Leveld teaterlag

Leveld teaterlag Leveld Teaterlag er - med over 20 forestillingar dei siste 20 åra - ein viktig kulturaktør i Hallingdal. I 1994 fekk Leveld Teaterlag Ål kommune sin kulturpris.

Leveld Teaterlag er eit lite og godt teaterlag i bygda Leveld i Ål kommune. Dei siste 20 åra har teaterlaget omtrent hatt ei oppsetting i året. Spennet mellom dei forskjellige produksjonane har vore store. Nokon gonger store oppsettningar med over 50 personar på scenen, andre gonger små med berre sju. Den fyrste store satsinga kom i 1987 med «Dikt og forbanna draum – ein haugarock». Seinare har la

get spelt mange forskjellig stykke i ulike sjangerar; Ein midtsommarnattsdraum, Den spanske flugu, Gengangere, Brødrene Østermanns huskors, Charlie og sjokoladefabrikken, Den syngende frøken detektiv m.fl. I 2002 vart laget tildelt Buskerud Mållag sin målpris. No i 2016 sett teaterlaget opp farsen "Rett i lomma." Premiæren vil vere hausten 2016.

NB! Premiere og forestillingar er flytta til november.
16/12/2025

NB! Premiere og forestillingar er flytta til november.

Nytt prosjekt på gang👍👍 Bli med på samling på Leveldtun 9. januar for å høyre meir. Detta bi skrekkele' morosamt😁
15/12/2025

Nytt prosjekt på gang👍👍 Bli med på samling på Leveldtun 9. januar for å høyre meir. Detta bi skrekkele' morosamt😁

90-talet kjem tilbake i palmehelga. Gry Tøsdal og Grete Toril Hagen har grave fram krimgull frå bygderadioen.

Me er evig takksame for vår fantastiske Vetle Springgard 🙌🥇👏 fredag er siste høve til å sjå Stavkyrkja, sikre deg billet...
19/05/2024

Me er evig takksame for vår fantastiske Vetle Springgard 🙌🥇👏
fredag er siste høve til å sjå Stavkyrkja, sikre deg billettar no!
http://www.aal.kulturhus.no

– Det var med ærefrykt eg tok på meg dette oppdraget. Det er ei stor tillitserklæring å jobbe med ein så stor produksjon i mitt barndoms teater. Det har vore krevjande, lærerikt, inspirerande og veldig artig.

Gleder oss til å stå på scena igjen under Folkemusikkveka!!Sikre deg billett no: https://aal.kulturhus.no/stavkyrkja-ein...
10/05/2024

Gleder oss til å stå på scena igjen under Folkemusikkveka!!
Sikre deg billett no: https://aal.kulturhus.no/stavkyrkja-ein-folkemusikal-z8f5qa/

Folkemusikalen 'Stavkyrkja' gjekk for fulle hus tidlegare i vår, og gjer ei gledeleg ekstraframsyning fredagen under Folkemusikkveka!

Den nye bibliotekaren Anna blir ynskt velkomen til bygda av ordføraren og får tildelt fadder for å kome på plass.
Men bibliotekaren er meir interessert i den gamle, nedstøva stavkyrkja på Torpo. Anna vil puste nytt liv i det snart 1000 år gamle klenodiet. Men ho er ikkje den einaste. Både kapitalkrefter og teknogründerar viser interesse for det gamle klenodiet. Også okkulte krefter vil ha eit ord med i laget.
Snart er den gamle kyrkja like hot som helse.

Dette er bakteppet i folkemusikalen Stavkyrkja som hadde premiere 8. mars.2024. Kven får bruke kyrkja? Blir det pilegrimar, soldyrkarar eller spa-turistar?
Bak handlinga ligg ei undring; kan teknologien snart skaffe oss eit langt og kanskje evig liv her på jorda? Vil «det evige livet» løyse tidsklemma og ta bort dødsangsten vår?

"Stavkyrkja"
- ein folkemusikal av Leveld teaterlag i samarbeid med Sprang.

Manus: Eldgrim Springgard
Musikk: Jo Asgeir Lie
Regi: Vetle Springgard

Når: Fredag, 24. mai, kl. 17:00
Kvar: Storesalen, Ål Kulturhus

Tusen takk til Sparebankstiftelsen DNB for støtta me har fått til Stavkyrkja! Snart står me på scena i Ål kulturhus att,...
07/05/2024

Tusen takk til Sparebankstiftelsen DNB for støtta me har fått til Stavkyrkja!
Snart står me på scena i Ål kulturhus att, få med deg siste framsyning fredag 24. mai under Folkemusikkveka!

Premierekveld!!! 🎉 🌟🙌 sjåast på Ål kulturhus kl 19 💃🏻🌞🎻⛪️
08/03/2024

Premierekveld!!! 🎉 🌟🙌 sjåast på Ål kulturhus kl 19 💃🏻🌞🎻⛪️

04/03/2024

I helga flytta me inn på Ål kulturhus, no er det øving øving øving fram mot premiere på fredag!!!

Adresse

Leveld
Ål
3570

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Leveld teaterlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del