Get Together - Kvinnherad Gospel

Get Together - Kvinnherad Gospel Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Get Together - Kvinnherad Gospel, Choir, Klubbavikjo 9, Valen.

TUSEN TAKK! :-) Get Together - Kvinnherad Gospel ynskjer å takka alle som gjorde søndagens Gospelkonsert mulig!Takk til ...
02/10/2025

TUSEN TAKK! :-) Get Together - Kvinnherad Gospel ynskjer å takka
alle som gjorde søndagens Gospelkonsert mulig!

Takk til Grethe Svensen som var saman med oss heile helga og gav oss inspirasjon og sang-glede!

Takk til musikarane Bjarne Øymyr, Bjørn Moe, Christian Meaas Svendsen og Stig Klette, samt lydsjef Torbjørn Storegjerde! De er uvurderlege!

Takk til lokale sponsorar som ville støtte oss, og ei stor takk til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad for at de hadde tru på prosjektet!

Takk til deg som kom og høyrde på oss! Me håpar at du fekk ei inspirerande og oppløftanede musikalsk oppleving. Me prøvde i alle fall å gjere vårt beste!

Sist, men ikkje minst, TAKK til Gud som har gitt oss musikken, gleda og latteren. Takk for at du har sagt du vil gå med oss også dei dagane der me ikkje kjenner på glede og latter!

Tusen takk til Anette Kathenes i som har sendt oss nokre av blinkskudda ho tok under konserten vår på søndag!

"Konserten fekk stor fagnad. Gospel fengjer og mange spør: Kva kan vi venta meir av det nyskipa koret?" Her kan du lesa ...
30/09/2025

"Konserten fekk stor fagnad. Gospel fengjer og mange spør: Kva kan vi venta meir av det nyskipa koret?" Her kan du lesa kva nettstaden til Uskedal utvikling skriv om Gospelkonserten på søndag:

Konserten i kveld hadde med det meste av det vi tenkjer på med gospel – rytme, glede, klapp og rørsle. Det var imponerande kva dei 20 koristane har øvd inn på kort tid. Det som har utvikla seg til Kvinnherad gospel – Get Together starta forsiktig våren 2024 med øving annakvar tysdag i Vale...

Håpar mange fekk med seg GOSPELKONSERT i Valen kyrkje på søndag! Grenda rapporterte om "Fullsett kyrkje og gåsehud". Nå ...
30/09/2025

Håpar mange fekk med seg GOSPELKONSERT i Valen kyrkje på søndag! Grenda rapporterte om "Fullsett kyrkje og gåsehud". Nå kan DU verta med og synge i koret vårt! Veldig kjekt om du har lyst til å komme innom og sjekke ut om dette er noko for deg. :-) See you! :-)

Oppfordrer alle til å kjøpe Grenda i dag! Tusen takk for strålande dekning av konserten vår på søndag! Me er stolte, gla...
30/09/2025

Oppfordrer alle til å kjøpe Grenda i dag! Tusen takk for strålande dekning av konserten vår på søndag! Me er stolte, glade og takknemlege! :-)

Valen kyrkje var stappfull søndag kveld då gospelkoret Get Together hadde sin aller første konsert. Publikum fekk både kjende gospelklassikarar, solistprestasjonar som rørte – og ein gjesteopptreden som dirigenten hadde drøymt om i lang tid.

22/09/2025

Kvinnherad sitt eige gospelkor inviterer til konsert i Valen kyrkje søndag 28. september.

18/08/2025

Hei 🙂 Sommarferien over og det er klart for ein haust fylt med gospelsang. 🎶🎶 Gospelkoret Get Together inviterer nye og gamle medlemer til å vera med og synge. 25.-28. sept. er det klart for GOSPELHELG i Valen kyrkje som vert avslutta med konsert på søndagen.
Men før det blir det øving kvar tysdag kl. 19.00 😊 Første øving er nå på tysdag, 19.aug. i Valen kyrkje.
Håpar du har lyst å bli med å synga! ☺️

Hei! - Dersom nokon i koret, eller andre, vil hjelpa oss med litt PR, så kan de stikke innom kyrkjekontoret på Valen og ...
25/07/2025

Hei! - Dersom nokon i koret, eller andre, vil hjelpa oss med litt PR, så kan de stikke innom kyrkjekontoret på Valen og hente plakatar og flygesedlar som de kan bruke visst de vil invitera folk med på GOSPELHELGa siste helga i september. Gjer gjerne avtale på tlf 90 53 19 10 i forkant, så slepp du bomtur. :-)

Adresse

Klubbavikjo 9
Valen
5451

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Get Together - Kvinnherad Gospel legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Get Together - Kvinnherad Gospel:

Del

Type