Klaape Gard & Kulturformidling

Klaape Gard & Kulturformidling Vi tek hand om gardsdrifta på Klåpe i Øvre Svatsum: kjøttproduksjon på sau, storfe, geit.

Utleige av geiter til landskapsrydding via www.ryddegeita.no

Vi tilbyr kulturformidling på garden, setra og ved tilstellingar i og utanfor bygda.

Godt nytt år!Som tidlegare tek vi også i år imot juletre når dei blir kasta ut frå stove og heim.Sambygdingar og hyttebu...
07/01/2026

Godt nytt år!

Som tidlegare tek vi også i år imot juletre når dei blir kasta ut frå stove og heim.

Sambygdingar og hyttebuarar kan gjerne levere juletrea sine ved gjødselporten på framsida av fjøset vårt:
Klåpe, Gardan 158, 2657 Svatsum. Det same gjeld toppar og greiner som blir igjen etter hogst av bartre.

For geitene er juletre og greiner snadder og tidtrøyte, som bidreg til mindre lediggang og auka trivsel på ein elles kvinnedominert arbeidsplass.

PS: Vi tek berre imot juletre som ikkje er sprøytt med kjemisk-syntetiske middel!

På førehand takk for donasjonane!

Her nyter vi rolege og avslappande juledagar og håper de gjer det same. Ønsker dykk alle ei fortsatt god jul og eit godt...
27/12/2025

Her nyter vi rolege og avslappande juledagar og håper de gjer det same. Ønsker dykk alle ei fortsatt god jul og eit godt nytt år når den tida kjem!

25/07/2025

VIKTIG OPPDATERING!!!

Vêret er i ferd med å snu. Yr melder utrygt vêr i morgon kveld. Kveldskonserten på Klåpsetra 26. juli kl 19.00 er flytta inn i fjøset. Vi har framleis nokre ledige billettar. Grinda inn til setertunet opnar kl 18.00 og billettane kjøper du her:

https://www.ticketmaster.no/event/1471431828

Velkomen til ein uforgløymeleg kveldskonsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad!Når?Laurdag 26. juli kl. 19.00. Gri...
22/07/2025

Velkomen til ein uforgløymeleg kveldskonsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad!

Når?
Laurdag 26. juli kl. 19.00. Grinda inn til setertunet opnar kl 18.00.

Kvar?
Klåpsetra. Gåsøyvegen 632. 2657 Svatsum.

Kva serverer vi før, under og etter konserten?
Pølser og nysteikte vaflar, øl og vin, mineralvatn og kaffe (vi har betalingsterminal).

Korleis kjøpe billettar?
https://www.ticketmaster.no/event/1471431828

NB:
Billettane til dagprogrammet i seterfjøset er utselde!

Lurer du på kvifor vi arrangerer Gåsøysymposiet 26. juli?Sidan forrige symposium i 2014 har vi fått fleire spørsmål om n...
13/07/2025

Lurer du på kvifor vi arrangerer Gåsøysymposiet 26. juli?

Sidan forrige symposium i 2014 har vi fått fleire spørsmål om når det skal "gjenoppstå". I år inviterer vi både til dagprogram i fjøset og kveldskonsert på setertunet. Viss interessa er god og publikum strøymer på, er sjansen stor for at det ikkje blir 11 år til neste Gåsøysymposium.

Bjørn Magnus og Trond står i bresjen for arrangementet, med støtte frå lokalt nærings- og organisasjonsliv, familie og gode medhjelparar. Og ikkje minst aktørane, som på ulike vis skal setje seterkulturen og budeia sitt arbeid på dagsorden: Biskop emerita Solveig Fiske, David Friedemann Strunck, Steinar Granmo Nilsen, Anna Jorunn Avdem, Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad.

Billettane til dagprogrammet kjøper du her:
https://www.ticketmaster.no/event/2083512721

Billettane til kveldskonserten kjøper du her:
https://www.ticketmaster.no/event/1471431828

Bjørn Magnus Brynildsen er eigedomsmeklar med fleire års fartstid i bransjen. Frå september i år finn du han som rådgjevar i USBL Innlandet. Han er ein dedikert samlar av biletkunst, levande oppteken av bygnings- og kulturminnevern, og trivst godt med hammar og sag i hendene.

Trond Klaape har drive garden og setra sidan 2014. Han har fagbakgrunn frå pedagogikk og diakoni og vil i 2026 fullføre ein erfaringsbasert mastergrad som kvalifiserer til vigsling og fast presteneste i Den norske kyrkja. Som mangeårig kulturformidlar har han førebudd eit eige føredrag til dagprogrammet på symposiet: "Budeia og seterlivet i dikting og folkesong".

Vi håper du tek turen til Gåsøysymposiet! Velkomen skal du vere!

Laurdag 26. juli held Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad kveldskonsert på setertunet på Klåpsetra i Øvre Svatsum. I mei...
28/06/2025

Laurdag 26. juli held Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad kveldskonsert på setertunet på Klåpsetra i Øvre Svatsum. I meir enn 25 år har dei gledd publikummet sitt med lun formidling, varm humor og speleglede! På scena er duoen noko for seg sjølv. Dei framførar viser og folketonar av ulike slag – vakre, morosame, stillferdige og fengjande. Over alt der dei fer set dei spor. Dei er ei musikalsk lukkepille.

Grinda inn til setertunet opnar kl 18.00. Konserten startar kl 19.00. Vi sel øl, vin, mineralvatn og pølser, kaffe og vaflar. Ta med campingstol/sitteunderlag og gode klede.

Billettane til kveldskonserten kjøper du her: https://www.ticketmaster.no/event/1471431828

Konserten med Nordstoga og Reistad er ein del av Gåsøysymposiet, der vi feirer seterkulturen og budeia sitt arbeid gjennom eit omfattande dagprogram med føredrag, kunstneriske innslag og god servering. Vi har framleis billettar til dagprogrammet: https://www.ticketmaster.no/event/2083512721

Velkomen til Klåpsetra og den vakre setergrenda Gåsøya i Øvre Svatsum!

Da er drøye halvparten av dei 70 tilgjengelege billettane til dagprogrammet på Gåsøysymposiet 26. juli selde.Billettar k...
04/06/2025

Da er drøye halvparten av dei 70 tilgjengelege billettane til dagprogrammet på Gåsøysymposiet 26. juli selde.
Billettar kjøper du her:
https://www.ticketmaster.no/event/gasoysymposiet-2025-dagprogram-billetter/2083512721

Billettar til kveldskonserten med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad finn du her:
https://www.ticketmaster.no/artist/aasmund-nordstoga-billetter/903854

Velkomen til Gåsøysymposiet på Klåpsetra i Øvre Svatsum, Gausdal, laurdag 26. juli! Under overskrifta "Oppe fyrst og sist i seng" skal vi lære meir om seterkulturen og budeia sitt arbeid. Vi inviterer til spennande føredrag, konsertkåseri, servering og ein kveldskonsert som vil setje gode sp...

Visste du biskop emeritus Solveig Fiske har ei fortid som budeie?Høyr kva ho fortel!"Eg er frå eit lite gardsbruk på Fre...
25/05/2025

Visste du biskop emeritus Solveig Fiske har ei fortid som budeie?
Høyr kva ho fortel!

"Eg er frå eit lite gardsbruk på Frei på Nordmøre. Vi vaks opp med stell av dyr og at det var naturleg å vera med i onnearbeidet. Den eine søstera mi og eg reiste etter at hesjinga var gjort heime og tok sommerjobb som onnejenter fleire år på rad. Vi var på Nerskogen i Rennebu, på Oppdal og Dalholen i Folldal. Sommaren 1976 var ei studievenninne og eg budeier på ei seter på Berkåk i Rennebu kommune. Ein fin sommar som styrka sjøltilliten på å handtere dyra og kunne arbeide sjølstendig".

Til Gåsøysymposiet 26. juli kjem ho med føredraget "Bibelens kvinner og andre sterke kvinner". Solveig Fiske (f. 1952) var biskop i Hamar bispedømme frå 2006 til 2022. Ho tok teologisk embetseksamen ved Det teologiske Menighetsfakultet i 1980 og praktisk-teologisk eksamen same stad i 1981. Frå 1982 var ho residerande kapellan i Elverum, frå 1994 sokneprest i Løten. Ho var leiar for Norsk kvinnelig teologforening frå 1998 til 2002, styreleiar i Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep frå 2004 til 2019 og styreleiar for Det praktisk-teologiske seminar i Oslo frå 2014 til 2016.

Billettar til dagprogrammet finn du her:
https://www.ticketmaster.no/event/2083512721

Billettar til kveldskonserten med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad finn du her:
https://www.ticketmaster.no/event/1471431828

Visste du at oboen historisk sett også har fungert som gjetarinstrument?I Italia brukte gjetarane eit blåseinstrument ka...
27/04/2025

Visste du at oboen historisk sett også har fungert som gjetarinstrument?

I Italia brukte gjetarane eit blåseinstrument kalla piffero, som høyrer til i skalmeiefamilien – ein forløpar til den moderne oboen. Pifferoen er utstyrt med eit dobbelt rørblad og har ein kraftig, gjennomtrengande klang som gjorde den veleigna til å bere lyden over store avstandar i det opne landskapet.

Til Gåsøysymposiet 26. juli kjem dei anerkjende musikarane David Friedemann Strunck og Steinar Granmo Nilsen med «Fjell-ljom – eit konsertkåseri med lur og lokk». Her får vi høyre fleire instrument i bruk og lære meir om den viktige rolla som dei gamle gjetarinstrumenta spela for seterlivet og bruken av utmarksbeita.

David Friedemann Strunck (f. 1974) er solooboist i Oslo Filharmoniske Orkester. Han er kunstnarisk leiar for Oslo Kammerakademi, som han grunnla i 2009. Ensemblet gjestar jamleg prestisjetunge festivalar og har sin eigen konsertserie i Universitetes Aula i Oslo. Han studerte ved musikkhøgskulane i Detmold og Stuttgart hjå Gernot Schmalfuß og Ingo Goritzki. David Friedemann Strunck er førsteamanuensis ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo, der han underviser i obo og kammermusikk. Han har, som solist og leiar, gjeve ut ei rekke innspelingar på LAWO CLassics som har fått særs gode omtalar.

Steinar Granmo Nilsen (f. 1970) er professor i horn og naturhorn ved Norges Musikkhøgskole. Han har tidlegare vore tilsett ei årrekke i Det Norske Blåseensemble i Halden og Forsvarets Stabsmusikkorps i Oslo. Han studerte ved Trøndelag Musikkonservatorium orkesterdiplomstudium ved Staatliche Hochschule für Musik Freiburg i Tyskland. Han avslutta studia sine ved Norges musikkhøgskole med hovudfag i kammermusikk. Granmo Nilsen sitt repertoar spenner frå barokk- til samtidsmusikk. Han er kammermusikar og solist med moderne så vel som historiske horn. Steinar har hatt speleoppdrag i fleire av dei leiande nordiske barokkorkestra og er fast medlem i Oslo Kammerakademi.

Med hytte på Holesetra i Nedre Svatsum er Gåsøya nærast å rekne som heimebane for David og Steinar. Vil du sikre deg billetar til dagprogrammet og oppleve to musikarar med internasjonalt renommé, trykker du på denne lenkja:
https://www.ticketmaster.no/event/2083512721

Billettane til kveldskonserten med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad finn du her: https://www.ticketmaster.no/event/1471431828

Lurer du på kva «Oppe fyrst og sist i seng» siktar til og kvifor det er overskrifta for Gåsøysymposiet 2025? Sitatet er ...
19/04/2025

Lurer du på kva «Oppe fyrst og sist i seng» siktar til og kvifor det er overskrifta for Gåsøysymposiet 2025?

Sitatet er henta frå diktet «Gamla» av Olav Aukrust. I 1985 gav historikaren Anna Jorunn Avdem ut boka «Oppe først og sist i seng» saman med Kari Melby. Boka handlar om husarbeid i Noreg frå 1850 og fram til moderne tid. Eit år tidlegare vart hovudoppgåva hennar gjeve ut som bok, med tittelen «Gjort kva gjerast skulle». I 2001 kom boka «Husmorparadiset», der ho skildrar glansåra for husmorrolla på 1950- og 1960-talet.

Avdem er fødd i Lesja i 1952 og busett i Lærdal, der ho har verka som lærar, museumslektor, varaordførar og forfattar. Når vi har invitert henne til å vere føredragshaldar på Gåsøysymposiet, er det budeia og kvinnene sitt arbeid på setra vi ønskjer å lære meir om. Dei som var "... oppe fyrst og sist i seng ...", som ysta ost og kinna smør og sørgde for at dyr og menneske vart sett og teke hand om på berekraftig vis.

Billettane til dagprogrammet kjøper du her:
https://www.ticketmaster.no/event/2083512721

Billettane til kveldskonserten kjøper du her:
https://www.ticketmaster.no/event/1471431828

Velkomen til Gåsøysymposiet på Klåpsetra i Øvre Svatsum laurdag 26. juli!Under overskrifta "Oppe fyrst og sist i seng" s...
17/04/2025

Velkomen til Gåsøysymposiet på Klåpsetra i Øvre Svatsum laurdag 26. juli!

Under overskrifta "Oppe fyrst og sist i seng" skal vi lære meir om seterkulturen og budeia sitt arbeid. Vi inviterer til spennande føredrag, konsertkåseri, servering og ein kveldskonsert som vil setje gode spor hjå tilhøyrarane.

Billettane til dagprogrammet kjøper du her (NB: maks 70 billettar!):
https://www.ticketmaster.no/event/2083512721

Billettane til kveldskonserten kjøper du her:
https://www.ticketmaster.no/event/1471431828

I tida framover vil aktørane og støtteseplarane våre bli presentert.

Vi håper å sjå deg. Velkomen til seters!

Helsing oss på Klåpe

Etter fleire års opphald har vi blitt oppfordra til å revilatisere Gåsøysymposiet og kulturverksemda på Klåpsetra i Øvre...
15/04/2025

Etter fleire års opphald har vi blitt oppfordra til å revilatisere Gåsøysymposiet og kulturverksemda på Klåpsetra i Øvre Svatsum. 4. desember 2024 vart norsk seterkultur ført inn på UNESCO si liste over global, immatriell kulturarv. Her kan de lese meir om det historiske vedtaket, som har inspirert oss til å lage ein seterdag litt utanom det vanlege:
https://unric.org/no/norsk-seterkultur-fores-inn-pa-unescos-liste-over-global-kulturarv/

Velkomen til Gåsøysymposiet laurdag 26. juli, med fokus på seterkulturen og budeia sitt arbeid gjennom heile dagen!

Skjærtorsdag, 17. april kl 12.00, slepper vi programmet og aktørlista og startar salet av billettar. Vi gler oss til å dele informasjonen med dykk her!

Den 4. desember ble norsk seterkultur offisielt skrevet inn på UNESCOs liste over immateriell kulturarv.

Adresse

Gardan 158
Vestre Gausdal
2657

Telefon

+4741213168

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Klaape Gard & Kulturformidling legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Klaape Gard & Kulturformidling:

Del