Fransk Salong

Fransk Salong I Paris på 1700-talet var «Salongane» møtestad for samfunnsinteresserte. Her diskuterte ein livleg ulike syn på kunst, politikk og motstand mot slaveriet.

No blir salongen som debattarena teke opp att på Stord, med stor takhøgde som kjenneteikn.

Mykje kjekt på programmet under Berekraftvekene på Stord🌳🍀
06/02/2026

Mykje kjekt på programmet under Berekraftvekene på Stord🌳🍀

29/01/2026
Ta turen på Stord Kyrkjeakademi 17. mars!
20/01/2026

Ta turen på Stord Kyrkjeakademi 17. mars!

TRU, HÅP OG LIVSMOT.
Tida vår er prega av fæle krigshandlingar, terror, mykje uro og uvisse. Mange strevar med å finna eit fotfeste for orienteringa og livet sitt i desse utfordrande tidene.
Så kva skal trua vera mot dette vanskelege bakteppet?
Kari Veiteberg tek oss med inn i si verd av tru og von, i alle dei små og store uttrykka for trua, og ikkje minst korleis dette kan lyfta oss opp i kvardagen og inn i livet.

Kari Veiteberg vil vera vel kjend for dei fleste på Stord: Bymisjonsprest, biskop i Oslo, forfattar, aktivist – og oppvaksen på Rommetveit.
På Stord Folkebibliotek kl 18.30.merk tida
Det vert høve til spørsmål og ordskifte.

Inngongspengar: 150 kroner
Billettar kan kjøpast med Vipps eller kontant.

10/01/2026

Kjent frå NRK serien «Der ingen skulle tru..»; Ben gjekk frå sitt gamle liv i England for å jage ein draum, men utfordringane sto i kø på fjellgarden Kroken.

Kvar stein, kvar stokk og kvar storm sette ham på prøve, både fysisk og mentalt. Han trudde at han skulle sette garden i stand – men det var han sjølv som trengte reparasjon. Vegen har blitt rydda gong på gong, garden er restaurert og nye hus bygde. Kroken er eit bevis på at alt er mogleg når du nektar å gje opp.

Kom og høyr historia om Ben, som skapa eit nytt liv på ein veglaus fjellgard i Sogn. Nokon draumar er verdt å kjempe for – eit liv vekke frå byen og i pakt med naturen kan bli til verkelegheit.

Foredraget er på Engelsk.
Han vitjar Hordaland:

ons.11.feb-kl. 19.30 Ljosheim i Eksingedalen
tor.12.feb- kl.18.00 Lonevåg bibliotek Folkeakademiet Osterøy
fre. 13.feb- kl. 18.00 Stord bibliotek Folkeakademiet Stord
lør. 14.feb - Straume kl. 13.00 Øygarden innbyggartorg og bibliotek Folkeakademiet VEST
søn.15.feb -kl. 14.30 Manger kommunehus.

Velkommen til markeringa av Yemane-dagen og opning av fotoutstilling i Stord Kulturhus kl 17:00. Bilder av Awa Rahimpour...
08/01/2026

Velkommen til markeringa av Yemane-dagen og opning av fotoutstilling i Stord Kulturhus kl 17:00.

Bilder av Awa Rahimpour og urframføring av songen In the Shadow of Nobel, av Cecilie Anna som er laga til Zahra.

Etterpå blir det program på Stord bibliotek i regi av Norsk Folkehjelp Sunnhordland.

Om du ønsker støtta Zahra si sak så kan du vippsa til Awa United; #784095. Pengane går til advokathjelp for Zahra.

La oss vera med å gje ho og andre papirlause håp for at 2026 kan bli eit betre år ❤.

Adresse

Torgbakken 7
Stord Island
5411

Telefon

+4747316977

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fransk Salong legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fransk Salong:

Del