08/01/2023
Vårsemesteret:
- Helgasamling på Høgda 14-15 januar (teater/eventyr)
- Helgasamling på Høgda 11-12 februar (teater/sang)
- Helgasamlinga er på Lagshuset i byen 18-19 mars (teater/dans).
Dei to første samlingane er med overnatting.
Dette semesteret skal vi jobbe mykje i grupper, vi skal bruke både ferdige tekstar og kanskje skrive noko sjølve. Teater er med som ein raud tråd alle tre helgane - men samstundes skal vi og jobbe godt med sang og dans.
Det er oppmøte laurdag klokka 10 alle helgane - og vi avrundar teaterdagen rundt klokka 17. På Høgda vert det sosial samling, leik, mat, avslapping fram til legging.
Vi startar teaterdagen på søndag kl 10 - og klokka 13 er familie og andre nære invitert til å kome og sjå kva vi har jobba med.
For 4.-10. klasse (grunna overnatting).
Semesteravgift er 800 kroner.