DEN GRØNE Fabrikken

  • Home
  • DEN GRØNE Fabrikken

DEN GRØNE Fabrikken Fabrikken ligg ut i sjøen, i eit historisk og vakkert verkstad/naustmiljø i Mjøsvågen. Staden har ei lang historie tilbake frå 1880.

Bygningen blir brukt til aktivitetar innan kunst og kultur i tillegg til utleie for private arr.
•Opplevingar
•Kunst
•Galleri
•Gåvebu
•Badstove
•Bar med alle rettar
Kjøp billett⬇️ Her har det vore kisteverkstad, møbelfabrikk, møbeltapeteserar, lager, musikkverkstad og no kunstverkstad. I 2016 kjøpte Else Karin Tysse Bysheim og Lars Magne Bysheim bygget. Etter nokre år med tankar og idear, starta r

enoveringen hausten 2019. Bygget stod klart april 2020. Det framstår i dag med ein god blanding av gamalt og nytt. Allereie sommaren 2020 vart bygningen nytta som utstillingslokale for Osterøy Kunstlag. Bygningen skal brukast til aktivitetar innan kunst og kultur. Her kan du leige rom for ein periode for å arbeide med eit prosjekt eller ein ide du ynskjer å teste ut. Eller kanskje du berre treng eit rom for ein dag, til møte, kunst/handverk, kursverksemd, etc. Det vil bli arrangert ulike kurs/workshop for både born og vaksne. Ta kontakt for meir informasjon og prisar.

Gratulera med dagen 🇳🇴Me håpar de får ei flott 17. mai feiring fyllt med gode opplevelsa, latter og fine øyeblikk. Me på...
17/05/2026

Gratulera med dagen 🇳🇴

Me håpar de får ei flott 17. mai feiring fyllt med gode opplevelsa, latter og fine øyeblikk.

Me på DGF har tatt oss fri på sjølve dagen, men ønske dekå velkomen tilbake til oss neste veka:

Måndag kl. 13–19
Tysdag–torsdag kl. 13–16

Nyt dagen❤️

Ny dag med guiding i Hosanger 🌿I dag hadde me besøk av tre søsken busette i England, Belgia og Sveits, men alle opprinne...
13/05/2026

Ny dag med guiding i Hosanger 🌿

I dag hadde me besøk av tre søsken busette i England, Belgia og Sveits, men alle opprinnelig frå Libanon. Ein skikkelig gladgjeng som tok inn både naturen, historiane og stemninga i Kossdalen og Mjøsvågen med store smil.

Og jammen fekk dei bonusopplevingar og. Både ørn og ekorn viste seg fram i Kossdalen 🦅🐿️

Da e nokke ekstra fint med å få visa fram heimplassen sin til folk frå heile verda. Sjå korleis dei stoppar opp, tek inn utsikta, stillheten og dei små detaljane me kanskje gløymer litt i kvardagen.

Skal du til Hosanger på himmelspretten?
Me held ope på Den Grøne Fabrikken kl. 13–16.

Og da e ledige gruppetimar i heile helga.

Velkomen innom 🌿

Første guida tur for året er gjennomført 🌍Skal vera heilt ærlig. Som guide va eg ganske nervøs før båten la til kai i Mj...
12/05/2026

Første guida tur for året er gjennomført 🌍

Skal vera heilt ærlig. Som guide va eg ganske nervøs før båten la til kai i Mjøsvågen. Kom eg til å huska alle detaljane? Årstala? Og ka va no egentlig da ordet på engelsk igjen?

Men så kom dei første gjestane av båten. Smilande folk frå England og USA. Og dei flotte folka ifrå Rødne Fjord Cruise som alltid møte oss med ro og gode smil. Då forsvann nervøsiteten ganske fort.

For da handla jo egentleg ikkje om å vera perfekt. Da handla om å vera seg sjøl. Å visa fram Mjøsvågen, Hosanger og Kossdalen akkurat sånn da e. Ekte. Ufiltrert. Levande.

Og me e jaggu heldige. For me har jo berre besøk av flotte folk. Nysgjerrige menneske som kjem langveisfrå for å oppleva nokke ekte vestnorsk.

Når me får sånne tilbakemeldinga i gjesteboka, då kjenne me at detta betyr nokke ❤️
At folk føle seg heima, sjøl om dei har reist langt.
At dei tek med seg meir enn berre bilde heim att.
At dei finn roen, oppi alt kaoset som denne verden me leve i består av.
At dei egentlig håpe på at båten glømme å plukka dei opp igjen. For dei vil vera her lenger...

Da e ganske stort, egentlig. Ganske stort, på ekte.

Så kjekt! Nok ein gong blir Osterøy satt på kartet. Godt jobba til gjengen som har solgt dette inn!
12/05/2026

Så kjekt! Nok ein gong blir Osterøy satt på kartet. Godt jobba til gjengen som har solgt dette inn!

Siste Handverkstreff før sommaren 🌿Måndag 11. mai kl. 13–16 inviterer me til siste handverkstreff før sommaren på Den Gr...
10/05/2026

Siste Handverkstreff før sommaren 🌿

Måndag 11. mai kl. 13–16 inviterer me til siste handverkstreff før sommaren på Den Grøne Fabrikken.

🧵 Ta med handarbeid, kreative prosjekt – eller berre kom innom for ein prat og litt inspirasjon.

Kunstkafé med sal av blomkålsuppe, kaffe/te og kaffemat.

☕ DGF er ope kl. 13–19
🔥 Badstove Drop-In kl. 18:00

🎨 Utstilling med måleri av Arne Ingvaldsen står framleis i lokala. Må sjåast!

I tillegg til alt det andre ein finn i galleributikken vår har me no nettopp fått inn:
🎨 Nye bilete frå Els Geelen
🏺 Nye keramikkprodukt frå Herdis Torsvik

Velkomen til ein roleg og kreativ måndag i Mjøsvågen.

Neste veke tek me imot dei første gjestane for sesongen i Mjøsvågen og Kossdalen gjennom samarbeidet vårt med Rødne Fjor...
06/05/2026

Neste veke tek me imot dei første gjestane for sesongen i Mjøsvågen og Kossdalen gjennom samarbeidet vårt med Rødne Fjord Cruise — og me gleda oss stort!

I dag fekk me ei fin oppvarming med guida tur til Kossdalssvingane og påfølgande lunsj på Den Grøne Fabrikken saman med ein flott gjeng frå Liaparken borettslag si turgruppe.

Takk for besøket og den gode stemninga! No ser me fram til ein ny sesong med opplevingar, historier, natur og gode møte med folk frå heile verden, her i Mjøsvågen.

#

05/05/2026

IMAGO – måleri av Arne Ingvaldsen

Ord og tolking: Arno Småland Isvik

Ei utstilling som må opplevast – kom tett på bileta, og finn di eiga tolking

Velkomen til Den Grøne Fabrikken

Opningstider:
Måndag 13–19
Tysdag–torsdag 13–16
Sundag 13–16

🔥 CUPFINALE PÅ STORSKJERM! 🔥Laurdag 9. mai kl. 18:00 brakar det laus på Ullevaal:Bodø/Glimt – Brann 🏆Me riggar til stors...
02/05/2026

🔥 CUPFINALE PÅ STORSKJERM! 🔥

Laurdag 9. mai kl. 18:00 brakar det laus på Ullevaal:
Bodø/Glimt – Brann 🏆

Me riggar til storskjerm på Den Grøne Fabrikken og inviterer til ekte cupfinale-stemning i Mjøsvågen!

🚪 Dørane opnar kl. 17:00
🍺 Baren er open
🌭 Salg av hotdog
🔥 God stemning garantert

Kom tidleg og sikra deg plass – dette vil du ikkje gå glipp av!

I går hadde me utstillingsopning på Den Grøne Fabrikken 🎨Utstillinga IMAGO - maleri av Arne Ingvaldsen vart veldig godt ...
01/05/2026

I går hadde me utstillingsopning på Den Grøne Fabrikken 🎨
Utstillinga IMAGO - maleri av Arne Ingvaldsen vart veldig godt motteken.

Ikkje så mange som fann vegen – men dei som kom (inkludert hunden), gjorde ettermiddagen akkurat slik me likar det: gode samtalar, fine folk og ei lun stemning.

Utstillinga står fram til 14.06, så det er god mulighet til å ta turen innom.

Opningstider Den Grøne Fabrikken:
Måndag 13-19
Tysdag - Torsdag 13-16
Sundag 13-16

Address

Osterøyvegen 2106

5282

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when DEN GRØNE Fabrikken posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Establishment

Send a message to DEN GRØNE Fabrikken:

  • Want your establishment to be the top-listed Arts & Entertainment?

Share