til å stoppe opp og møte havet midt i byen 🤩

Hva skjer når kunsten flyttes fra galleriet til fortauskanten? Under Ålesund Gatefestival skal billedkunstner Hilde Rosenberg Bamarni og lydkunstner Kristian Skårbrevik fra Aggregat kunstnerfellesskap transformere de store fargerike Kubene som publikum ble kjent med i fjor. Nå får havet hovedrollen. Les mer. Sak i kommentarfeltet:

Sjå kva som skjer når kunsten får ta plass i byen! 🎨I går fekk kunsten breie seg ut i Ålesund under Stiftelsens dag! Då ...
14/08/2026

Sjå kva som skjer når kunsten får ta plass i byen! 🎨

I går fekk kunsten breie seg ut i Ålesund under Stiftelsens dag! Då inviterte Stiftelsen Kjell Holm og Aggregat Kunstnerfellesskap barn og unge til fire gratis kunstverkstader, og for ein dag det blei!

🪶 Det blei laga fuglemasker før små og store fuglar tok turen ut i byen i ein heilt eigen fugleparade med dans og musikk.
🎨 Horisontar vaks fram i akvarell.
⠿ Vi utforska sansane våre og skapte kunst med blindeskrift.
🧑‍🎨 Og det blei trykt silketrykk på papir og totebags.

Gjennom dagen fekk barn og unge møte profesjonelle kunstnarar og sjølve prøve, utforske, skape og setje sitt preg på byen.

For kva er ein by utan kunstnarar, barn og vaksne som møtest for å lage, undre seg og leike?

Ein stor takk til Stiftelsen Kjell Holm som gjorde det mogleg å fylle byen med kunst og skaparglede, og til kunstnarane Randi Kristin Emblem, Tonje Aas Molnes, Lena Nymark, Karin Augusta Nogva, Ivan Dujmusic og Hilde Rosenberg Bamarni for å dele kunsten og kunnskapen sin.

Og ikkje minst: takk til alle barn, ungdommar og vaksne som blei med og skapte dagen saman med oss! ✨

Foto: Trine Isaksen Muriaas

Aggregat kunstnerfelleskap driv mange ulike avdelinger for kunstnerisk verksemd i hjartet av Ålesund! 🤩Sjekk ut nettsida...
14/07/2026

Aggregat kunstnerfelleskap driv mange ulike avdelinger for kunstnerisk verksemd i hjartet av Ålesund! 🤩

Sjekk ut nettsida vår for meir info:
https://www.aggregatkunst.com

I dag fekk vi besøk av deltakarar i NOVU 2026 – Nordisk vennskapsveke for unge, som i år blir arrangert i Ålesund💫Politi...
02/07/2026

I dag fekk vi besøk av deltakarar i NOVU 2026 – Nordisk vennskapsveke for unge, som i år blir arrangert i Ålesund💫
Politikarar og administrasjon frå vennskapsbyane Lahti, Akureyri, Randers og Västerås fekk høyre om arbeidet vårt med kunst for barn og unge, og korleis vi arbeidar for å utvikle tilbodet vidare ved Verkstad da Vinci, sjølv om Ålesund kommune ikkje lenger er med i samarbeidet.

Temaet for NOVU 2026 er Demokrati og beredskap, og det er viktig for oss å få dele korleis kunst og kreativitet kan vere ein viktig del av fellesskap, medverknad og engasjement. Takk for besøket!

I går var kunstnarane i Ålesund Duo Air, Pei-Han Lin og Tansiyu Chen innom Aggregat for å bli litt betre kjende med kuns...
30/06/2026

I går var kunstnarane i Ålesund Duo Air, Pei-Han Lin og Tansiyu Chen innom Aggregat for å bli litt betre kjende med kunstmiljøet.
Dei hadde lunsj saman med mange av studiokunstnarane og fekk sjå korleis Aggregat er bygd opp🤩
Dei tok også turen innom Mottaket, der dei møtte Marius Konrad Vartdal som kunne fortelle om si komande utstilling Bring your own light.
Takk for gode samtalar! Vi gler oss til å sjå kva som kjem ut av residensopphaldet dei neste vekene.

📣Artist talk i Mottaket 14.juli!

Pei-Han Lin og Tansiyu Chen er på plass i den nye residensen Ålesund Duo Air!  Her skal dei arbeide i om lag 4 vekerDet ...
26/06/2026

Pei-Han Lin og Tansiyu Chen er på plass i den nye residensen Ålesund Duo Air! Her skal dei arbeide i om lag 4 veker

Det er tredje året på rad Aggregat inviterar to kunstnarar til residens i Ålesund 🤗 Men det er første gang vi samarbeider med Ytre Kunstfagskole om å invitere kunstnarar i etableringsfasen. Vi ønskjer å gi tilgang til atelier, verkstad og eit kunstfagleg miljø som gir gode rammer for fordjuping og samarbeid.

For publikum vert det opent arrangement i Mottaket 14. juli, der ein får møte kunstnarane og får eit innblikk i det dei har jobba med under opphaldet.

Vi håpar Ålesund tek godt imot residenskunstnarane! :D

🔨 Dei siste vekene har det vore full byggeaktivitet i fellesverkstaden vår!Vi byggjer om for enda meir kunst i framtida!...
25/06/2026

🔨 Dei siste vekene har det vore full byggeaktivitet i fellesverkstaden vår!
Vi byggjer om for enda meir kunst i framtida! For betre arbeidsvilkår, meir funksjonelle produksjonslokale og ein endå sterkare møteplass for profesjonelle kunstnarar i Møre og Romsdal.

Prosjektet omfattar mellom anna:
✨ nytt møterom/stillerom
💡 heilt ny energieffektiv grunnbelysning
🚪 ny glassfasade som gir betre inneklima, mindre støy og universell tilgjenge
🎵 akustiske forbetringar som gjer det lettare å arbeide på tvers av kunstuttrykk i same bygg

Vi er stolte over at prosjektet blir gjennomført med dyktige lokale fagfolk. Ei stor takk til: HI-Bygg As, Acel, Gunnar Fuglseth AS, GK ventilasjon og Straumsheim Glass og Fasade for rask og effektiv byggeperiode. Vi gleder oss til å sjå det ferdige resultatet om berre nokre dagar! 😍

Vi vil også rette ein stor takk til Alti Forvaltning, for god dialog og bidrag til å gjere denne store oppgraderinga mogleg.

Og ikkje minst – takk til Norsk Kulturråd og Kulturdirektoratet som ser kor viktig det er å investere i varig kunstnarisk infrastruktur som kjem både dagens og framtidige kunstnarar til gode.

Adresse

Nedre Strandgate 9
Ålesund
6004

Åpningstider

Mandag 13:00 - 14:00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Aggregat kunstnerfellesskap legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Aggregat kunstnerfellesskap:

Snarveier

Del