18/11/2025
YKS Ung takkar for eit magisk oppstartsår i 2025!
I morgon vert vår siste opne dansetrening sidan salen i Kaarstadbygget framover vert opptatt med eksamen.
Men dei som har lyst å kome er velkomen frå 18- 19.30!
Vi held fram fokuset på det fleirrytmiske frå sist gong, som også er fokus for neste års produksjon!
YKS Ung har hatt eit så innhaldsrikt år i sitt første driftsår!
Vi har hatt 5 ungdomar tilsett i kunstprosjektet vårt utover eit kunstnerisk team på 6 vaksne og vi har spelt 5 framsyningar av "Røyster" og møtt til saman 350 publikummere.
Utover dette har 15-20 ulike ungdomar og studentar vore innom dansetreninga vår gjennom året som er eit gratis lavterkseltilbod støtta av SpareBank 1 SMN og Høgskulen i Volda.
Neste år gler vi oss til å ta med nokre av ungdomane i YKS Ung til Oslo for å opne Dansekonferansen på Sentralen i januar, i regi av DNB Sparebankstiftelsen sitt Danseløft, Dansens Hus og Danseinformasjonen. Det er så viktig for oss å verte sett nasjonalt for det arbeidet vi utviklar!
Vidare har vi audition til ny produksjon i slutten av februar 2026 som vil ha premiere på Moldejazz neste sommar før den legg ut turné i regionen. Den opne dansetreninga vår startar opp at i februar og vert fast på onsdagar også utover våren.
Takk for alle støttespelarar, samarbeidspartar, publikum og dei som deltek på våre tilbod!
YKS Ung 2025 vart meir enn vi kunne drøymt om!
Solveig Styve Holte og May Stene Fossheim