Folkemusikkveka

Folkemusikkveka Folkemusikkveka er ein festival som har vorte arrangert kvart år sidan 1976 på Ål i Hallingdal. Folkemusikkveka - den gode folkemusikkfesten! mai.

I 2026 foregår festivalen 24. - 31. Folkemusikkveka (The Norwegian Folk Music Week) dates back to -76, making it one of the longest running music festivals solely dedicated to traditional Norwegian folk music and folk dance. Folkemusikkveka vart stifta i 1976 og er med det ein av Noregs eldste folkemusikkfestivalar. Kvart år i slutten av mai fyllast Ål med konsertar, dansekurs, tevlingar, dansefes

tar, buskspel, Fanitulltevlinga, Bygdamønstringa og prisutdelingar.

*
*
Kontaktinformasjon:
[email protected]

[email protected]

FESTKONSERT: Folkemusikkveka 50 år!Tusen takk til alle som tok del i feiringa🥳Foto: Anders Lillebo
03/06/2026

FESTKONSERT: Folkemusikkveka 50 år!
Tusen takk til alle som tok del i feiringa🥳

Foto: Anders Lillebo

03/06/2026
Vi var så heldige å få platesleppkonsert med Helga Myhr på årets festival! Ho presenterte den nye plata Slåttespel for e...
31/05/2026

Vi var så heldige å få platesleppkonsert med Helga Myhr på årets festival! Ho presenterte den nye plata Slåttespel for eit lyhørt publikum fredag kveld. Her får du ein smakebit frå plåta og vil du kjøpe den digitalt kan du klikke deg rett inn i lenka her.

Klikk her:
https://helgamyhr.bandcamp.com/album/sl-ttespel

Film og foto: Anders Lillebo

Det er vemodig, men folkemusikkveka går mot ein ende. Men sørg for å få med deg dei siste postane på festivalprogrammet....
30/05/2026

Det er vemodig, men folkemusikkveka går mot ein ende. Men sørg for å få med deg dei siste postane på festivalprogrammet. Vi vonar mange tek turen på dei tre siste arrangementa vi har.

TUSEN TAKK for at de kom og var med oss å feira 50 års jubileet, det har vore ein festveke som vi seint vil gløyme! 😀😍

Resultater frå Fanitultevlinga er: 1. Jan Beitohaugen Granli2. Syver Rolandsgard Hauge3. Alexander Aga RøynstrandGratule...
30/05/2026

Resultater frå Fanitultevlinga er:

1. Jan Beitohaugen Granli
2. Syver Rolandsgard Hauge
3. Alexander Aga Røynstrand

Gratulerer Jan Beitohaugen Granli som vinnar av tevlinga! 🏆

Foto: Anders Lillebo

PUMPEGRIS 🏆Det er ikkje tvil. Folk elskar Pumpegris ❤️Det var fest på Sundrehall fredag kveld når denne gjengen heldt ko...
30/05/2026

PUMPEGRIS 🏆

Det er ikkje tvil. Folk elskar Pumpegris ❤️

Det var fest på Sundrehall fredag kveld når denne gjengen heldt konsert og dansefest 🤩🤩 TAKK!

Foto: Anders Lillebo
Anders Lillebo

Jens A. Myros minnepris 2026 går til ERLEND OPHEIM BERG! Årets prisvinnar har dansa i mange år. Det er ein person som ha...
30/05/2026

Jens A. Myros minnepris 2026 går til ERLEND OPHEIM BERG!

Årets prisvinnar har dansa i mange år. Det er ein person som har møtt opp trufast i alle desse åra, og har opparbeidd høg kvalitet på dansen sin. Med sitt gode humør og vinnande vesen er dette ein ungdom som har vore veldig viktig for miljøet på Hugnadheim. Vinnaren har av dei same årsakene fått eit stort nettverk blant jamaldringar i folkemusikkmiljøet landet rundt.

Det er ein aktiv kappleiksdeltakar som har delteke både med springar og laus. Det har også vore opptredd utanfor kappleiksscena ved ulike høve, og Martin Myhr har nytta dansaren som vikar som lærar i laus fleire gonger.

Under tevlinga på Landskappleiken i Lom i 2023 fekk han, for det er ein han, kneet ut av ledd i samband med kastet. Men han gav seg ikkje, og krukka kneet på plass att!

Det fortel mykje om årets prisvinnar: ERLEND OPHEIM BERG

Foto: Anders Lillebo

Etter at de har vore på alt som skjer rundtomkring og på festivalkveld på Sundrehall, er det klart for dansespel på hote...
30/05/2026

Etter at de har vore på alt som skjer rundtomkring og på festivalkveld på Sundrehall, er det klart for dansespel på hotellet! Her ser de kven de kan danse, danse, danse til - så det er berre å møte opp og svinge seg rundt frå kl 22.15 - VELKOMMEN! 😍🤩

Kjøp deg småmat med tilbehør!
30/05/2026

Kjøp deg småmat med tilbehør!

Adresse

Sundre
Ål
3570

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Folkemusikkveka legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Folkemusikkveka:

Del

Type