Yoko Motion

Yoko Motion Yoko's Dance Lounge

K-pop Dansekurs i Volda Samfunnshus

Inkludering og tryggleik er ein stor del av kven vi er.I Yokomotion og YMCC jobbar vi for å skape møteplassar der alle k...
05/05/2026

Inkludering og tryggleik er ein stor del av kven vi er.
I Yokomotion og YMCC jobbar vi for å skape møteplassar der alle kan vere seg sjølve – akkurat slik dei er.

Difor går vi i Bygdepride-paraden laurdag 9. mai 🌈

Oppmøte: Steinrøysa ved Volda VGS kl. 15.00

har heile programmet og meir info om paraden 💛

04/05/2026

Kva skjer hos oss no?
Barnekurset startar opp att i morgon, og vi går inn i siste runde før sommarferien.
Det blir øving, fellesskap og førebuing til Sommarfesten i Fosnavåg.
Vi gleder oss!!

Vi har fått nokre spørsmål om kvifor vi ikkje berre ber foreldre betale for kostyma til Sommarfesten. Det er eit godt sp...
03/05/2026

Vi har fått nokre spørsmål om kvifor vi ikkje berre ber foreldre betale for kostyma til Sommarfesten. Det er eit godt spørsmål, og vi vil gjerne forklare litt om korleis vi tenkjer.

For oss er det viktig at alle barn og unge kan vere med, uansett økonomi. Vi veit at det ofte er nok i seg sjølv å betale for kurs, og at ekstra kostnader som dugnad, kostyme eller billettar kan gjere det vanskeleg for nokre familiar å delta i aktivitetar.

Difor vel vi å gjere det slik:
Kostyma blir kjøpt inn av YMCC/YokoMotion, brukt av gruppa, og kan nyttast igjen ved seinare opptredenar. På den måten slepp kvar familie å kjøpe eigne kostyme, og vi byggjer opp eit lite kostymelager som kjem alle til gode.

Når vi treng litt ekstra for å få dette til, spør vi heller om frivillige bidrag frå dei som har lyst og moglegheit – anten privatpersonar eller lokale verksemder. Ingen er forplikta til å bidra, og ingen skal nokon gong kjenne at dei må betale for å vere ein del av YokoMotion.

Takk for at de er ein så fin og støttande gjeng. Det betyr mykje for oss, og endå meir for ungdommane som får stå på scena saman.

💛
YMCC & YokoMotion

Sjå denne haugen med pakkar!  Yoko er supernøgd, og no kjenner vi verkeleg at Sommarfesten nærmar seg. Seks veker igjen ...
29/04/2026

Sjå denne haugen med pakkar!
Yoko er supernøgd, og no kjenner vi verkeleg at Sommarfesten nærmar seg. Seks veker igjen – og det er så stas å sjå alt dette kome i hus, sjølv om vi held kostyma litt hemmelege enno.

Vi jobbar framleis med å dekke inn resten av kostymekostnadene. Om nokon ønskjer å bidra litt, finn de info i førre post eller kan sende ei melding. Tusen takk for all støtte – dette betyr mykje for ungane 💓🕺

YMCC har no teke i bruk Vipps!For å gjere betalingar enklare framover – spesielt kontingent for barnekursa – kan de no b...
25/04/2026

YMCC har no teke i bruk Vipps!
For å gjere betalingar enklare framover – spesielt kontingent for barnekursa – kan de no bruke Vipps når de treng det.
Vippsnummer: 48958
Vippsnummeret kan òg brukast av dei som ønskjer å gi eit lite bidrag. Som mange veit, samlar vi framleis inn til kostyme til opptredenen vår på Sommarfesten i Fosnavåg.
Dersom du ønskjer å stå som sponsor, skriv gjerne inn firmanamnet i meldingsfeltet, så tek vi det med i oversikta vår.

23/04/2026

Tusen takk til alle som kom. 💜
Det betyr mykje for både meg og ungane.
Eg er så glad for å få undervise desse fine gjengane – å sjå dei vekse og få meir tryggleik i dansen er noko av det beste eg veit. Eg er så stolt av dei!

No ser eg fram til dei neste vekene med øving mot Sommarfesten i Fosnavåg.
Vi har framleis nokre ledige plassar om du eller barnet ditt vil vere med vidare. Info finn du på yokomotion.net

23/04/2026

Dear dance teachers 🤍

The way you say hello matters.
The way you say goodbye matters.
The way you notice when something feels off… matters.

Because it was never just about dance.
It’s about the human standing in front of you. 💫

The way you speak…
the way you respond…
the way you hold space…

That stays with them long after class ends.

Technique is important.

But how they feel in your class?
That’s what they remember. 🤍

21/04/2026

Kan nokon gjette kva vi skal lære på vaksenworkshopen neste veke?

Adresse

Volda

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Yoko Motion legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del